Grafisk profil (profilhandboka)

Den grafiske profilen til Stord kommune er bygd på kommunen sin visjon og verdiar. All kommunikasjon frå kommunen skal ha ein klar og tydeleg avsendar og den grafiske profilen skal vere førande for all profilering. Logo skal alltid vera med på publikasjonane våre og må framstillast etter retningslinene for bruk av logo.

Kommunen - ein spesiell arbeidsplass. Arbeidet vårt vert ofte vurdert utanfrå. Som brukar skal ein oppleva både eigarskap til kommunen, deltaking i lokaldemokratiet, og at ein får noko att for "skattepengane" i form av tenester osv. Her handlar det om å synleggjera aktivitetane våre.

Kommunikasjonen må reflektera kvaliteten i det me gjer. Det må aldri vera tvil om at kommunen er avsendar! Kommunikasjonen må vera av høg kvalitet, både innhaldsmessig og visuelt. Dei grafiske retningslinene tek vare på det visuelle uttrykket. Her finn du prinsipp, element, døme og malar som gjer arbeidet enklare. Dette kan også formidlast vidare til ulike leverandørar for å gjera prosessen så enkel og økonomisk som mogeleg.

Identitet

Å arbeida i Stord kommune inneber å vera service- og brukarorientert. Me er medvitne om at kommunen si oppgåve er å leggja tilhøva tilrette for eit best mogeleg liv for innbyggjarane. Me vil skapa gode oppveksttilhøve og eit sterkt næringsliv. Me lyttar til innbyggjarane og jobbar med å betra tilbodet og å driva rasjonelt. Kommunen er også ein viktig forvaltar av vår felles kulturarv. Felles identitet vil og vera grunnlaget for eit godt arbeidsmiljø.

Me må difor syta for:

  • at kommunikasjonen reflekterer vår felles identitet
  • at me framstår som brukarvenlege og positive
  • at me kommuniserer på ein enkel måte og med eit godt språk
  • at me spør etter tilbakemelding frå brukarane

Å byggja opp ein positiv identitet for både brukarar og tilsette krev eit systematisk og langsiktig arbeid. I denne samanhengen er den grafiske identiteten det "andletet" me skal knytta våre positive erfaringar til, - for å oppnå kjensla av eigarskap.

Gå gjerne vidare og gjer deg kjent med profilelementa våre.


Logoar
Logoen er det viktigaste grafiske elementet. Han skal alltid stå fram så tydeleg som mogeleg utan at storleiken vert for påtrengjande. Det er viktig at logoen vert oppfatta likt kvar gong. Plassering og omgjevnader bør difor følgja retningslinene så langt som mogeleg.

Logoen har ein hovudvariant som alltid er å føretrekkja dersom det er mogeleg. Tilleggsvariantane skal brukast der hovudvarianten ikkje er eigna.

Hovudvariant

Våpen med namnetrekket i grå skrift saman med vedhenget "kristtornbyen". Skal brukast på lyse bakgrunnar (1). Logoen kan unntaksvis også nyttast utan vedhenget "kristtornbyen".

Tilleggsvarianter

Det er laga fleire fargevariantar som skal brukast i andre samanhengar.

  • Med lysgrå skrift - skal brukast på mørkare bakgrunnar (2)
  • Gråtonar - skal brukast i einfargetrykk (avis etc.) (3)
  • Svart - skal brukast på fax etc. der gråtonar ikkje fungerer (4)

Pass på

  • Det må ikkje føyast til uvedkomande element til logoen (5)
  • Bakgrunnen skal vera så roleg som mogeleg (6)
  • Høgde-/breiddetilhøver må ikkje endrast (7)
  • Elementa i logoen skal alltid ha same proporsjonar (8)
  • Gje god plass rundt logoen. Det skal ikkje plasserast andre element på nærare avstand enn høgda av begge linene i namnet.(9).

 

Motivet i Stord sitt kommunevåpen er ein kristtornkvist i gull. Våpenet vart godkjent og teke i bruk i 1987. Valet av motiv er naturleg, all den tid det veks kristtorn vilt på øya. Me likar å omtala byen vår som kristtornbyen, og har fått dette med i kommunelogoen.

Nedanfor finn du logo til Stord kommune for nedlasting.

Plasseringsvenleg grafikk i PDF- JPG og GIF-format. Desse elementa er godt eigna til å plassere inn i dokument laga i Office program som Word, PowerPoint mm.

