Etablererprøven for dagleg leiar av serveringsstad
Kr 400,-
Må betalast før du tek prøva.
Kr 400,-
Må betalast før du tek prøva.
Kr 400,-
Må betalast før du tek prøva.
Minstegebyret og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg og samsvarer til ei kvar tid med gjeldande satsar i alkoholforskrifta § 6-2. Per 1.1.23:
0,23 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 1
0,65 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 2
Minstegebyret og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg og samsvarer til ei kvar tid med gjeldande satsar i alkoholforskrifta § 6-2. Per 1.1.23:
0,54 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 1
1,41 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 2
4,65 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 3
Kommunestyret har vedteke følgjande gebyrsatsar for skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope arrangement):
Kr 420,- per løyve.
Det er ingen gebyr for søknad om serveringsløyve.
3 dagar pr. veke: kr 2 105
5 dagar pr. veke: kr 3 000 per månad
Stord kommune tilbyr berre plassar 3 og 5 dagar i veka.
Søskenmoderasjon vert rekna ut etter kva plasstype det enkelte barn har. Han vert berekna slik:
For å få moderasjon må søsken må bu i same hushald.
Feieavgift og tilsyn per hus per år (maks 2 piper): Kr 673
Feieavgift og tilsyn per fritidsbustad, per år: 673
Feieavgift: Kr 1 171,50
Anna arbeid/feiing etter medgått tid: Kr 912,50 per time.
Sakshandsaming og tilsyn fyrverkeri kr 2 500
Fornying av løyve til sal av fyrverkeri kr 1 250
Handsamingsgebyr kr 2 449
Kontroll for gravearbeid inntil 10 m2 kr 646
Tillegg arbeid kontroll for gravearbeid større enn 10 m2 kr 66 pr m2
Forfall av vegen kr 66 pr m2
Gebyr som skal dekka forfall av vegen vert ikkje kravd der det vert lagd nytt vegdekke i full breidde, til dømes på fortau og veg store gravearbeid.
Kommunen kan krevje å få dekt dei utgiftene ein har i samband med handsaming og oppfølging av gravearbeidet, dette inkluderer også garantisynfaringar. Størrelsen på gebyr vert fastlagt av kommunestyret.
Meirverdiavgift kjem i tillegg.
Eigedomsgebyr frå 1. juli 2022 finn du her
Årsgebyr for vassforsyning og avløpshandtering er todelt:
Årleg abonnementsgebyr (kr/år) | Eining / tal | Vatn | Avlaup |
---|---|---|---|
Bustadeigedom og fritidsbustad | per bueining | 4 375 | 5 004 |
Nærings-, kombinasjons- og landbrukseigedom: | |||
Kategori 1 (0-300 m3) | 1 | 4 375 | 5 004 |
Kategori 2 (301 - 1000m3) | 3 | 13 125 | 15 012 |
Kategori 3 (1001-3000 m3) | 6 | 26 250 | 30 024 |
Kategori 4 (3001-6000 m3) | 12 | 52 500 | 60 048 |
Kategori 5 (6001-20 000 m3) | 24 | 105 000 | 120 096 |
Kategori 6 (20 001-50 000 m3) | 50 | 218 750 | 250 200 |
Kategori 7 (50 001-150 000 m3) | 100 | 437 500 | 500 400 |
Kategori 8 (150 001-500 000 m3) | 150 | 656 250 | 750 600 |
Kategori 9 (500 001-1 000 000 m3) | 300 | 1 312 500 | 1 501 200 |
Bygning der fleire eigedomar deler vassmålar | per brukseining | 4 375 | 5 004 |
Tilknytingsgebyr er et eingongsgebyr som skal betalast for tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg. Gebyret skal betalast ved tilknyting av:
For bustadar skal eingongsgebyret for tilknyting utgjere eit fast beløp per bueining.
For næringseigedom skal eingongsgebyret for tilknyting utgjere eit fast beløp per brukseining. Kombinasjonseigedom skal betale gebyr for kvar del etter reglane over.
Tilknytingsgebyret skal være betalt før tilknyting.
Tilknytingsgebyr (kr) | Eining/tal | Vatn | Avlaup |
---|---|---|---|
Bustadeigedom og fritidsbustader | per bueining | 25 000 | 25 000 |
Næringseigedom | per brukseining | 25 000 | 25 000 |
Gebyrreduksjon i årsgebyret i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag: årsgebyret reduserast med 0,3 % per påbegynte døgn utover det første døgnet.
Oppmøtegebyr for avlesing av vassmålar: dersom abonnenten unnlét å foreta ei avlesing i tråd med lokal forskrift og kommunen må foreta avlesinga: kr 1.250 per gong per vassmålar.
Gebyr for avstenging og påsetting av vassforsyninga: dersom kommunen føretek avstenging eller påsetting: kr 2.500 per gong per eigedom.
Type bustad / tank | Tankstorleik | Årsgebyr 2023 (eks mva) | Årsgebyr 2023 (inkl mva) |
---|---|---|---|
Heilårsbustad (tøming annakvart år) | 0 - 4,0 m3 | 661 | 826 |
4,1 - 9,5 m3 | 792 | 990 | |
9,6 - 16,5 m3 | 1 845 | 2 306 | |
Fellestank uavhengig av volum, gebyr per husstand | 462 | 578 | |
Slam, årleg tøming | 0 - 4,0 m3 | 1 359 | 1 699 |
4,1 - 9,5 m3 | 2 642 | 3 303 | |
Felles tank, årleg tøming, pr husstand | 925 | 1 156 | |
Hytte/fritidshus (tøming kvart 4. år) | 340 | 425 | |
Felles tank fritid uavh. av volum pr. eining | 231 | 289 |
Minireinseanlegg skal ha tøming kvart år.
Ekstra tømming/tilleggsarbeid vert fakturert direkte frå SIM.
Betalingssatsar for slamtømming av fellestank og tankar med større volum finn du her (Sim)
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er skipa for å ivareta innhentinga og avfallsdeponeringa i distriktet. Alle husstandar skal sortera avfallet i bioavfall, papiravfall og restavfall. Føremålet med kjeldesortering er å ta vare på ressursane i avfallet, og unngå miljøulemper på fyllplassen. Alle bustader skal sortera avfallet i fem grupper:
• Bio-avfall (brunt lok)
• Papiravfall (blått lok)
• Restavfall (svart lok)
• Glas og metallavfall (Ny dunk; oransje lok)
• Plastemballasje (eigen sekk)
Standardløysing for bustad:
Totalt for husstand som vel standardløysing er kr 3 641 inkl. mva.
Kontrakt om heimekompostering gjev reduksjon i avgifta på kr 569 (inkl. mva)
Sekkerenovasjon/fritaksdunk etter søknad: Kr. 1 586 (inkl. mva. Abonnementsgebyr kjem i tillegg.)
