Stord kommunale eigedom har fleire bustader til leige. Dette er omsorgsbustader, bustader øyremerka flyktningar, bustader med heildøgn omsorg og vanlege utleigebustader.

Merk at det å bu i kommunal bustad ikkje automatisk inkluderer vaktmeistertenester. Personar som leiger kommunale bustader må sjølv halde bustad innvendig og tilhøyrande uteområde (plen og blomebed). 

Bebuar må sjølv halde innkøyrsel frå offentleg veg fram til inngangsdør fri for snø. Her vert ikkje brøytt eller lagt ut strøsand om vinteren. 

Det er forbode å røyke inne i kommunale utleigebustader. 

 

Søkja om kommunal bustad

Søknad vert handsama av bustadkonsulenten hjå bustadkontoret i rådhuset.

For å leige bustad må ein søkje skriftleg og dokumentere at ein tilfredstiller krava for å få kommunal bustad. Søknadsskjema finn du nedafor.

Dersom ein vil søkje plass på Knutsaåsen omsorgssenter HDO eller Backertunet HDO, må ein henvende seg til tildelingskontoret på rådhuset.

Fleire av dei kommunale utleigebustadane ligg plassert i burettslag. Det er ofte mogleg å kjøpe bustaden ein leiger kommunalt i burettslag. For spørsmål om kjøp, kontakt eigedomsforvaltar.