Velkomen til SFO

Er du ny søkjar på SFO? Då har du kanskje spørsmål om kva SFO er, og kva me gjer på SFO. Her er litt informasjon om skulefritidsordninga på skulen vår.

I Stord kommune sine vedtekter står det følgjande om føremålet med ordninga:

«Skulefritidsordning (SFO) er eit inkluderande omsorgs- og fritidstilbod for elevar på 1.-4. trinn i grunnskulen. I tillegg gjeld ordninga også for elevar med særskilte behov på 5.-7. trinn. Tilbodet vert gitt utanom den obligatoriske skuledagen. Innhald og aktivitet skal utformast i samarbeid med barna og dei føresette og ha hovudvekt på leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå barna. SFO kan og ha ei læringsstøttande rolle. Barn med særskilte behov skal gjevast gode utviklingsvilkår».

Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) i Stord kommune, Kunnskapsløftet 2020, opplæringslova, og Rammeplan for skulefritidsordninga (SFO) ligg til grunn for organisering og planlegging ved Langeland skulefritidsordning (SFO). Årsplanen til Langeland skulefritidsordning (SFO) synleggjer arbeidet vårt med å omsetja verdigrunnlaget og innhaldet i rammeplanen til praksis.

På Langeland SFO skal barna få omsorg og tilsyn, og alle skal kjenna seg trygge. SFO skal vera ein vennskaps-arena der band vert knytt, og alle kjenner seg inkludert. På første trinn legg me særskild vekt på overgangen barnehage-skule-SFO. Dersom nokre barn opplever denne overgangen utfordrande, ynskjer me å vera der for barnet. Me ynskjer å trøysta, finna leikelag og tryggja barnet på at det går bra. Skuleåret 2022/2023 har me 93 barn på SFO. Desse er aldersinndelt i tre grupper, og gruppene har eigne klasserom.

Leiken står sentralt på SFO. Me synest leiken er veldig viktig, fordi i leiken lærer barna å ta omsyn til kvarandre, ta andre sitt perspektiv og å gå inn i roller. Dei utviklar fantasi, kreativitet og skaparevne, og dei lærer å fungera sosialt saman med andre barn. Me vaksne som jobbar på SFO er opptekne av å gi god tid til den frie leiken, og at alle barna skal få delta i leik. Ingen skal haldast utanfor.

Samtidig som me er oppteken av den frie leiken, ynskjer me å tilby tilrettelagte aktivitetar på SFO, men barna vel i stor grad sjølv om dei vil delta på desse aktivitetane. Døme på aktivitetar me tilbyr er t.d. formingsaktivitetar, konstruksjonsleik, regelleik, leik i gymsalen og turar.

Dagsrytmen er samling med namneopprop, måltid og tilrettelagte aktivitetar/frileik.