Å bli sertifisert på ny inneber at både hovudkontor (rådhuset) og undereiningar må gjennomgå og dokumentera at sertifiseringskriteriane framleis er oppfylt. Stord kommune har vert miljøfyrtårn sidan 2017.

Eg er utruleg stolt over å jobba i ei verksemd som kan dokumentera miljøinnsatsen sin, og som tydeleg viser samfunnsansvar. Miljøfyrtårn-sertifiseringa er eit viktig verktøy for å møta utfordringane, samt gripe moglegheitane i eit samfunn og arbeidsliv i rask endring. Det er lagt ned utruleg mykje godt arbeid i heile organisasjonen over fleire år, som det blir spanande å følgje vidare, seier HMT leiar Malin Hamnes. 

Einingar som er miljøfyrtårn

Stord rådhus (hovudkontor) med undereiningane

  • Eining for aktivitet og rehabilitering
  • Eining for kultur
  • Furuly barnehage
  • IKT-eininga
  • Langeland skule
  • Litlabø skule
  • Sagvåg barnehage, avd Nysæter
  • Sagvåg barnehage, avd Tjødnalio
  • Sagvåg skule
  • Skogatufto barnehage
  • Stord sjukeheim
  • Stord ungdomsskule
  • Tekniske tenester avd Eigedom
  • Tjødnalio skule
  • Trodlahaugen barnehage