Fritak kjeldesortering: Det kan søkjast om fritak for kjeldesortering ved spesielle tilhøve, t.d. sjukdom/funksjonshemming. Det kan då gjevast løyve til å levera usortert avfall, med innlevering kvar 14. dag.
Betalingssatsar for andre renovasjonsløysingar finn du på SIM sine nettsider
Ekstrasekk for restavfall kan kjøpast i rådhuset for kr. 60 per stk (inkl. tømingsavgift og mva)
Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 540 000 pr. godkjent bueining.
Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 3,6 ‰, og for ubygde tomter og næring på 6,5 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.
Gebyr for sakshandsaming, administrasjon og kontroll i samband med gravearbeid i kommunal veg eller eigedom j.m. side 19 i Retningslinjer for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg i Stord kommune.
Gebyra er som følgjer:
Gebyr som skal dekke forfall av vegen vert ikkje kravd der det er lagd nytt vegdekke i full bredd, til dømes på fortau og veg store gravearbeid.
Prisar for festeavgift finn du på Stord kyrkjelege fellesråd si nettside
Avgiftsregulativet byggjer på Lov om hamner og farvatn. Prisane er eksklusiv meirverdigavgift.
Norskregistrerte farty skal betala meirverdigavgift. Hamneavgifter er i samsvar med lov om hamner og farvatn m.m. av 17. april 2009 nr. 19.
Storleik på båten | Månad | Kvartal | År |
---|---|---|---|
Ungdom under 18 år. Leigekontrakt må signerast | kr 200 | ||
Under 20 fot | kr 1 445 | kr 5 780 | |
F.o.m. 21 til 25 fot | kr 1 925 | kr 7 700 | |
F.o.m. 26 til 30 fot | kr 2 500 | kr 10 000 | |
Over 30 fot (pr. fot) | kr 130 | kr 520 |
Båt opptil 40 fot kr 290 per overnatting
Båt over 40 for kr 440 per overnatting
Bruk av serviceanlegget og tilkopling til straum er inkludert i kaiavgifta. Betaling på app. Utanom sesongen kan serviceanlegget opnast etter avtale.
Hamnestellet opnar for vinterlagring av fritidsbåtar i gjestehamna i Leirvik etter sumarsesongen og fram til påske påfølgande år.
Båtar opp til 20 fot | kr 650 pr. mnd. |
---|---|
Båtar frå 20 til 25 fot | kr 800 pr. mnd. |
Båtar frå 25 til 30 fot | kr 975 pr. mnd. |
Båtar frå 30 til 40 fot | kr 1 300 pr. mnd. |
Båtar frå 40 til 50 fot | kr 1 650 pr. mnd. |
Båtar frå 50 til 70 fot | kr 1 950 pr. mnd. |
Båtar over 70 fot | etter avtale. |
Straumprisar og vederlag for bruk av hamn sine anlegg og landstraumcontainerar:
Prisane er eksklusiv mva. Det er høve å inngå nærare spesifisert avtale om levering av straum med hamnestellet.
Offentleg bading vaksne | kr 104 |
---|---|
Offentleg bading barn | kr 52 |
Familie (2 vaksne og 2 born eller 1 vaksen og 3 born) | kr 207 |
Terapi | kr 107 per time |
Leige i vekedagar | kr 574 per time |
Leige i helg | kr 680 per time |
Dagtilbod for personar med demenssjukdom per dag | kr 192 |
---|---|
Ambulerande dagaktivitetstilbod eksklusive måltid | kr 88 |
Dagrehabilitering inklusive måltid per dag | kr 153 |
Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap – mat pr. mnd. | kr 4 454 |
Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap – vask av tøy pr. mnd. | kr 1 075 |
Korttidsopphald/rehabiliteringsopphald per døgn etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald | kr 180* |
Langtidsopphald | 75 prosent av grunnpensjon og 85 prosent av andre inntekter |
*satsen vil verte justert i januar 2023, etter nytt rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet. Justeringane finn de på Stord kommune si nettside under «Kommunale avgifter og gebyr – Helse og omsorg og rehabilitering».
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
Husstanden si nettoinntekt | Abonnement | Timepris |
---|---|---|
Inntil 2G* | 220 | 0 |
2G - 3G | 2 063 | 516 |
3G - 4G | 3 095 | 516 |
4G - 5G | 4 126 | 516 |
Over 5G | 5 158 | 516 |
Sjå oversikt over grunnbeløpet i folketrygda (G) her.
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 220 per mnd., uansett timetal.
Ein legg opp til auke i timeprisen med 4,2 % i 2023 til kr 516. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G.
Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal koste over 516 kr pr time.
Tryggleiksalarm er eit lågterskeltilbod, som vert innvilga som ei kommunal teneste til alle som har søkt, utan behovsprøving. Alle betaler eigenandel for tryggleiksalarm.
Velferdsteknologi omfattar ulike sensorar eller hjelpemiddel som kan tryggje brukar og pårørande, samt effektivisere tenestene. Når slik teknologi er behovsprøvd og vert tildelt i staden for helsetenester er det ikkje tilleggsbetaling for slik teknologi.
Dersom teknologien ikkje er behovsprøvd, vert brukar fakturert for faktisk kostnad for kommunen.
Tryggleiksalarm per mnd. | kr 279 |
---|---|
Etableringsgebyr tryggleiksalarm | kr 546 |
Etableringsgebyr nøkkelboks | kr 818 |
Kr 153 per dag. Prisen er inklusive måltider.
Dagrehabilitering er eit tverrfaglig rehabiliteringstilbod som vert gjeve ved Stord kommunale rehabiliteringssenter.
Eigenbetaling kr. 192 per dag. Prisen er inklusive måltider og transport.
Betalinga skal skje ut frå vedtak. Det kan gjerast frådrag for fråvær utover ei veke.
Eigenbetaling kr. 88 per dag eks. måltid.
Tilbod | Pris |
---|---|
Husleige | prisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane. |
Personretta tenester (heimesjukepleie) | ingen eigenbetaling |
Praktisk bistand | (sjå over) |
Mat per månad | kr 4 454 |
Vask av tøy per månad | kr 1 075 |
Bebuarane på Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap har inngått avtale med dagleg vask og leige av sengetøy, frotté samt vask av bebuartøy. Dette er gjort ut frå smitterisiko. Satsane vert heva med 3,7 % i 2023 og kompenserer for kostnadane Stord kommune har.
Teneste | Pris |
---|---|
Korttidsopphald / rehabiliteringsopphald* | 185 per døgn. Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald |
Langtidsopphald | 75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter |
Avlastingsopphald | Ingen eigenbetaling for opphald |
*Betalingssatsane for opphald i Stord kommune sine institusjonar er i samsvar med gjeldande Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.
