Kontaktnettverk for sjøbruksbygg
KIK Sunnhordland ønsker å byggja opp eit kontaktnett av eigarar av sjøbruksbygningar med kulturhistorisk verdi i Sunnhordland. Det kan vera bygg som har gått ut av bruk, der ein har vidareført tradisjonell bruk eller ønsker å ta bygget i bruk på nye måtar. Me ønsker å vera ein samarbeidspartnar for eigarar i arbeidet med å finna ut korleis ein kan sikra best mogleg bevaring og bruk desse bygningane. Me ønsker òg å løfta fram mangfaldet av bygningar for ulike bruksføremål. Ei lita notbu er like viktig og interessant som eit stort sjøhus, men moglegheitene for ny bruk er ulike.
Me har ikkje midlar til å gje tilskot til restaureringsarbeid på dei einskilde bygga, men kan hjelpa dykk med å finna fram i jungelen av regelverk og tilskotsordningar. KIK Sunnhordland tilbyr deltaking i eit nettverk av andre i same situasjon, men òg individuelle synfaringar og samtalar så langt me har kapasitet til det. Kontaktane våre får invitasjon til ulike aktuelle arrangement. Alt arbeid skjer i tett kontakt med den aktuelle kommunen. Sunnhordland museum og bygningsvernrådgjevaren som er tilsett der er òg viktige deltakarar i prosjektet og kan bidra med råd om planlegging, gjennomføring og søknadsskriving.
Me ønsker å visa fram gode døme som kan vera til inspirasjon for andre. Eit utval av prosjekt vil bli presentert i ein eksempelsamling til bruk for kommunane og andre eigarar. Gjennom prosjektet har me samla mykje kompetanse som me håpar de kan ha nytte av, men kompetanseoverføringa går begge vegar: De som eigarar veit mykje om bygningane og kva problemstillingar de støyter på i arbeidet med å ta vare på og bruka dei, som me treng å læra av. Saman kan me skapa nytt liv i sjøbruksbygningar i Sunnhordland.
Kontaktpersonar i kommunane
Austevoll kommune: Kristin Magnussen 55 08 10 00
Bømlo kommune: Elisabeth Holme Knutsen 53 42 30 00
Etne kommune: Mariann Sydnes 53 75 80 00
Fitjar kommune: Bente Bjelland 53 45 85 00
Kvinnherad kommune: 53 48 31 00
Stord kommune: Ragnhild Tveit 53 49 66 00
Sveio kommune: Ellen Tveit 53 74 80 00
Tysnes kommune: Silje Lunde 53 43 70 00
Sunnhordland museum:
Bygningsvernrådgjevar Kathrine Norum 53 41 38 99
Prosjektleiar:
Ellen Tveit, ellen.tveit@sveio.kommune.no
KIK Sunnhordland
KIK Sunnhordland er eit samarbeid på kulturvernfeltet mellom dei åtte kommunane i regionen og Sunnhordland museum. KIK står for «Kulturminne i kommunen» og er Riksantikvaren si satsing på kulturminnekompetanse i kommunane. Samarbeidet i Sunnhordland har pågått sidan 2021.
Prosjekt sjøbruksbygningar
I 2023 fekk me tilskot til prosjektet «Framtid for kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland». Prosjektet er del av verdiskapingsprogrammet til Riksantikvaren og det overordna målet er å styrka vern av sjøbruksbygningar i regionen ved å sjå dei som ein ressurs for lokal verdiskaping og utvikling, samstundes som ein sikrar dei kulturhistoriske og antikvariske verdiane.
Sunnhordland bygningsvernsenter
Gjennom KIK-samarbeidet arbeider me for å etablera eit bygningsvernsenter på Søre Tveita på Stord. Senteret skal bli eit knutepunkt for bygningsvernet i regionen med fokus på handverkskompetanse, materialkvalitet og rådgjeving.
Kontaktperson: Ragnhild Tveit
E-post: post@sunnhordlandbygningsvern.no