 

Kommunevåpen

 


Kommunevåpen
      - Kommunevåpen-farge.ai ai, 68 kB, åpnes i nytt vindu. (67,5 KB)
       - Kommunevåpen-farge.eps eps, 7 kB, åpnes i nytt vindu.(7,22 KB)
       

 

 

Kommunevåpen med namn

 


Kommunevåpen farge med namn
   - Kommunevåpen-farge-m-namn gif, 5 kB, åpnes i nytt vindu..gif (4 KB)     
    - Kommunevåpen-farge-m-namn jpg, 10 kB, åpnes i nytt vindu..jpg (9 KB)
    - Kommunevåpen-farge-m-namn png, 12 kB, åpnes i nytt vindu..png (11 KB)  

   


 

Kommunevåpen med namn til høgre

 


Stord kommune logo med høgre tekst
kommunevåpen i fargar med stolpe

 


Kommunevåpen svart med stolpe
Grå kristornstolpe
Grå kristornstolpe ned
Grå kristornstolpe liggande

Andre

- Stord-kommune-logo.cmyk eps, 263 kB, åpnes i nytt vindu..eps (263 kb)
- Stord-kommune-spotfarge-logo eps, 261 kB, åpnes i nytt vindu..eps (261 kb)
- Stord-kommune-logo eps, 269 kB, åpnes i nytt vindu..eps (268 kb)  

For å sjå bilete klikk på teksten, for å lasta ned fila høyreklikk på teksten og vel "Lagre mål som". For å lasta ned filer som esp og ai må du ha programmet Adobe illustrator.

Om du ynskjer å nytta logoen i andre variantar finn du desse under:
U:\Stordkommune logoar

Powerpoint malane finn du under Fil/ny i Power Point.

Slik skal fargane brukast og definerast.

Dette er Stord kommune sine logofargar (hovudfargar):

Fargar
Raud

Raudfargen skal brukast på skjoldet i logoen, og kan også brukast på andre grafiske element/skrift.

Spesifikasjonar

4-fargetrykk (CMYK): M79, Y94 (%)
Spotfarge: PMS 179
RGB (skjermvisning): R204 G0 B0
Internett-sikker farge: #CC3333

Raudfargen må aldri brukast i anna enn 100% farge.

Gul

Gulfargen skal brukast på kristtornet i logoen, og kan også brukast på andre grafiske element/skrift.

Spesifikasjonar

4-fargetrykk (CMYK): M27, Y100, K6 (%)
Spotfarge: PMS 124
RGB (skjermvisning): R255 G204 B51
Internett-sikker farge: #FFCC33

Gulfargen kan brukast i raster (f. eks. 50%) av full farge.

Grå

Gråfargen skal brukast på skrifta i logoen og kan også brukast på andre grafiske element/skrift.

Spesifikasjonar

4-fargetrykk (CMYK): K65%
Spotfarge: Cool Gray 9
RGB (skjermvisning): R77 G77 B77
Internett-sikker farge: #999999

Gråfargen kan brukast i raster (f.eks. 50%) av full farge.


Tilleggselement

For å gje eit uttrykk som kan kjennast att er det laga eit par grafiske tilleggselement.

Kristtornelement

Elementet er det same som det vertikale feltet i logoen. Det er difor uheldig å bruka elementet i same storleik og plassert nær logoen.

Sjå gjerne døme på korleis dette elementet kan brukast.

Stipla line

Ein gjengangar i det visuelle uttrykket er dei stipla linene. Linene kan vera gule, grå eller raude. Linene skal ha ein tjukkleik på 1,5 punkt i trykksaker.

Det er viktig å bruka rette skrifttypar.

Skriftval er viktig for gjenkjenninga, viktigare enn ein kanskje trur. Det er difor viktig å halda seg til profilen her.

Verdana

Standardfont i Stord kommune. Alle tekstmalar i kommunen skal vere innstilt på Verdana. Hovudstorleik str. 10. Det kan varierast med kursiv og feit skrift. Skal nyttast til overskrifter og fortløpande tekst i saksframlegg, brev, e-post og alle andre dokument produsert internt i kommunen. Verdana skal også nyttast på Stord kommune sine nettsider. Unntak er PowerPoint-presentasjonar og skilt.

Trebuchet

Skal nyttast i Powerpoint-presentasjonar, slik den ligg føre i malen.

DIN Engschrift

Skal nyttast til kommunale skilt, slik det vert skildra under retningsliner for skilt.