Utlån av kommunale hjelpemiddel | kr 429. Eigenandel for ein leigeperiode uavhengig av antal hjelpemidlar. Utlånsperiode er 3 mnd. |
---|---|
Friskliv og meistring | kr 327 per frisklivsresept |
Serviceoppdrag | kr 331 per time |
Transport av hjelpemiddel | kr 327. Me vil ikkje ta eigenandel for utkjøring av dei største og mest kompliserte hjelpemiddel der me ikkje kan forvente at ein kan flytte sjølv. Det er også gratis å få montert utstyr ein søkjer om til Nav, som til dømes støttestenger, tekniske anlegg som hørselshjelpemidlar osv. |
Handtak | kr 215 |
Handtak m/montering | kr 545 |
Manglande oppmøte til avtale | kr 250 |
For gruppetreninga som einingane driv | kr 327 per semester |
Varmtvassbasseng terapi | kr 104 per time |
Varmtvassbasseng leige i vekedagar | kr 574 per time |
Varmtvassbasseng leige i helg | kr 680 per time |
Offentleg bading vaksne Barn Familiar (2 vaksne + 2 born / 1 vaksen + 3 born) | kr 104 kr 52 kr 207 |
Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gard | kr 35 per dag |
Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltid | kr 53 |
Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd. | kr 53 |
Eigenenandel for fysioterapi, vert endra kvart år per 1. juli. Det er same frikort som for lege.
Timeleige | Barn | Vaksne |
---|---|---|
Symjegrupper trening | 200 | 450 |
Symjegrupper stemne | 550 | |
Andreleigetakarar |
Andreleigetakarar kr 1100 for ideelle/skular og kr 1400 for privat/kommersielt.
Utleige av symjehallen må inkludera 2 badevakter med godkjent kompetanse. Nedre aldersgrense er 5. klasse.
Badevakter | 1-2 timar | +Per time over 2 timar |
---|---|---|
Tillegg 2 badevaktar | 2 000 | 770 |
Leigesatsar | Ideelle lag og organisasjonar | Private verksemder |
---|---|---|
Kultursenteret/ speglsalen (same leigepris). Større lokale i kjellaretasje med plass for inntil 35 personar. (Inkluderer kjøken) | 500 | 600 |
Tillegg per time utover 3 timar for leige av kultursenter/speglsalen | 100 | 200 |
Møterom (Inntil 3 timar) | 300 | 550 |
Tillegg per time utover 3 timar for leige av møterom | 100 | 150 |
Kunsthallen - møte/ konsert e.l. (opp- og nedrigging av stolar må gjerast av leigetakar) | 600 | 1 100 |
Kunsthallen - konsert/ liknande m. inntekt over 7.000+ Prosentsats av inntekt | 10 % av inntekt | 10 % av inntekt |
Kunsthallen - utstilling (per dag) | etter avtale | 250 |
Kunsthallen + Prosentsats av inntekt | 0 | +10% av inntekt over kr 7 000 |
Storsalen - konferanse/ liknande verksemd (inkl. videokanon og 1 mikrofon) | Inntil 3 timar på dagtid kr 1 500 Over 3 timar på dagtid / kveld kr 3 000 | Inntil 3 timar på dagtid kr 2 750 Over 3 timar på dagtid/ kveld kr 5 500 |
Storsalen - kinoprojektor pr time | 500 | 500 |
Storsalen - tilskiping kveld/dag med billettsal eller anna inntekt (inkl. kjøp av framsyningar) | 0 | 0 |
Storsalen + prosentsats av inntekt | + 15% av inntekt over kr 10 000 | + 15% av inntekt over kr 10 000 |
Storsalen + billettavgift | 10 | 10 |
Storsalen - øving (inntil 3 timar) | 300 for barnegrupper | 700 for vaksne |
Storsalen - tillegg pr time | 300 for barnegrupper | 700 for vaksne |
Husets lysutstyr (per framsyning)* | 750 | 1 500 |
Husets lydutstyr ( per farmsyning) | 750 | 1 500 |
Piano (stemming) | 1 200 | 1 200 |
Småsalen - konferanse/ liknande verksemd (inkl. videokanon og 1 trådlaus mikrofon – må tingast på førehand) | Inntil 3 timar på dagtid kr 1 000 Over 3 timar på dagtid./ kveld: 2000 | Inntil 3 timar på dagtid kr 1 750 Over 3 timar på dagtid / kveld: 3 500 |
Småsalen - tilskiping kveld/dag med inntekt | 2 000 | 3 000 |
Småsalen - tilskiping kveld/dag med inntekt | + 15% av inntekt over kr 10 000 | + 15% av inntekt over kr 10 000 |
Vestibylar, kultursenter, kjøken inkl. bord og stolar (leigetakar må sjølv rigga til og rydda) | 3 000 | 6 000 |
Vestibyle - festarrangement som krev ekstra reinhald (til dømes laurdagskveld) | + 2 000 | + 2 000 |
Vestibyle + prosentsats av inntekt | + 15% av inntekt over kr 10 000 | + 15% av inntekt over kr 10 000 |
Vestibyle - konsert/ utstilling utan inntekt | 0 | 0 |
Kulturhusvert utanom ordinær opningstid (per time) | 820 inkl. mva | 820 inkl. mva |
Lysteknikar (per dag inntil 10 timar) deretter kr 650 pr/t | 3 500 | 3 500 |
*Lysteknikar kjem i tillegg, sjå eigne satsar.
MERK: All utleige inntil 1 000 må betalast kontant eller med kort i kiosk/resepsjon NB! All bruk av teknisk utstyr eller teknikarar må avtalast i god tid før arrangement.
Prisar for badebillettar | Kr |
---|---|
Vaksne | 60 |
Barn | 35 |
Student | 45 |
Honnør | 45 |
Familie (2 vaksne og 2 barn. Kr 30 per ekstra barn) | 150 |
Elevavgift: | kr |
---|---|
Instrumental-vokalundervisning, individuelt og i mindre grupper | 4 200 |
Undervisning i større grupper(dans, visuelle kunstfag, teater, parkour m.m) | 3 650 |
Instrumentleige | 700 |
Dirigenttimar til skulekorps | 23 000 |
Søskenmoderasjon (reduksjon i elevavgifta) for barn/aktivitet 2 | 20% |
Søskenmoderasjon (reduksjon i elevavgifta) for barn/aktivitet 3 eller fleire | 40% |
Ved inngangen til skuleåret 2022/2023 er det 616 elevplassar. Musikk-, visuelle kunstfag- og drama/teaterundervisninga er lagt til kulturskulen sine lokale i Stord Kulturhus. Danse- og parkourundervisinga er lagt til dei kulturskulen sine lokale i Osen 6 (Liverødbygget). Kulturskulen sel dirigenttenester til Rommetveit skulekorps, Langeland skulekorps og Stord skulekorps. Elles sel kulturskulen musikkterapitenester og andre lærartenester til andre kommunale einingar og fylkeskommunen.
