Føremålet med handsaminga av personopplysningar

Opplysningar du gjev i skjemaet vert oversendt til Stord kommune. Opplysningane gjer kommunen i stand til å handsame din førespurnad. Opplysningane du gjev vert handsama på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om behandling av personvern

Denne personvernerklæringa følgjer regelverket i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven)

Rådmannen i Stord kommune er etter lova handsamingsansvarleg i Stord kommune. Det daglege ansvaret for pliktene til den handsamingsansvarlege er lagt til kommunen sine einingsleiarar.

Personopplysningar

Dersom du føler at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, samtykkjer du til lagring av dei innsamla data om deg. Samtykket godkjenner våre retningsliner for personvern og gjeld som samtykke for korleis me handsamar opplysningane.

Lagring av opplysningar

Opplysningane du har tasta inn vil ikkje vere tilgjengeleg for mottakar, Stord kommune, før du bestemmer deg for å sende inn søknaden. Ved å velje "send", har du samstundes samtykt i at Stord kommune kan få og lagre desse opplysningane. Nøkkelopplysningar frå tidlegare innsende søknader vert automatisk henta opp når du startar ein ny søknadsprosess.

Sikker dataoverføring

All overføring av opplysningar mellom din datamaskin og vår server går føre seg via sikra datakommunikasjon. Løysinga tilsvarer tryggleiken som vert nytta av nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar

Du har rett til å sjå opplysningane du har sendt inn. Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane endra eller sletta.

Les meir om innsyn og reglar her.

Kva om du ikkje samtykker?

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok, vil du ikkje kunne nytte elektronisk skjermdialog. I staden ber vi deg nytte utskriftsvennlig versjon av skjema.

Kontakt Stord kommune.

Aldersgrense

Du stadfestar at du er over 18 år.

Vidareformidling

Vi skal ikkje selje, bytte eller på anna vis vidareformidle informasjon av nokon art, om deg, til tredjepart utan at du samtykkjer til dette.

Kontakt

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, kan du kontakta tryggleiksansvarleg Annlaug Tenold eller personvernombod Haldis Lauksund på 53 49 66 00 eller post@stord.kommune.no.