Jegerprøven
Kort fortalt
Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøva.
Beskrivelse
Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Prøven består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter gjennomførd kurs kan du avleggje eksamen direkte i appen Jegerprøveeksamen.
Målgruppe
Personar som i kalenderåret fyller 14 år (gjelder småvilt) eller 16 år som ønskjer å drive jakt eller fangst.
Kriterier
Jegerprøven kan takast av alle som i kalenderåret er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje frå fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.)
Pris for tjenesten
Når du skal gå opp til eksamen, må du betale eit eksamensgebyr.
Samarbeidspartnere
Studieorganisasjonar, vanlegvis lokallaga til Norges Jeger- og Fiskerforbund.
Regelverk
Kommunen har fullmakt til å gjennomføre jegerprøveeksamen. Sjå spesieltForskrift om utøving av jakt, felling og fangst § 10.
Forskrifter
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Dette treng du for å få teke Jegerprøven:
- Meld deg på kurs
- Last ned appen Jegerprøveeksamen
- Registrer deg for eksamen i appen
- Følg med på kurssamlingane gjennom appen
- Betal eksamensavgift
- Ta eksamen.
Klagemulighet
Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen, og betale eksamensavgift for kvart forsøk.
2023 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 27.01.2023
Prisar
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Havbrukssaker
Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 300 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.
Sist oppdatert