For handsaming av konsesjon (ervervsløyve) etter lov av 28.nov. 2003 om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonslova) mv. §1 og §2. kr 2 500
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a er det eit maksgebyr på kr 5 000 (jf. gjeldande forskrift).
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b er det eit maksgebyr på kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Uttale til konsesjonssaker etter Akvakulturlova: Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 300 per time, og eit minstegebyr på kr 4 900.
Leigesatsar for utleige av skulebygg i helgar/overnatting | Ideell | Privat/ kommers |
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall opp til og med 100 | 75 | 75 |
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall opp til og med 300 | 57 | 75 |
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall opp til og med 500 | 44 | 74 |
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall over 500 | 27 | 62 |
Ved brot på ordensreglane for det aktuelle bygget eller ved uforsvarleg bruk av bygget, kan avtale om leigetid avsluttast utan oppseiingstid og leigetakar kan bli fakturert for eventuelle ekstrakostnader.
*Prisen vert redusert med 20 prosent ved meir enn to samanhengande overnattingar.
Prisen er justert opp med kommunal deflator, 3,7 prosent.
Av den totale utgiftsdekninga skal:
2 timar gratis i sentrum med bruk av parkeringsskive (Torget, SKE-bygget, Osen, Vidsteenstunet/Sorenskrivareigedomen, Borggata/Borggarden, Øvre Borggata, Jens Hystadveg, Stord kommunale rehab. senter, Snøggbåtterminalen, Torgbakken, P-dekke v/ NAV).
10 timar gratis i Sæ og Vabakkjen.
Maksimum parkeringstid gjeld også for el- bilar og personar med parkeringskort for rørslehemma (HC-kort).
Parkeringsskive er for sal i rådhuset til kr 25,-
Kr 1,75 per kWh
Minimumpris per lading er kr 10.
Maksimum ladetid pr plass er 3 timar, og ved bruk av parkeringsskive.
Kapitelet handlar om gebyr for oppmålingsforretningar og sakshandsaming etter matrikkellova.
Gebyr blir fakturert ved fullført oppmålingsforretning, og blir rekna etter satsane som gjeld den dagen saka blir fremma for kommunen. Kommunen krev i tillegg dekka naudsynte tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift. Innbetaling av gebyr kan krevjast før matrikkelføring og tinglysing vert gjennomført.
Den generelle handsamingsfristen på 16 veker for saker etter matrikkelforskriftens § 18 tredje ledd gjeld ikkje i perioden 1. desember – 30.mars.
Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis innregistrering av søknad, journalføring, fordeling av sak og arkivering.
Grunngebyr per søknad er kr 1 213,-
Ved avbroten forretning skal rekvirent betale 1/3 av gebyrsatsane.
Samla gebyr består av både sakshandsamingsgebyr for kontorarbeid og gebyr ved oppmåling i marka. Dersom saka ikkje krev oppmåling i marka, fakturerast berre sakshandsamingsgebyr.
Gebyr for kontorarbeid
Gebyret dekker kommunens sakshandsaming i samband med oppmålingsforretning, grensejustering, påvising av grenser, klårlegging av grenser mv., samt registrering i matrikkelen.
Gebyr for sakshandsaming | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Oppretting av grunneigedom og festegrunn | Per eigedom | Kr 24 377 |
Tillegg for oppretting av fleire matrikkeleiningar | Per ny matrikkeleining | Kr 5 917 |
Oppretting av uteareal på eigarseksjon, inntil to tilleggsdeler | Per eigarseksjon | Kr 14 555 |
Tillegg for fleire tilleggsdeler utover to | Per tilleggsdel | Kr 3 905 |
Oppretting av grunneigedom av heil teig | Per eigedom | Kr 14 910 |
Arealoverføring | Per arealoverføring | Kr 19 643 |
Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn | Per time | Kr 1 420 |
Registrering av anleggseigedom | Per eigedom | Kr 19 643 |
Punktfeste | Per punktfeste | Kr 14 082 |
Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning | Per matrikkeleining | Kr 24 732 |
Grensejustering | Per grensejustering | Kr 13 135 |
Arealoverføring til offentleg veg | Per time | Kr 1 420 |
Grensepåvisning av tidlegare koordinatfesta grenser. Klarlegging av grense for grunneigedom som ikkje er koordinatfesta i tidlegare forretning, med synlege/kjente grensepunkt | Per søknad | Kr 9 822 |
Klarlegging av grense for grunneigedom som ikkje er koordinatfesta i tidlegare forretning, utan synlege grensepunkt i terreng | Per søknad | Kr 14 081 |
I saker kommunen må ut i marka kjem det oppmøtegebyr og gebyr per grensepunkt, i tillegg til gebyr for kontorarbeidet. Samanfallande grensepunkt telles som eit.
Gebyr ved oppmåling i marka | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Oppmøtegebyr | Per oppmøte | Kr 6 135 |
Grensepunkt som vert målt og merka i marka | Per grensepunkt | Kr 1 420 |
Endring av godkjent frådelingsvedtak.
Ved ynskje om endring som rekvirent legg fram i forkant av oppmålingsforretninga eller på denne og som må godkjennast av planavdelinga, kostar kr 6 255,- per endring.
Anna | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Arbeid med referanse til stadfestingsavtale om eksisterande grense eller stadbunden rett, jf. matrikkelforskriften § 44 | Per time | Kr 1 420 |
Utarbeiding av matrikkelbrev inntil 10 sider | Per brev | Kr 175 |
Utarbeiding av matrikkelbrev over 10 sider | Per brev | Kr 350 |
Gebyrpliktig arbeid etter matrikkellova som ikkje fell inn under andre føresegner i denne forskrifta, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekker sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon.
Anna fakturerbart arbeid | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Gebyr for medgått tid kontorarbeid | Per påbegynt time | Kr 1 420 |
Gebyr for medgått tid feltarbeid | Per påbegynt time | Kr 1 420 |
I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på forhånd bestemme at saken vert fakturert etter medgått tid.
§ 6.1.1 Søknad om nye utslepp eller vesentleg auke av eksisterande utslepp Gjeld utsleppsløyve under 50 PE. I tillegg kjem ordinært gebyr for byggesøknad for tiltak etter pbl. for bygging av t.d. slamavskiljar/reinseanlegg/gråvatn.
Søknad om utslepp av felles-/separate anlegg inntil 50 PE kostar kr 5 040,- per søknad
§ 6.2.1 Kontroll av avløpsanlegg inntil 50 PE har eit kontrollgebyr inntil 50 PE på kr 4 853,- per anlegg.
§ 2.1.1 Gebyr for planinitiativ
Gebyr for gjennomgang av planinitiativ inkluderer eit initiativ. I fall planinitiativ må sendast inn fleire gonger, fakturerast gebyr per sending.
