Vald - godkjenning

Kort fortalt

Eit vald er eit område der det skal jaktast. Retten til å jakte tilhøyrer grunneigaren, men valdet der jakta skal gå føre seg, må godkjennast av kommunen. Alle godkjente vald får ei fellingsløyve. Det krev ikkje årleg søknad.

Beskrivelse

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området der jakta skal vere) godkjennast. Valdet skal vere samanhengande og ha ei avgrensing og ei form som gjer det eigna til jakt. Eit vald kan ha ein eller fleire eigedommar. Etter jakta skal det betalast inn ei fellingsavgift til kommunen. Kommunen set avgifta inn i det kommunale viltfondet og er med på å fremje viltforvaltinga i kommunen.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Kriterier

Viltartar har ulike krav til areal. Det teljande arealet er lik talet på dekar av dei arealslaga som kvar art bruker regelmessig over fleire år. Kommunen avgjer kva som er minstearealet for at eit vald skal godkjennast.

Pris for tjenesten

Kommunen fastset satsen for fellingsavgift for elg og hjort.
Miljødirektoratet fastset satsen for fellingsavgift for villrein.

Regelverk

Kommunen er styresmakt for godkjenning av jaktvald og for fellingsavgift.
Sjå forskrift om forvalting av hjortevilt om godkjenning av jaktvald.
Sjå forskrift om kommunale viltfond om fellingsavgifta.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du må sende skriftleg søknad med

  • opplysningar om kva for art eller artar søknaden gjeld for
  • kart som viser grensene for valdet
  • oversikt over eigedommane som valdet omfattar (med gards- og bruksnummer) og storleiken på kvar eigedom
  • oppgåve over teljande areal for den eller dei aktuelle artane
  • skriftleg samtykke frå alle jaktrettshavarane i valdet
  • namn og adresse på den oppnemnde representanten for valdet
Du kan òg nytte skjemaet under. Fellingsavgifta for elg og hjort skal betalast på den måten kommunen fastset.
Miljødirektoratet sender faktura til den valdansvarlege etter enda villreinjakt.

Saksbehandlingstid

Godkjenning av vald skal skje innan 15. juni.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak som er gjort av kommunen, og Miljødirektoratet for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 13.08.2025

Prisar

Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker

For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.

For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)

Havbrukssaker

Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 300 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?