Føremål

Føremålet med tilskotsordninga er å gje støtte til aktive kunstnarar for fagleg vidareutvikling, kunstnarlege prosjekt og liknande. Arbeids- og utdanningsstipend på minimum kr. 20 000 kan kvart år delast ut til kulturarbeidarar og kunstnarar med tilknyting og forankring til Stord kommune. Heile summen kan gjevast til ein person, eller delast på fleire.

Kva kan du søkja om tilskot til?

Du kan søkja stipend til bestemte arbeidsoppgåver, til studiereiser, utdanning eller liknande.

Komiteen for næring, miljø og kultur kan òg tildela stipend på eige initiativ eller etter innsendte framlegg.

Kven kan søkja?

Kunstnarar og kulturarbeidarar som har tilknytning til Stord kommune.

Krav til søknaden

Søknaden skal innehalda:

  • CV.
  • Plan for kva stipendet skal brukast til.
  • Dersom du får stipend skal du i etterkant senda ein kort rapport om korleis stipendet er nytta.

Søknadsskjema

Søknadsskjema om kulturstipend

Søknadsfrist: 15. september.

Tidlegare mottakarar av kulturstipend

2021 - Severin Vik
2020 - Ian Krister Kolstad
2019 - Harald Mathias Tveit Eskeland og Karoline Fredrich
2018 - Brita Grov, John Halldor Myklevold, Robert Sylta
2017 - Tiril Eirunn Einarsdotter og Jan Anders Presthus
2016 - Brita Grov og Per Tore Barmen
2015 - Tom Stien og Solveig Aksnes
2014 - Hanne Marthe Alvsvåg Kommedal
2013 - Johanne Engevik Olsen
2012 - Ikkje tildelt
2011 - «Øyo» v/ Alf Aronsen
2010 - Vidar Hope og Olaug Spissøy Kyvik
2009 - Anni Valentina Presthus
2008 - Inga Søreide og Ingjerd M. Hjelmeland
2007 - Koret Festivo
2006 - Ingebjørg Bruket
2005 - Severin Eskeland
2004 - Håkon Steinar Vatle
2003 - Aleksander Stokke Vallestad
2002 - Jakob Klippen og Ragnhild Kambo Grov
2001 - Øyvind Hjelmen og Åsmund Espeland
2000 - Ole Jacob Helland og Marit Tislevoll Odland
1999 - Magnus Martens
1998 - Per Flatøy og Alise Jonassen
1997 - Turid Vikene
1996 - Ole Jacob Hystad og Magne T. Gravdal
1995 - Maria Malmsten Steinkopf
1994 - Hans Willoch Bræin
1993 - Jan Magne Olsen
1992 - Eivind Gullberg Jensen
1991 - Monica Herstad
1990 - Åge Østrem og Asle Wirum Olsen
1989 - Atle Hansen og Turid Vikene
1988 - Madli Martens og Odd Resser
1987 - Magne Kjellesvik og Sissel Tolaas
1986 - Reidun Hagenes
1985 - Geir Atle Stangenes
1984 - Torleiv Agdestein
1983 - Aud Lavik og Annik Malterud
1982 - Toralf Lunestad