Eininga er organisert i eit team.
Fagområda i kommunen nyttar ulike fagprogram. Fleire av desse inneheld personsensitive opplysningar og set særskilde krav til informasjonstryggleik og infrastruktur.
Stord kommune har eit komplekst nettverk med høge krav til effektivitet og tryggleik. Ei sentral oppgåve for IKT-eininga er å standardisere infrastruktur og programvare. IKT driftar eigne serverrom, nettverk og klientar i tillegg til telefoni-løysinga for kommunen.
Det er eit strategisk val at me i størst mogeleg grad skal nytta felles IKT-system og fagsystem som vert drifta sentralt.
Stord kommune har i dag eit moderne driftsmiljø og infrastruktur basert på Windows-plattforma. Som kontorstøttesystem nyttar Stord kommune Microsoft 365.
Brukarstøtte
IKT-eininga har eige kundeoppfølgingssystem for brukarstøtte. Dette er berre tilgjengeleg internt for brukarane i Stord kommune. Tilsette finn den på pc`en sin.
Brukarstøttetelefonen er bemanna frå 08:00 til 10:00 og 13:00 til 15:00 kvardagar. Tlf. 53 49 66 65.
Informasjonstryggleik
IKT-eininga har ansvar for den gjennomførande delen av informasjonstryggleiken, og IT-sjefen er medlem i kommunen sitt tryggleiksforum.
Tilsette
IT-sjef Gisle Østrem
Tlf. 975 52 005
Kontakt oss
Brukarstøtte IKT (intern)
Tlf. 53 49 66 65
Besøksadresse
SKE bygget heiane
Rundehaugen 45
5412 Stord
Postadresse
Postboks 304
5402 Stord
Namn |
Tittel |
---|---|
Gisle Østrem Tlf: 975 52 005 E-post: ikt@stord.kommune.no |
Einingsleiar |
Britt Tone Idsøe |
Systemansvarleg Agresso |
Espen Nylund |
IKT-rådgjevar |
Iren Valvik |
Systemkonsulent |
Leif-Arne Helland |
IT-konsulent |
Magnhild Bjørk Mo |
IT-konsulent |
Ilhan Yirmi |
Driftsoperatør IT |
Atle Midtbø |
IT-konsulent |
Hans Olav Petterteig |
Driftsoperatør IT |