Kommunevåpenet til Stord vart godkjend ved kongeleg resolusjon 19.06.87, med definisjonen:
“På raud grunn ein gull kristtornkvist. Flagget skal vera: på raud grunn ein gul kristtornkvist. ”
Kristtorn planta er vanleg på øya og er eit kjennemerke for kommunen.
Kommunevåpenet er teikna av Truls Nygård (heraldisk teiknar) i 1987.
Namnet Stord kan koma av det gamalnorske “sturdo” eller “stirdi” som tyder høg eller stiv. Det kan og koma av eit ord som tyder fruktbar jord. Her er rik vegetasjon og høge fjell og såleis naturleg grunnlag for begge tydingar.
Namnet Kristtorn går i dansk botanisk litteratur tilbake til 1684.
Her kan du lesa meir om korleis våpenet vart til og vedtaket (pdf)
Kommunevåpen og -flagg
Kommunevåpenet og -flagget blei vedteke av kommunestyret i 1987. Næringsrik grunn og gunstig klima gjer at det veks vill kristtorn på Stordøy. Stord kommune profilerer seg difor som «kristtornbyen».
Stord kommune har eigedomsretten til kommunevåpenet og –flagget. Bruken er verna av:
Stord kommunes sitt merke blir nytta av kommunale etatar og tenestepersonar i samband med kommunale gjeremål.
Det er ikkje noko til hinder for at kommunemerket blir gjeve att eller kopiert ved t.d. teikning, måling, gravering, brodering osv. når føremålet er dekorasjon, undervisning e.l. Merket må så langt råd er gjevast att i riktig form. Det er likevel ikkje tillate å nytta merket på varer som skal seljast eller på forretningsskilt eller i lysingar frå private.
Ei attgjeving av kommunemerket må ikkje nyttast på ein slik måte at med urette kan gjeva inntrykk av at vedkommande som nyttar merket har noko kommunal stilling eller er knytt til kommunen på annan måte.
Ordføraren kan i særleg høve dispensera frå reglane.
Flagging
Kommunestyret vedtok i møte den 20.02.2025 nytt flaggreglement for Stord kommune. Flaggreglementet fastset kva dagar det skal flaggast i regi av Stord kommune, kvar det skal flaggast og kva flagg som skal nyttast:
Flaggreglement for Stord kommune.docx
Stord kommune flaggar med nasjonalflagget frå taket av rådhuset og fire flaggstenger framfor kulturhuset på alle nasjonale flaggdagar:
1. januar | 1. nyttårsdag |
---|---|
21. januar | H.K.H. prinsesse Ingrid Alexandras sin bursdag |
6. februar | Samefolkets dag |
21. februar | H.M. kong Harald V sin bursdag |
1. mai | Offentleg høgtidsdag |
8. mai | Frigjeringsdagen 1945 |
17. mai | Grunnlovsdagen |
7. juni | Unionsoppløysinga 1905 |
4. juli | H.M. dronning Sonja sin bursdag |
20. juli | H.K.H. kronprins Haakon Magnus sin bursdag |
29. juli | Olsokdagen |
19. august | H.K.H. kronprinsesse Mette-Marit sin bursdag |
25. desember | 1. juledag |
Bevegeleg | 1. påskedag |
Bevegeleg | 1. pinsedag |
På dagen for Stortingsval blir det i tillegg flagga med nasjonalflagget utanfor kvart røystelokale, og det blir flagga etter oppmoding frå statlege myndigheiter ved fest eller sorg i landet, og i samband med besøk frå Kongehuset.
Stord kommune flaggar med nasjonalflagget frå taket av rådhuset og fire flaggstenger framfor kulturhuset på desse lokal flaggdagane:
8. mars | Kvinnedagen |
---|---|
23. mars | Nordens dag |
På dagen for kommuneval blir det i tillegg flagga med nasjonalflagget utanfor kvart røystelokale. Ved arrangement og markeringar kan nasjonal- og/eller kommuneflagget bli heist flagg på kommunen sine flaggstenger.
Flagging på og ved andre offentlege kommunale bygg, eigedomar og kommunale institusjonar:
Ved andre offentlege kommunale bygg, eigedomar og kommunale institusjonar kan det flaggast på nasjonale- og lokale flaggdagar, i samband med arrangment, markeringar eller merkedagar av allmen interesse. Det kan også flaggast ved markeringar som til dømes jubileum, skulestart eller dødsfall/gravferd til bebuarar, tilsette eller andre som har tilknyting til bygget.
Stord kommune sitt flaggreglemet er heimla i følgjande lov og forskrift:
Lov om flagging på kommunens offentlege bygningar og flaggforskrifta sine reglar om offentlege flaggdagar og -tider.