§ 2.1.2 Enkeltgebyr for møte
§ 2.1.3 Råd i planlegginga - usemje på vesentlege punkt
Sak til politisk utval om å gi råd ved usemje på vesentlege punkt i oppstartsmøte i ei detaljreguleringssak etter pbl § 12-8 første ledd, kr 14 800,-
§ 2.1.4 Stans av planinitiativ
Dersom forslagsstillar krev avgjersla om stans av planinitiativ førelagt politisk utval til handsaming etter pbl § 12-8 andre ledd, kr 15 910,-
Tillegg for planforslag som ikkje er levert etter gjeldande standard for kart og geografisk informasjon eller kommunens retting av plandokument, per time kr 1 480,-
Gebyr gjeld i dei tilfelle kommunen har meirarbeid ved retting av planforslaget og/eller tilhøyrande dokument.
§ 2.3.1 Grunngebyr for planforslag
Gebyr som skal dekke dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av tiltakets kompleksitet og storleik.
Private planforslag, per planforslag, kr 158 607,-
§ 2.3.2 Møte undervegs i planprosessen
Dersom det vert halde møte, skal det betalast eit gebyr for kvart møte.
Avklaringsmøte med forslagsstillar/plankonsulent, per møte, kr 5 920,-
§ 2.3.3 Planar med konsekvensutgreiing og/eller planprogram
For planforslag som krev konsekvensutgreiing (KU) og/eller planprogram skal det betalast eit tilleggsgebyr.
§ 2.3.4 Arealføremål og omsynssoner i planforslaget
Det skal betalast tilleggsgebyr dersom planforslaget inneheld over 10 arealføremål og/eller 5 omsynssoner. Gebyrgivande arealformål er gitt av underføremål i pbl §12-5 og omsynssoner definerast i vedlegg 1 til kart- og planforskriften.
§ 2.3.5 Arealgebyr for arealet i planen
Dersom arealet til planen er over 5 daa, skal det betalast tilleggsgebyr etter følgande tabell:
§ 2.3.6 Arealgebyr for areal regulert til bygg og anlegg (jf. Pbl § 12-5 nr. 1)
Dersom arealet til utbygging jf. Pbl § 12-5 nr. 1 er over 6000 m2 skal det betalast tilleggsgebyr.
Areal til utbyggingsføremål (gjeld for både bustad, fritidsbustad, næring mv.)
§ 2.3.7 Tilleggsgebyr for vertikalnivå
Planforslag med regulering i fleire vertikalnivå enn grunnarealet over bakken, jf. kart- og planforskriften § 9, 3. ledd.
Tilleggsgebyr for fleire vertikalnivå, per vertikalnivå utover eitt, Kr 4 400,-
§ 2.3.8 Forhold til overordna planer i kommunen
Dersom planforslaget er vesentleg i strid med kommuneplanens arealdel og føresegner og målsettingar må det betalast eit tilleggsgebyr.
Dersom planinitiativ/planforslag vert trekt eller ved manglande oppfølging frå forslagsstillar, skal forslagsstillar betala ein del av samla gebyr avhengig av kor langt kommunen har kome i sakshandsaminga.
Dersom det ikkje er varsla oppstart av plan innan 6 månadar etter gjennomført oppstartsmøte, kan kommunen avslutte saka.
Tilsvarande gjeld der komplett planforslag ikkje er motteke innan 18 månadar etter kunngjering av oppstart. Dette gjeld med mindre kommunen og forslagsstillar har avtala noko anna.
Gebyrpliktig arbeid etter plan- og bygningsloven som ikkje fell inn under andre paragrafar i dette kapittelet, vert fakturert etter medgått tid. Arbeid kommunen har med utbyggingsavtaler vert fakturert etter medgått tid. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjera at saka vert fakturert etter medgått tid.
Gebyr for medgått tid, per time, kr 1 480,-
§ 2.7.1 Offentlege planforslag
Kommunen reknar ikkje gebyr for å handsame planforslag frå offentlege forslagsstillar når planen skal ivareta offentlege interesser eller funksjonar og tiltaket skal finansierast med støtte frå stat eller kommune, eller med lån som har statleg eller kommunal garanti.
§ 2.7.2 Unntak gebyrfritak – ulovleg statsstøtte
Offentlege forslagsstillar, derunder kommunale føretak, som fremjar planforslag knytt til eigedomsutvikling av reine eigedoms- og grunneigarinteresser (kommersielle interessar), er likestilt med privat forslagsstillar og skal betale gebyr.
§ 2.7.3 Planforslag frå offentlege forslagsstillar med kommersielle interesser
Der deler av planen frå offentleg forslagsstillar, til dømes kommunale føretak, er knytt til eigedomsutvikling mv. (kommersielle interesser), skal det betalast gebyr for den aktuelle delen av planen etter § 2.1-§ 2.6.
§ 2.7.4 Areal som det ikkje bereknast gebyr av
Den del av planforslaget som regulerast til LNF, offentlege grønstruktur- og friluftsføremål, verneområde samt eksisterande offentlege trafikkområde skal ikkje tas med i utrekninga av gebyret
Kapittelet handlar om gebyr for seksjoneringssaker etter eierseksjonsloven. Gebyrets storleik er det same for seksjoneringsvedtak som for avslag. Ved søknad om løyve til å seksjonere ein eigedom etter eierseksjonsloven skal det reknast gebyr med mindre noko anna kjem fram av regulativet. Ved uteareal som tilleggsdel til eigarseksjon kjem og gebyr for oppmålingsforretning i tillegg, sjå kapittel 5.
Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis mottakskontroll, innregistrering, journalføring, fordeling av sak og arkivering.
Grunngebyr per søknad kr 3 100,-
Dersom søknad ikkje følgjer krava i eierseksjonsloven § 11 og kommunen må sende mangelbrev, kjem det eit tilleggsgebyr frå og med det andre mangelbrevet, på kr 2 400,- per brev.
Oppretting av eigarseksjonar, nybygg og eksisterande bygg | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
For ein til fire seksjonar | Per søknad | Kr 11 800 |
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjon | Per seksjon | Kr 1 500 |
Reseksjonering | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
For ein til fire seksjonar | Per søknad | Kr 16 600 |
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjon | Per seksjon | Kr 1 800 |
Det er sakshandsamingsgebyr for å slette seksjonar på ein eigedom på kr 4 000,- per søknad.
Gebyr kjem i tillegg til sakshandsamingsgebyret.
Tilleggsgebyr | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Gebyr for synfaring | Per synfaring | Kr 2 700 |
Gebyr produksjon av ny planteikning | Per planteikning | Kr 2 400 |
Tilleggsgebyr ved seksjonering av anleggseigedom | Per sak | Kr 4 000 |
Pålegg om reseksjonering etter § 22 eierseksjonsloven. | Per sak | Kr 8 200 |
Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Sak som vert avvist | Per sak | Kr 6 400 |
Sak som blir trekt før vurdering | Per sak | Grunngebyr |
Sak som blir trekt etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtak | Per sak | Grunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr |
Sak som kommunen avsluttar på grunn av manglande oppfølging frå søker | Per sak | Grunngebyr + gebyr for mangelbrev |
Sak som kommunen avslår | Per sak | Fullt gebyr |
Gebyrpliktig arbeid etter eierseksjonsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekkjer blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjerda at saka vert fakturert etter medgått tid.