Bil

Merking av bilar

Bildekoren må tilpassast kvar einskild biltype i samarbeid med skiltleverandøren. Sjå eksempel her pdf, 1006 kB, åpnes i nytt vindu.

På utrykningsbilar kan ein også bruka einingsnamn. Då i same bokstavfarge som i hovudlogo og ein anna plass på bilen.

Ved innkjøp av nye bilar skal ein som utgangspunkt velje kvit eller grå bilfarge. Brannvesenet kan ha raude bilar.

Når bilar vert seld eller kassert (går ut av kommunal teneste), skal den kommunale logoen takast vekk.

Stord kommune har ingen avtale for kjøp av bildekor.

Brosjyrar

Små faldarar, trykksaker, brosjyrar som vert laga/trykt internt:  Bruk denne malen docx, 3 MB.

. Mal til framsider til ulike planar mm. finn du under framsidemalar lenger nede på sida.

Brosjyrar som vert laga eksternt: brosjyremalen skal brukast.

Det skal hentast inn tilbod frå fleire trykkeri. Dersom du ynskjer å få hjelp, ta kontakt med innkjøpssjef.

E-post

All tekst i e-postar skal vera i fonten Verdana.

Det skal berre nyttast rein tekst i sjølve e-posten, altså ikkje bildefiler, bakgrunnselement, emoji eller liknande.

Alle signaturar skal innehalde namn, eining, stilling, telefonnummer og evt. kommunalt mobilnummer (tenestemobil). Signaturen skal ikkje innehalde andre element enn rein skrift.

E-post signatur vert lagt ut sentralt for alle tilsette i Stord kommune.

Flagg - kommuneflagg

Her finn du informasjon om kommuneflagget

Framsidemal til planar

Mal til framside finn du i word (i Opensone). Gå på Fil > ny > Delt (den står på gjeldende). Her finn du Framsidemal med bilde. Du kan også lasta framsidemalen docx, 1004 kB.

 - trykk på word versjonen.

ID kort

Einingsleiar tek kontakt med tekniske tenester for oppsett av kort. Dei treng bilete av deg, eining, tittel, kva tilgangar du treng, og ein firesifra kode.

Klede

Einingsnamn kan plasserast på rygg og/eller front i tillegg til kommunevåpen i same farge som kommunevåpen (svart eller kvit). Mørke tekstilar bør ha kvit farge på merking. Lyse tekstilar bør ha svart farge på merking.

Sjå eksempel på klede her pdf, 6 MB, åpnes i nytt vindu.

Stord kommune har ingen innkjøpsavtale for kjøp av tekstildekor.

Konvoluttar

Konvoluttar med Stord kommune sin logo skal brukast til alle offisielle brev som vert sendt frå Stord kommune (som tilsett i Stord kommune).

Stord kommune sin logo på konvoluttar skal ikkje brukast på privat korrespondanse.

Fargar

Konvoluttane skal trykkast i tre fargar.

I tillegg til dei format som er vist her, finnest også konvoluttane i fylgjande format:

B 4
C 4 uten vidu
E6/5 med og uten vidu

Einingsnamnet vert ikkje trykt på konvoluttane.

Powerpoint

Malen skal alltid nyttast ved presentasjon for "eksterne" kundar. Dette gjeld også politikarane

Ver varsam med verkemidlar. Den gule og kvite varianten er likestilt.

Framgongsmåte for bruk av Power Point malar er:

  1. Opne PowerPoint via startknappen, og den kvite malen kjem automatisk opp. 
  2. Eller du kan gå på fil/mine maler/vel fane Stord kommune - her finn du kvite og gule malar
  3. Ønskjer du breiare mal enn 4:3, gå på fana "utforming" og vidare "lysbildestørrelse", vel "bredformat" (16:9)

Skilt

Utvendige skilt på bygningar:

Jf. Plan og bygningsloven Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. § 20-1 punkt i, bygningsforskrifta Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. § 4-1 punkt d og Kommuneplanen for Stord kommune § 1.32 som gjeld skilt og reklame:

  • Oppsetting av skilt over 0,5 m2 er søknadspliktig. Byggesaksforskrift § 3-1 punkt d viser kva tiltakshavar sjølv kan søkja om, større skilt krev ansvarsrett. 

