Følgjande mottok diplom i kommunestyret 22.02.24:

  • Litlabø skule ved verneombod Sissel Karin Fossøy, Odin Carlsen og Ørjan E. Slettevåg frå elevrådet, og rektor Hege Rogne.
  • Tjødnalio skule ved rektor Kristine Vikanes og Fredrikke Borgenvik Granberg frå elevrådet .
  • Stord ungdomsskule ved rektor Rune Valvatne Ask og verneombod Wenche Mc Donnell.
  • Langeland skule ved Vilde Næs Gjerstad, Eldana Daniel Beyene og Sofia Myhre Onarheim frå elevrådet, og avdelingsleiar Marit Stalheim Grimstad.
  • Polaris Trykk Sunnhordland ved trykkerisjef Morten Tislevoll.

Om sertifiseringa

Miljøfyrtårnsertifisering inneber at verksemdene har ein miljøstandard og rutinar som er i samsvar med krava. Verksemda kan dermed dokumentera at strenge krav innan tema som: 

  • arbeidsmiljø
  • innkjøp
  • energi
  • transport
  • avfall
  • utslepp
  • estetikk

Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning drive av stiftinga Miljøfyrtårn. Målet er at verksemdene skal drive lønsamt og miljøvenleg. Ordninga vert støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.  

Vil du vita meir?

Vil du vite meir om miljøfyrtårn, eller kanskje di verksemd ynskjer sertifisering? Sjå meir informasjon om miljøfyrtårn og sertifisering på Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no) eller ta kontakt med Stord kommune sin sertifisør Marlene Sørli på e-post: malsor@fitjar.kommune.no