Lån av hjelpemiddel frå Kommunalt hjelpemiddellager
Ved kortvarig behov for hjelpemiddel som td rullestol, toalettstol/dusjstol, rullator, støttestang, toalettforhøgar m.m tek du kontakt med Fellestenester på tlf 53 49 66 00.
Du kan og formidle behov for hjelpemiddel via tenester du allereie mottar, td Heimebaserte tenester.
Du kan og søke via
Hjelpemiddel klargjort til utlån kan hentast alle vekedagar mellom kl 08.00 og 15.00 i utleveringsrom i 1.etg. på Rehabiliteringssenteret, følg skilt til eige rom for utleveringsklare hjelpemiddel. Dersom du ikkje finn hjelpemiddelet du skal hente: ta kontakt med Kommunalt hjelpemiddellager på tlf 481 22 195 måndag, onsdag og fredag mellom kl 08.00-12.00 eller Fellestenester på tlf 53 49 66 00.
Me oppmodar alle som låner hjelpemiddel til å hente sjølv (evt pårørande eller andre i nettverket). Dersom du ikkje kan hente eller levere hjelpemiddelet, kan det avtalast transport.
Lån av hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral
Alle som har varig behov (over 2 år) for hjelpemiddel kan søkje om å låne frå NAV Hjelpemiddelsentral .
Dei heimebaserte tenestene, fysio- og ergoterapitenesta, kommunale institusjonar og bustadar kan bistå i vurdering av behov og i søknadsprosessen.
Hjelpemiddel frå NAV blir levert til felles utleveringsstad i Stord Kommunale Rehabiliteringssenter. Du vil få melding om at hjelpemiddel er kome. Me oppmodar til å hente hjelpemiddel sjølv.
Ved behov for utkøyring vil den som har bistått med søknaden avtale utkøyring med deg.
Innlevering av hjelpemiddel
Når du ikkje har behov for hjelpemiddelet skal det leverast attende så snart som mogleg. Hjelpemiddel skal leverast i 1 etg. på rehabiliteringssenteret, følg skilt til merka sone for innlevering.
Hjelpemiddelet skal reingjerast før innlevering.
Nokre hjelpmiddel består av fleire delar. Hugs å få med alle delar.
Følg instruks på oppslag ved innleveringssona for rett merking av hjelpemiddelet.
Dersom du eller pårørande ikkje har anledning til å levere tilbake hjelpemiddel kan det avtalast transport ved å ta kontakt med Kommunalt hjelpemiddellager på telefon 48 12 21 95 måndag, onsdag og fredag mellom kl 08.00-12.00 eller Fellestenester på telefon 53 49 66 00.
Eigenbetaling ved lån og transport av hjelpemiddel
Lån og transport av hjelpemiddel frå Kommunalt hjelpemiddellager vert fakturert etter gjeldande satsar i Kommunale avgifter og gebyr.
EIGENBETALING | FRITAK |
---|---|
Lån av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager inntil 2 år |
|
Serviceoppdrag som montering/demontering vert fakturert per påbyrja time
Serviceoppdrag ved flytting mellom heim og kommunal bustad eller institusjon vert fakturert for 2 timar
|
|
Transport av kommunale hjelpemiddel |
|
Kjøp av handtak (stykkpris)
Montering av handtak vert fakturert per time
|
|
Småhjelpemiddel som strømpepåtrekkar, gripetang, krykker m.m
Mindre hjelpemiddel som strømpepåtrekkar, gripetang, krykker og forhøgningsklossar til seng/stol må du kjøpe sjølv. Apotek, helsebutikkar, nettbutikkar og butikkar med større utval td Sparkjøp sel ulike småhjelpemiddel.