Gebyr for medgått tid etter eierseksjonsloven er kr 1 200,- per time.
Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av tiltakets art, kompleksitet og storleik m.m. Til dømes mottak av søknad, innregistrering, journalføring og arkivering. Ferdigattest som utstedes i løpet av fem år etter opphavleg byggeløyve dekkjast også av grunngebyret.
§ 3.3 Matrikkelføringsgebyr
For tiltak etter pbl skal det betalast matrikkelføringsgebyr som skal dekkje kostnadene knytt til arbeid som må gjerast i matrikkelen. Arbeid i matrikkelen aukar proporsjonalt med tal på brukseiningar og det skal betalast eit registreringsgebyr per brukseining. Gebyret skal og betalast ved endring av brukseining.
§ 3.4 Tilleggsgebyr ved mangelfull søknad, kr 3438,-
Dersom søker ikkje har komplett søknad etter første mangelbrev frå kommunen, kjem det gebyr for kvart følgjande mangelbrev som blir sendt.
§ 3.6 Saksbehandlingsgebyr for tiltak utan krav til ansvarleg føretak pbl § 20-4, jf. byggesaksforskrifta §§ 3-1 og 3-2.
§ 3.6.1 Oppretting og endring av grunneigedom
Dersom søknaden krev søknad om dispensasjon, skal det i tillegg til satsane under fakturerast gebyr for behandling av dispensasjon etter § 3.10
Frådeling mv., jf. pbl § 20-1 m | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Oppretting av grunneigedom med grenser som er i samsvar med fastsette reguleringsplan, utbyggingsplan eller tomtedelingsplan | Per søknad | Kr 8 333 |
Tillegg per parsell frå og med nummer to i same søknad | Per påfølgande parsell | Kr 2 500 |
Oppretting av grunneigedom i regulert område, men føremålsliner/eigedomsgrenser framgår ikkje av fastsett plan | Per søknad | Kr 9 896 |
Tillegg per parsell frå og med nummer to i same søknad | Per påfølgande parsell | Kr 3 125 |
Oppretting av grunneigedom i uregulert område | Per søknad | Kr 13 646 |
Tillegg per parsell frå og med nummer to i søknad | Per påfølgande parsell | Kr 5 625 |
Søknad om arealoverføring der tilleggsareal er under 250 m2 | Per arealoverføring | Kr 5 208 |
Søknad om arealoverføring der tilleggsareal frå 250 m2 | Per arealoverføring | Kr 7 083 |
Vedtak om oppretting av anleggseigedom | Per anleggseigendom | Kr 13 333 |
§ 3.6.2 Tiltak utan krav til ansvarleg føretak
Sakshandsamingsgebyr for tiltak utan krav til ansvarleg føretak, jf. pbl 20-4 | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Mindre tiltak på bygd eigedom som garasjar, uthus og tilbygg, jf. SAK § 3-1 a og b | Per tiltak | Kr 8 054 |
Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt innanfor ein brukseining, jf. SAK § 3-1 c | Per tiltak | Kr 4 960 |
Skilt- og reklameinnretningar etter SAK § 3-1 d | Per tiltak | Kr 4 846 |
Alminnelege driftsbygningar i landbruket, jf. SAK § 3-2 | Per tiltak | Kr 13 554 |
Mellombelse bygningar mv. jf. pbl § 20-4 c t.d. salsbod, uteservering, telt o.l. | Per tiltak | Kr 7 367 |
Andre mindre tiltak som etter kommunens skjønn tiltakshavar kan stå for, jf. pbl 20-4,e | Per tiltak | Kr 5 075 |
Mellombelse bygningar jf. pbl § 20-4 c. t.d. brakker for kontor, bustad, undervisning, kantine osb. | Pr bygning | Kr 14 127 |
Ein søknad som inneheld fleire tiltak, betaler gebyr for de 2 tiltaka med høgast gebyr.
§ 3.6.3 Søknad om tilknyting til privat avløpsanlegg jf. Pbl § 27-3
kr 1 250,- per time.
§ 3.7.1 Bustad, fritidsbustad, rekkehus, kjedehus, store bustadbygg og andre bygg og anlegg, jf. § 20-1 a og b
For bygningar som er kombinasjonsbygg (både bustadføremål og anna enn bustadføremål), vert gebyr berekna separat for den einskilde kategori.
§ 3.7.1.a Bustad og fritidsbustad Bustad og fritidsbustad | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Einebustad og fritidsbustad Bygningstype 111,113, 161-163 | Per bygning | Kr 18 596 |
Einebustad med sekundærbustad bygningstype 112 | Per bygning | Kr 22 263 |
Tomannsbustad Bygningstype 121-124 | Per bygning | Kr 25 471 |
§ 3.7.1.b Rekkehus, kjedehus, andre småhus, store bustadbygg og blokker | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
For 1-10 bueiningar i same bygg Bygningstype 131-159 | Per bueining | Kr 14 013 |
For 11-20 bueiningar i same bygg Bygningstype 131-159 | Per bueining | Kr 5 958 |
For 21-30 bueiningar i same bygg Bygningstype 131-159 | Per bueining | Kr 3 208 |
For 31 bueiningar og over i same bygg Bygningstype 131-159 | Per bueining | Kr 2 063 |
§ 3.7.1.c Garasje, uthus, anneks, naust mv. til bustad og fritidsbustad anna bustadbygning | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Garasje, uthus, anneks, naust mv. Bygningstype 181-183 | Per tiltak | Kr 8 627 |
Bustadbrakker og anna bustadbygning Bygningstype 193-199 | Per bygning | Kr 20 773 |
§ 3.7.1.d Tilbygg, påbygg eller underbygg til bustad og fritidsbustad | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Tilbygg, påbygg eller underbygg som ikkje gjev nye bueiningar Bygningstype 111-199 | Per tiltak | Kr 9 085 |
Tilbygg/påbygg/ombygging som gjev nye bueiningar Bygningstype 111-199 | Per bueining | Kr 15 846 |
§ 3.7.1.e Anna enn bustad | Utrekningseining | < 500 m2 BRA | 500 – 2500 m2 BRA | >2500 m2 BRA |
---|---|---|---|---|
Fabrikk-/industribygg ol. Bygningstype: 211-219 | Per brukseining | Kr 47 471,- | Kr 72 221,- | Kr 99 033 |
Energiforsyningsbygg, bensinstasjon ol. Bygningstype: 221-229;323 | Per brukseining | Kr 47 471,- | Kr 72 221,- | Kr 99 033 |
Lager-, fiskeri- og landbruksbygg, parkeringsbygg ol. Bygningstype: 231-249;431-439 | Per brukseining | Kr 47 471,- | Kr 72 221,- | Kr 99 033 |
Kontor- og forretningsbygg mv. Bygningstype: 311-322;329-429;441- 449;731-739, 840 | Per brukseining | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658 |
Bygg for overnatting mv. Bygningstype: 511-529 | Per brukseining | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658 |
Bygg for servering mv. Bygningstype: 531-539 | Per brukseining | Kr 47 471,- | Kr 72 221,- | Kr 99 033 |
Undervisnings-, kultur- , museums-, kyrkjebygg ol. Bygningstype: 611-649;671-679, 661-669, 830 | Per brukseining | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658 |
Idrettsbygg ol. Bygningstype: 651-659 | Per brukseining | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658 |
Sjukehus og andre bygg for behandling Bygningstype: 719-729 | Per brukseining | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658 |
Fengselsbygg og beredskapsbygg Bygningstype: 819-829 | Per brukseining | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658 |
Tilbygg og påbygg for anna enn bustad Bygningstype: 211-840 | Per tiltak | Kr 28 221,- | Kr 41 971,- | Kr 54 346 |
Ein søknad som inneheld fleire brukseiningar, betaler gebyr for de 3 brukseiningane med høgast gebyr.
