Hjortevilt
Vilt
Stord og Fitjar har ein felles forvaltningsplan for hjort. Planen gjeld i ein 4 års periode.
Forvaltingsplan for hjort
Forvaltningsplan for hjort i Stord og Fitjar kommunar - 2021-2024.pdf pdf, 765 kB.
Tidlegare planar
For å få ei meir effektiv og framtidsretta forvaltning av hjort i Stord og Fitjar, utarbeida Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor i 2005 ein forvaltningsplan for hjorten på Stordøya. Planen er revidert og vedteke i Stord kommunestyre i 2018.
Hovudmålsetjingane har vore å forenkla valdsstrukturen og å få ei meir kjønnsbalansert hjortestamme. Nokon av måla vert det framleis arbeida mot, mens andre langt på veg er innfridd. Til dømes er talet på vald på Stordøya redusert frå 48 i 2005 til 22 i dag, mykje takka vere samanslåinga til storvald i Stord kommune.
Dagens forvaltningsplan har fleire langsiktige mål om mellom anna bestandsstruktur som det vil og bør ta tid å nå. Planen er difor framleis gyldig og relevant, men vil bli revidert med jamne mellomrom for å best tilpassast bestandsmessige og administrative endringar.
Priser
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Havbrukssaker
Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 300 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.
Sist oppdatert
