Personvernombodet skal blant annet bidra til at verksemda:

  • Informerer om kva personopplysingar som vert samla inn og kvifor.
  • Halda oversikt over opplysingane som vert handsama.
  • Gjev innsyn til den opplysingane gjeld.
  • Kontrollerer tilgang til opplysingane.
  • Ber om samtykke frå den opplysingane gjeld før opplysingane vert handsama.
  • Beskyttar informasjonen slik at den ikkje kjem på avvegar.
  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar.
  • Slettar personopplysingar det ikkje lenger er behov for.

Eit personvernombod er ein ressursperson som styrker verksemda sin kunnskap og kompetanse om personvern. Personvernombodet rettleier verksemda slik at personopplysningar vert handsama på ein god måte og i tråd med regelverket.

Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, for eksempel internkontroll og informasjonstryggleik. Meir konkret betyr dette handtering av spørsmål om alt fra innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og personopplysningar på avvegar.

Gjennom at Stord kommune har eit personvernombod er kommunen friteken for meldeplikta som følgjer av personopplysningslova § 31. Men konsesjonsplikta gjeld.

Meir informasjon om personvernombod finn du på Datatilsynet sine nettsider.