§ 3.7.1.f Konstruksjon og anlegg | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Mindre private anlegg for inntil 2 eigedomar (reinseanlegg, slamavskiljar, mindre brygger/flytebrygger/kaier, molo o.l.) | Per tiltak | Kr 7 138 |
Private stikkleidningar (mindre VA-anlegg) | Per tiltak | Kr 6 908 |
Større anlegg (kraner, større brygger/flytebrygger/kaier, molo o.l.) | Per tiltak | Kr 21 919 |
Større kommunaltekniske hovudleidningsanlegg (VA-anlegg, avløpspumpestasjon o.l.) | Per tiltak | Kr 24 096 |
Idretts-/sportsanlegg utan bygning/tribune t.d. fotball-, skeisebane og liknande | Per tiltak | Kr 16 419 |
Innhegning (til dømes støyskjerm, gjerder, levegg, voller, mur) | Per tiltak | Kr 6 221 |
Svømmebasseng, dam/brønn o.l. | Per tiltak | Kr 9 315 |
§ 3.7.2 Fasadeendring, jf. pbl § 20-1 c
Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 c | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Fasadeendring på bustadbygg, konstruksjon eller anlegg knytt til bustad | Per tiltak | Kr 5 877 |
Fasadeendring på bygg, konstruksjon eller anlegg knytt til anna enn bustad | Per tiltak | Kr 6 908 |
§ 3.7.3 Bruksendring eller vesentleg utviding eller vesentleg endring av tidlegare drift av tiltak, jf. § 20-1 d.
Gebyr vert rekna i prosent av gebyret for sakstypen det endrast til.
Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 d | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Bruksendring mv. til bustad med endring av bygning, tekniske installasjonar osb. | Per søknad | 50 % av gebyret etter § 3.7.1 |
Bruksendring mv. til anna enn bustad med endring av bygning, tekniske installasjonar osb. | Per søknad | 50 % av gebyret etter § 3.7.1 |
Bruksendring mv. utan endring av bygning, tekniske installasjonar osb. | Per søknad | 30 % av gebyret etter § 3.7.1 |
Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt innanfor ein brukseining | Per søknad | Kr 6 908 |
Vesentleg endringar i planløysinga t.d. hovudombygging | Per søknad | 80 % av gebyret etter § 3.7.1 |
§ 3.7.4 Riving av tiltak, jf. § 20-1 e.
Når søknad om tiltak også inneheld søknad om riving for oppføring av erstatningsbygg på same staden, vert det ikkje teke gebyr for riving.
Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 e | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Rivning mv. av bygg, konstruksjon, anlegg inntil 100 m2 | Per søknad | Kr 7 481 |
Rivning mv. av bygg, konstruksjon, anlegg over 100 m2 | Per søknad | Kr 10 131 |
§ 3.7.5 Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar, jf. § 20-1 f.
Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Sanitærinstallasjonar, ventilasjons/sprinklar- /antenne-/energiforsyningsanlegg, heis og liknande | Per tiltak | Kr 7 710 |
Skorstein, trappeheis, slukbytter og hulltaking i brannskilje | Per tiltak | Kr 4 158 |
Endring i bygningens berekonstruksjonar | Per tiltak | Kr 5 190 |
Leskur, sykkelstativ/-hotell og andre bymøblar | Per søknad | Kr 4 960 |
Nedgrave avfallscontainere, energibrønnpark, og liknande tiltak under grunnen | Per søknad | Kr 9 085 |
Pullertar for fortøying av fartøy og andre sikringstiltak | Per søknad | Kr 5 190 |
Statuer, minnesmerke og andre kunstverk | Per søknad | Kr 5 877 |
§ 3.7.6 Oppdeling eller samanføying av brukseiningar for bustad, jf. § 20-1 g.
Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 g | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Samanføying av brukseiningar for bustad osb. | Per søknad | Kr 4 502 |
Oppdeling av brukseiningar for bustad osb. | Per ny bueining | Kr 14 700 |
§ 3.7.7 Oppføring av innhegning mot veg og skilt og reklame, jf. § 20-1 h og i.
Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 h og i | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Innhegning mot veg (eksempelvis støyskjerm, gjerde, voller, m.m.) | Per tiltak | Kr 7 252 |
Skilt på fasade | Per tiltak | Kr 1 282 |
Andre skilt | Per tiltak | Kr 4 502 |
Det betalast ikkje eiga gebyr for søknad om skilt som går inn i søknad om nybygg eller utvendig ombygging eller ved fasadeendring.
§ 3.7.8 Plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg, jf. § 20-1 j.
Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 j | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Plassering av mellombelse bygningar mv. som skal stå inntil 2 år | Per bygning | Kr 21 460 |
Plassering av andre mellombelse konstruksjonar eller anlegg som skal stå inntil 2 år | Per tiltak | Kr 11 721 |
Plassering av tidsbestemte bygningar, konstruksjonar eller anlegg | Per tiltak | Gebyr etter § 3.7.1 |
§ 3.7.9 Vesentleg terrenginngrep, jf. § 20-1 k.
Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 k | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Vesentlege terrenginngrep, tiltaksklasse 1 | Per søknad | Kr 9 888 |
Vesentlege terrenginngrep, tiltaksklasse 2 og 3 | Per søknad | Kr 16 763 |
§ 3.7.10 Anlegg av veg, parkeringsplass og landingsplass, jf. § 20-1 l.
Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 l | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Anlegg av privat veg/avkøyrsle | Per tiltak | Kr 9 658 |
Anlegg av offentleg kryss/veganlegg/kulvert o.l. | Per tiltak | Kr 20 888 |
Parkeringsplass inntil 10 plassar | Per tiltak | Kr 6 908 |
Parkeringsplass over 10 plassar | Per tiltak | Kr 12 638 |
Landingsplass | Per time | Kr 1250 |
Torg og møteplassar | Per tiltak | Kr 7 940 |
Leikeplass, aktivitetspark o.l. | Per tiltak | Kr 6 335 |
Verneverdige bygningar, verna område og kulturminne | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Viss søknad omfattar SEFRAK-registrert bygning | Per søknad | Kr 1 250 |
Viss søknad gjeld tiltak i verna område | Per søknad | Kr 1 875 |
Viss søknad gjeld tiltak som rører ved kulturminne | Per søknad | Kr 1 875 |
Midlertidig bruksløyve og ferdigattest | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Mellombels bruksløyve | Per søknad | Kr 7 252 |
Igangsetjingsløyve frå og med nr. 2 | Per løyve | Kr 7 367 |
Ferdigattest der det har gått meir enn 5 år sidan opphavleg byggeløyve ble gjeve | Per søknad | Kr 6 565 |
Tiltak som ikkje er i tråd med føresegner i lov, forskrift eller plan krev søknad om dispensasjon.
Dispensasjonsgebyret kjem i tillegg til andre gebyr.
Dispensasjon etter pbl kapittel 19 | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Søknad om dispensasjon frå 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag, gjeldande arealplanar; kommune- og reguleringsplan, lover/forskrifter og plankrav mv. som krev full høyring og politisk handsaming | Per forhold | Kr 22 708 |
Søknad om dispensasjon frå gjeldande arealplanar og/eller forskrifter mv. t.d byggeområde i gamle reguleringsplanar utan innteikna byggegrense mot sjø- og vassdrag, byggegrense mot veg, etablering av anlegg for vatn og avløp. Krev høyring og vert avgjort etter delegert fullmakt | Per forhold | Kr 8 333 |
Søknad om dispensasjon frå gjeldande arealplanar og/eller forskrifter mv. som ikkje krev høyring og vert avgjort etter delegert fullmakt | Per forhold | Kr 10 208 |
Det reknast gebyr for de 2 forholda i same sak med høgst gebyr.
Andre vurderingar | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Tiltak på eksisterande byggverk (unntak frå TEK), pbl § 31-2, 4. ledd | Per fråvik | Kr 3 750 |
Godkjenning av sjølvbyggaransvar, SAK § 6-8 | Per søknad | Kr 2 188 |
Med revidert søknad meinast endringar det søkast om etter at rammeløyve eller eitt-trinns løyve er gitt, og før bygget eller tiltaket har fått ferdigattest.
Søknadspliktig endring av tiltak, kr 6 679 per endring.
Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag | Utrekningseining | Gebyr |
---|---|---|
Sak som avisas/returnerast pga. vesentlege manglar* | Per sak | Kr 4 896 |
Sak som blir trekt før vurdering | Per sak | Grunngebyr |
Sak som blir trekt av søker/tiltakshavar etter at kommunen har satt i gang sakshandsaming, men før endeleg vedtak | Per sak | Grunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr |
Sak som kommunen avsluttar på grunn av manglande oppfølging frå ansvarleg søker eller tiltakshavar | Per sak | Grunngebyr + gebyr for mangelbrev |
Sak som kommunen avslår | Per sak | Fullt gebyr |
*Søknaden er for mangelfull til at kommunen kan handsame den.
Gebyrpliktig arbeid etter plan- og bygningsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, fakturerast etter medgått tid. Timeprisen dekker blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. Grunngebyr kjem i tillegg. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på forhånd bestemme at saken vert fakturert etter medgått tid.
Gebyr for medgått tid i byggje- og delesakar, kr 1 250 per time.
For tiltak etter pbl skal det betalast matrikkelføringsgebyr som skal dekkje kostnadene knytt til arbeid som må gjerast i matrikkelen. Arbeid i matrikkelen aukar proporsjonalt med tal på brukseiningar og det skal betalast eit registreringsgebyr per brukseining. Gebyret skal og betalast ved endring av brukseining.
Det skal betalast gebyr for førehandskonferanse eller andre møter. Gebyra omfattar også førebuing og etterarbeid/referat. Ved avbestilling av møte med kommunen mindre enn 48 timar før møtet sitt avtalte starttidspunkt, fakturerast halvt gebyr.
Betalingssatsar for plass i skulefritidsordninga for 3. og 4. trinn | 2023 |
---|---|
100 % plass eks. leksehjelp | 3 343 |
80 % plass eks. leksehjelp | 2 762 |
60 % plass eks. leksehjelp | 2 101 |
50 % plass eks. leksehjelp | 1 811 |
Full plass skulefrie dagar*** | 3 796 |
Full plass sumarope juni*** | 1 562 |
Full plass sumarope august 2023*** | 2 346 |
Betalingssatsar* for plass i skulefritidsordninga for 1. trinn | Kr |
---|---|
Gratis kjernetid** | 0 |
Gratis kjernetid utvida med morgon-SFO | 1 181 |
Gratis kjernetid utvida med ettermiddags-SFO | 540 |
Gratis kjernetid utvida med morgon- og ettermiddags-SFO | 1 721 |
Full plass skulefrie dagar, Leirvik SFO | 3 289 |
Full plass sommarope juni 2023, Leirvik SFO | 1 167 |
Full plass sommarope august 2023, Leirvik SFO | 1 753 |
* I satsane er det gjort fråtrekk for 12 timar gratis SFO.
**Gratis kjernetid vert gitt rett etter skuleslutt med 2,5 timar måndag til torsdag og 2 timar på fredag.
*** Tilbodet er samlokalisert på ein av skulane i kommunen. Frå skulestart skuleåret 2023-2024 vil tilbodet bli gitt på Hystad skule
Betalingssatsar for leige av torgplass | 2023 |
---|---|
Pris pr. rute på 15 m2 (minstepris) pr. i dag | 175 |
Fast torghandlar for 60 m2 pr. år | 31 868 |
Nattoppstilling pr. månad | 1 654 |
Nattoppstilling pr. natt | 59 |
Straum – tilfeldige torghandlarar pr. dag | 18,75 |
Faste torghandlarar betalar straum etter eigen målar.
Avgifta skal betalast forskotsvis pr. dag eller månad til kundetorget. Forskotsbetalt avgift kan ikkje krevjast refundert. Avgiftene for torghandel er fritekne for meirverdiavgift.
Bakgrunn:
For lag/organisasjonar og næringsdrivande utan fast utsalsstad er det mogeleg å leiga plass på Leirvik Torg for sal av varer.
Det kan leigast plass for kortare eller lengre tidsrom. Plass kan tingast på førehand og dei som ikkje gjer det kan visast bort. Fellestenester i rådhuset tildeler plass.