§1. Om fondet

Reinert Agdesteins minnefond er eit fond for å utvikla og dyktiggjera unge dirigentar og sangarar/musikarar i Stord Kommune, ved å gje desse stipend. einert Agdesteins minnefond vart oppretta etter framlegg frå Liv Grytli Bakke. Leirvik Mannskor vende seg til Stord song- og musikkråd, og på medlemsmøtet der vart det vedteke å oppretta eit slikt fond. Fondet skal finansierast med gåver frå einskildpersonar, verksemder og ulike arrangement som medlemslaga arrangerer. Alle medlemslag som til ei kvar tid er medlemmer i Stord Musikkråd, er medlemmer i fondet. Fondet skal ha ein grunnkapital på min. kr. 50.000.

§2. Søknad

Søknad om stipend skal sendast til styret i fondet gjennom Eining for kultur, og fristen for å søkja er 1. april. Søknaden må innehalda kva stipendet skal brukast til, og den/dei som får stipend må gje styret skriftleg rapport om kva dei har lært og korleis denne lærdomen kan nyttast til inspirasjon for andre og seg sjølv.

§3. Om fondsmidlane

Styret i fondet har ansvar for utdeling av midlar frå fondet, innanfor dei rammene som styret finn tenlege sett i høve til intensjonane i fondet.

§4. Forpliktingar til medlemslaga

Medlemslaga bør og vera med på inntektsgjevande tiltak som styret kjem med framlegg om.

§5. Om styret i fondet

Fondet skal ha eit styre på 4 medlemer. Desse vert valde frå medlemslaga, for 2 år om gongen. Eitt styremedlem skal velgjast frå Stord kommune v/Kulturtenester. Styret kontituerer seg sjølv med formann, sekretær og kasserar. Fondsstyret oppnemner 2 revisorar mellom dei som er valde i medlemslaga.

§6. Om rekneskapen

Rekneskapen skal sluttast av 31. desember. Om nokon av medlemslaga krev det, skal dei få melding om dette.

§7. Endringar i vedtektene

Endringar i vedtektene kan berre gjevast i medlemsmøte, og krev minst 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Røysterett har berre dei som har fylt 16 år. Møtet må kunngjerast med brev til medlemslaga minst 14 dagar før.

§8. Ev. nedleggjing av Stord song- og musikkråd

Dersom Stord musikkråd vert lagd ned, skal laga som var medlemer siste driftsåret driva fondet etter gjeldande vedtekter.