Når du har flytta

Husk å melda flytting til skatteetaten (Folkeregisteret) innan åtte dagar: Flyttemelding

Nytt skattekort: www.Skattetaten.no

Adresseendring for posten: www.Posten.no  

Adresseendring til andre: På www.flytteportalen.no kan du fylla du ei flyttemelding som blir sendt til dei du ynskjer skal få beskjed. Du kan velga blant alle selskap og organisasjonar i heile Noreg.

Ansvarleg for straumnettet i Stord kommune er Haugaland kraft

Spørsmål om bustad

Dersom du er på jakt etter bustad er www.finn.no eit godt utgangspunkt for å starta leitinga. Andre stader kan vera i lokalavisa (www.sunnhordland.no), eller hos dei lokale eigedomsmeklarane. Studentar kan søkja studentbustad på www.sammen.no/no/stord/bolig

Arbeid og jobbsøk

Nav har oversyn over ledige jobbar i Stord, sjå www.nav.no

Er du interessert i arbeid i Stord kommune? Ledige stillingar i kommunen finn du på vår nettside Ledige stillingar

Jobbsøkinformasjon for EØS/EU-borgarar finn du på www.eures.no.

Opphaldsløyve

Er du statsborgar av eit EU/EØS/EFTA-land, treng du ikkje å søkja om opphaldsløyve dersom du ynskjer å arbeida i Noreg. I staden skal du registrera deg. Les om registreringsordninga

Er du borgar frå eit land utanfor EØS-området og ynskjer å ta arbeid i Noreg, må du som hovedregel ha opphaldsløyve. På www.UDI.no finn du meir informasjon om kven som treng opphaldsløyve for å arbeida i Noreg.