Hovudkontoret er definert som rådhuset, og einingane elles er anten definert saman med andre i same lokasjon, eller som einskild eining.

Stord kommune skal aktivt arbeida for å fremja miljøvenlege tiltak med mål om lågast mogleg påverknad på ytre miljø. Som sertifisert Miljøfyrtårn oppfyller alle einingar i kommunen kriterier fastsett av stiftinga Miljøfyrtårn og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø.

Heilt sidan 2001 har Stord Folkebibliotek vore sertifisert som miljøfyrtårn. Dei var verksemd nummer 282 i Noreg som mottok det synlege sertifikatet. I 2017 vart Stord kommune for første gong sertifisert etter hovudkontormodellen, og Stord rådhus er definert som hovudkontor. Seinast i februar 2024 vart kommunen re-sertifisert for andre gong.

Per 2024 har kommunen fleire einingar som er sertifisert. Rådhuset har funksjon som hovudkontor, og elles er dei fem kommunale barnehagane, Eining for kultur, Stord sjukeheim, Tekniske tenester v/avd Eigedom, Eining for aktivitet og rehabilitering, IKT-eininga, Sagvåg skule, Tjødnalio skule, Stord ungdomsskule, Litlabø skule og Langeland skule godkjend. 

Kommunen har som målsetting at alle einingar skal vera sertifisert som miljøfyrtårn. 

Områder det vert gjort miljøtiltak i:

  • Innkjøp
  • Arbeidsmiljø
  • Transport
  • Avfall
  • Energi

I vårt overordna HMT-system, kan du lese meir om kva Stord kommune gjer innan dei ulike områda. 

Dei skal sertifiserast gjennom anten fysisk eller fjern sertifisering, og kommunen har inngått avtale med godkjend sertifisør.