§1. Om fondet

Reinert Agdesteins minnefond er eit fond for å utvikla og dyktiggjera unge dirigentar og songarar/musikarar i Stord kommune, ved å gje desse stipend. Alle medlemslag som til ei kvar tid er tilknytt Stord song- og musikkråd er med i fondet. 

§2. Om søknaden

Søknad om stipend skal sendast til styret i fondet gjennom Stord kulturtenester, og fristen for å søkja er 1. april. Søknaden må innehalda kva stipendet skal brukast til, og den/dei som får stipend må gje styret skriftleg rapport om kva dei har lært og korleis denne lærdomen kan nyttast til inspirasjon for andre og seg sjølv.

Når du har sendt søknaden vil du få ein e-post med kopi av det du har skrive i søknaden. Om du ikkje skulle få ein slik e-post, kan det vera at det er er ein feil i e-postadressa du har oppgitt  eller at du kan ha gjort ein annan feil i utfyllinga. Det er difor viktig at du oppgjev korrekt e-postadresse og at du er nøye med utfyllinga. Om du likevel får problem kan du melda slike her. Her kan du også melda ev. andre feil du finn i skjemaet.

Her finn du søknadsskjema for stipendet.

§3. Om fondsmidlane

Av fondsmidlane er det berre vanlege renter som kan utdelast til stipend. Styret i fondet er ansvarleg for dette etter vedtektene i fondet. Om det noko år ikkje skulle verta utdelt stipend, vert denne lagd til kapitalen, eller nytta ved seinare utdeling, etter styret si avgjerd.

§4. Forpliktingar til medlemslaga

Medlemslaga bør og vera med på inntektsgjevande tiltak som styret kjem med framlegg om.

§5. Om styret i fondet

Fondet skal ha eit styre på 4 medlemer. Desse vert valde frå medlemslaga, for 2 år om gongen. Eitt styremedlem skal velgjast frå Stord kommune v/Kulturtenester. Styret kontituerer seg sjølv med formann, sekretær og kasserar. Fondsstyret oppnemner 2 revisorar mellom dei er valde i medlemslaga.

§6. Om rekneskapen

Rekneskapen skal sluttast av 31. desember. Om nokon av medlemslaga krev det, skal dei få melding om dette.

§7. Endringar i vedtektene

Endringar i vedtektene kan berre gjevast i medlemsmøte, og krev minst 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Røysterett har berre dei som har fylt 16 år. Møtet må kunngjerast med brev til medlemslaga minst 14 dagar før.

§8. Ev. nedleggjing av Stord song- og musikkråd

Dersom Stord song- og musikkråd vert lagd ned, skal laga som var medlemer siste driftsåret driva fondet etter gjeldande vedtekter.