Veglys
Kommunal veg:
Det er Haugaland Kraft som har ansvaret for drift og vedlikehald av veglysa på kommunal veg. (Gjeld veglys med stolpenummer) . Meld frå om mørke gatelys for kommunal veg til Haugaland kraft. Hugs stolpenummeret. Eventuelt ring tlf. 987 05 270.
Fylkesveg:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å planlegge, bygga, drifta og vedlikehalda fylkesvegane. På Vestland fylkeskommune kan du sende inn melding om feil og manglar på fylkesvegen. Dette kan vere hol i vegen, feil på veglys eller liknande.
Europaveg:
Dersom det er feil og manglar på europaveg er det statens vegvesen sitt ansvar. Meld til vegtrafikksentralen på telefon 175.
Vatn og avlaup
Driftsmeldingar
Under nyhende finn du ev. oversikt over planlagt arbeid på vassleidningar og vassleidningsbrot. Dersom du ikkje finn informasjon du leitar etter, kan du melde dette inn:
- på dagtid til telefon 53 49 66 00
- på kveldstid til vakttelefon 975 52 222 KUN dersom det ikkje kan venta til neste arbeidsdag. Det kan vera til dømes vassleidningsbrot eller tette avlaupsleidningar.
Dersom feilen ligg på det private leidningsnettet, må den enkelte abonnenten sjølv ta ansvar for å få utbetra dette.
Vegvedlikehald
På www.fiksgatami.no kan du melda frå om lokale problem som til dømes boss og hol i vegen mm.