Generelle retningsliner

Alle skilt må tilpassast kvart einskild bygg og tilgjengeleg plass:

Under finn du døme på skiltmal for både utvendige og innvendige skilt:



Døme på fasadeskilt med med bua front 

Materiale: aluminium

Format: vanlegast er 1200 * 1200 mm.

 - Her finn du mal for fasadeskilt pdf, 788 kB, åpnes i nytt vindu. i pdf.


Døme på frittståande skilt med bua eller plan front

Materiale: aluminium

Format: må vurderast i kvart tilfelle. Typisk er 1000 * 2000 mm


Døme på informasjonstavler

Tavler med bua eller rett front

Materiale: aluminium gjerne eloksert

Format: må vurderast etter plassering og plass

Dørskilta har utskiftbar tekst (namnesetlar), og kan redigerast i denne malen: Kven kan laga dørskilt til meg? | Ofte stilte spørsmål | Serviceportal (pureservice.com) Lenke til et annet nettsted.

Namnet på dørskiltet skal vera med små bokstavar og feit tekst. Også stillingsnamn (yrkestittel) skal vera med små bokstavar, men ikkje feit tekst! Det er valfritt om det skal stå stillingsnamn eller ikkje på dørskiltet.

Døropphenget kan kjøpast på www.modulex.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Send e-post til mxno@modulex.no og bestill "61400500 Pacific Interiør-Paperflex m/klar front str. H:61mm x B:157mm, m/clips" Kostar ca. 164,- u/mva.

Montering av skilt

Følg rettleiing utarbeida av leverandøren. Dørskiltet skal hengja på veggen ved sida av døra slik: 160 cm frå golvet og 3-5 cm avstand til list. Dørskiltet kan også hengjast på døra, der dette høver best (NB! Då er det ofte lurt å bruka dobbelsidig tape!)

Innkjøp av skilt

Kontakt reklamebyrå eller kjøp oppheng til dørskilt sjølv.

Sosiale medier

Sosiale media som Facebook vert stadig viktigare i kommunen sin kontakt med befolkninga.

Dei einingane som opprettar facebook/twitter mm. kan kan profilera seg ved bruk av bilete av bygning/lokasjon eller kommunevåpenet.

Stempel

Trykk her for å sjå Stord kommune sitt offisielle stempel jpg, 12 kB, åpnes i nytt vindu.

Einingsnamnet skal stå på stempelet.

Kommunen har ikkje rammeavtale for bestiling av stempel. Du kan bestilla sjølv gjennom for eksempel Lator skiltfabrikk a.s i Bergen eller StempelXperten på Nesttun.

Utskriftsmal

Utskriftsmal.pdf docx, 771 kB.

Utskriftsmal.dotx dotx, 769 kB.

Bruk skrifttype Verdana str. 10.

Lysingar

Informasjons- og stillingsannonsar skal lagast etter denne malen. png, 104 kB, åpnes i nytt vindu.

Ved sponsing av lysingar skal logoen plasserast slik jpg, 5 kB, åpnes i nytt vindu.

Ledige stillingar

Alle lysingar vedk. ledige stillingar skal sendast støtteeining lønn og personal, som samordnar lysinga for ledige stillingar.

Innsendingsfrist tysdagar kl. 12.00.

Andre lysingar

Alle andre lysingar skal kvar eining sjølv senda til bladet "Sunnhordland" ved å nytta adressa: annonse@sunnhordland.no

Innsendingsfrist kl 10.00 to virkedagar før annonsedato.

Sei klart frå om kvar rekninga skal sendast. Send kopi til fellestenester@stord.kommune.no (for korrekturlesing) og til nettsida@stord.kommune.no

Kommunevåpenet til Stord vart godkjend ved kongeleg resolusjon 19.06.87, med definisjonen: 

“På raud grunn ein gull kristtornkvist. Flagget skal vera: på raud grunn ein gul kristtornkvist. ”

Kristtorn planta er vanleg på øya og er eit kjennemerke for kommunen.

Kommunevåpenet er teikna av Truls Nygård (heraldisk Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. teiknar) i 1987.

Namnet Stord kan koma av det gamalnorske “sturdo” eller “stirdi” som tyder høg eller stiv. Det kan og koma av eit ord som tyder fruktbar jord. Her er rik vegetasjon og høge fjell og såleis naturleg grunnlag for begge tydingar.

Namnet Kristtorn går i dansk botanisk litteratur tilbake til 1684.

Her kan du lesa meir om korleis våpenet vart til og vedtaket (pdf) pdf, 7 MB.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?