Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kunngjeringar

Kva er ditt transportbehov i Stord kommune?

Mange av  innbyggjarane i Stord seier dei er lite nøgde med det offentlege transporttilbodet. Kommunen treng meir kunnskap om transportbehovet til folk i alle aldrar for å skapa treffsikre ordningar. Me håpar du kan ta nokre minutt til å svara på spørjeundersøkinga.

Registrering av kulturhistoriske sjøbruksbygningar og miljø

I samband med prosjektet «Framtid for kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland» blir det gjennomført ei registrering av sjøbruksbygningar i dei åtte kommunane i Sunnhordland. Føremålet er å få oppdatert kunnskap om kulturarva langs sjøen, tilstanden til bygningane, og korleis dei på nytt kan bli ein ressurs for lokal utvikling og verdiskaping.

Tveitevågen på Huglo

Vedteken reguleringsendring, R055000 Hornelandsvågen, gnr/bnr 49/1

Stord kommune har med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 2.ledd, godkjent ein mindre endring av reguleringsplan for Hornelandsvågen, gnr/bnr 49/1, planid R055000 og reguleringsplan for Apalhaugen, gnr/bnr 46/80, planID R045000.

Vedteken reguleringsplan for Ådland sør, gnr/bnr 28/254 mfl.

Kommunestyret vedtok i møte 21.03.2024, sak PS-11/24, med heimel i plan- og bygningslova § 12-12, Detaljregulering for Ådland sør, gnr/bnr 28/254 mfl., planID 202107. Det vart i same sak gjort vedtak om mindre endring av reguleringsplan for Ådland, gnr/bnr 28/19, planID R247000. 

Ledig bustad?

Stord kommune vil ha behov for mange bustader når me skal busetja flyktningar, og treng hjelp for å få det til.

sofa med puter i ei stue. foto

Høyring, alkoholpolitisk handlingsplan

Ny forskrift om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider, Stord kommune, Vestland, og nye retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune 2024-2028.

Foto av Stord rådhus.