Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats for å fremme aktivitet, deltaking og inkludering for barn og unge med ulike utfordringar i kvardagslivet. Barn og unge utviklar seg og lærer gjennom leik og aktivitet i samspel med sine fysiske og sosiale omgjevnader.

Mange blir hindra i å delta i leik og fritidsaktivitetar i barnehage, skule og nærmiljø fordi dei ikkje meistrar dei krav og forventningar som blir stilt til dei. Tidleg innsats er viktig for å sikre ei god utvikling, og det krev tett tverrfagleg samarbeid. Oppfølginga kan vera i barnehagen, på skulen og i heimen for barnet som opplev aktivitetsvanskar.

Korleis søkje

Dersom du har teneste frå før kan du sende ein beskjed eller melding via Helsenorge.no.  

 

  • Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
  • Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar. 

Tilsette

Bente Bjelland 
Tlf. 41 18 19 01
E-post: bente.bjelland@stord.kommune.no

Avdelingsleiar

Ergoterapeut for barn

Anna Elisabeth Lundal
E-post: anna.elisabeth.lundal@stord.kommune.no

Ergoterapeut for barn

Kven kan få hjelp?

  • Barn og unge under 18 år som på grunn av nedsett funksjonsevne har vanskar med å leike og utføra kvardagslige aktivitetar, eller står i fare for å få slike vanskar.  
  • Barn som har lettare motoriske vanskar, forsinka grovmotorisk utvikling, eller forsinka finmotorisk utvikling, til dømes skrivevanskar?
  • Barn med meir alvorlige utviklingsforstyrrelsar.  
  • Barn utsatt for skade eller sjukdom.  
  • Barn med kroniske lidinga, til dømes nevrologiske, revmatiske og ortopediske sykdommer, psykiske vansker eller hjerte- og lungeproblematikk. ME, ADHD, autisme, CP mfl.

Kva kan ergoterapeutane bistå med?

Ergoterapeutane kan bistå med:

  • Råd og veiledning når det gjelder bustadar og tekniske hjelpemidler
  • Funksjonsvurdering
  • Tilbyr målretta tiltak og trening i ein avgrensa periode.
  • Me hjelper til med tilrettelegging av aktivitet og leik herunder utprøving, formidling, søknad og tilpassing av hjelpemiddel. 

Prioriteringsnøkkel

 

Besøkstid

Eining for aktivitet og re/habilitering har innført at besøkjande til Stord kommunale rehabiliteringssenter må ha avtale med tenesteytar.

  • Har du ein beskjed eller melding som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte Helsenorge.no.  

  • ​Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via Fellestenester på telefon 53 49 66 00.

  • Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver