FAU

Langeland skule har eit aktivt og engasjert foreldreutval.

§ 11-4. Foreldreråd ved grunnskolar

På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Representantar 2022- 2023:

Leiar: Mona Nilsen (2 år)

Nestleiar: Lune Stokken (1 år)

Skrivar: Hanne Halsebakke (1 år)

Samarbeidsutvalet

Opplæringslova §11-1

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

Referat SU-møte Langeland skule 23.mai 2022 PDF document ODT document

Representatar

Frå lærarane:
Trond Sandvik. Hildegunn  Solheim (vara),
Synnøve S. Koløen (vara)

Frå elevråd:

Leiar og nestleiar:

Frå andre tilsette:
Kari Yttredal

Frå arbeidsutval for foreldre:
Fau-leiar og nestleiar

Frå utval for oppvekst og kultur:
Tore Hatlevik

Fast medlem:
Anita Eriksen

Skulemiljøutvalet

Medlemmer i utvalet

For lærarane:
Trond Sandvik, Hildegunn  Solheim (vara),
Synnøve S. Koløen

Frå elevrådet:
Leiar
​Nestleiar (vara)

​Frå andre tilsette:
Kari Yttredal,
Berly Lilianne Turøy (vara)

​Frå arbeidsutval for foreldreråd
​FAU leiar
2.rep i SU
1.vara i SU
2.vara i SU

​Frå kommite for oppvekst og utdanning:
​Tore Hatlevik

Fast medlem:
Anita Eriksen (rektor)

 

Elevane sitt arbeidsmiljø (kap. 9a)

Alle elevar har ei lovfesta rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø.

Vedtektene slår fast at ”alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring”. Loven skal sikre elevane sin rett til eit godt læringsmiljø og den styrkar foreldra og elevar sin rett til å klage. Samtidig har skolen fått tydelegare plikter, særlig når det gjeld det psykososiale miljøet. Arbeidsmiljøloven er ein del av Opplæringslova
 

§ 9a-2. Det fysiske miljøet

Skolane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.
Det fysiske miljøet i skolen skal vere i samsvar med dei faglege normene som fagmyndigheitene til kvar tid anbefaler. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå desse normene, må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel har tilfredsstillande verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane.
Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har funksjonshemmingar.
Dersom ein elev, forelder eller eit av råda eller utvala ved skolen ber om tiltak for å rette på fysiske miljøtilhøve, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.

§ 9a-3. Det psykososiale miljøet

Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.
Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga. Dersom det er nødvendig og mogleg skal dei sjølv gripe direkte inn.
Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.