Fellingsløyve
Felling
Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for hjort vert tildelt godkjende vald (det geografiske området for jakta) utan årleg søknad. For småvilt - unntatt bever - krevst ikkje fellingsløyve.
Vald som disponerer eit vist tal fellingsløyve kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for jakt på hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gir i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. I Stord kommune er Stord hjortevald godkjend som storvald.
Stord kommune har avtale med Stord ettersøkslag om ettersøk etter påkøyrd hjort. Ettersøk i forbindelse med jakt vert kosta av det enkelte valdet, kommunen formidlar kontakt mellom valda og ettersøkslaget.
Målgruppa
Grunneigarar/jaktrettshavarar
Vilkår
Det må ligge føre ei godkjenning av vald for hjort. Kommunen fastset forskrift om minsteareal som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr. Minstearealet i Stord kommune er 350 daa, og for Fitjar også 350 daa. (Lovdata: Fitjar Lenke til et annet nettsted. , Stord Lenke til et annet nettsted.)
Jakttida er frå 1. september til og med 23. november. Fylkesmannen kan, etter søknad frå kommunen, vedta å utvida jakta fram til 31. januar.
Rettleiing
Det skal ikkje søkjast om fellingsløyve. Kommunen skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til valdansvarleg representant innan 15. juni.
Søknadsfristar
Godkjenning/ endring av vald 15. mai.
Melding om endringar i vald (grenser, eigedomsforhold, teljande areal etc.) 1. april.
Godkjenning av bestandsplan 15. mai.
Søknad om ekstra fellingsløyve 1. mai.
Klage
Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det aktuelle arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet.
Klaga sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen. Før klaga blir send, skal den instansen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får medhald fullt ut, vil saka gå vidare til klageinstansen.
Priser
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Havbrukssaker
Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 346 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.
Sist oppdatert
