Private planforslag
§ 2.1 Gebyr for arbeid med oppstart
§ 2.1.1 Gebyr for planinitiativ
Gebyr for gjennomgang av planinitiativ inkluderer eit initiativ. I fall planinitiativ må sendast inn fleire gonger, fakturerast gebyr per sending.
- Gjennomgang av planinitiativ, kr 9 908,-
- Planinitiativ som sendast inn fleire gonger, kr 4 166,-
§ 2.1.2 Enkeltgebyr for møte
- Oppstartsmøte, kr 18 330,-
- Oppstartsmøte mindre endringar etter pbl § 12-8 andre ledd, kr 10 831,-
- Avklaringsmøte med forslagsstillar/plankonsulent utover oppstartsmøte, kr 8 332,-
§ 2.1.3 Råd i planlegginga - usemje på vesentlege punkt
Sak til politisk utval om å gi råd ved usemje på vesentlege punkt i oppstartsmøte i ei detaljreguleringssak etter pbl § 12-8 første ledd, kr 16 664,-
§ 2.1.4 Stopp av planinitiativ
Dersom forslagsstillar krev avgjersla om stans av planinitiativ førelagt politisk utval til handsaming etter pbl § 12-8 andre ledd, kr 17 914,-
§ 2.2 Mangelfulle plandokument
Tillegg for planforslag som ikkje er levert etter gjeldande standard for kart og geografisk informasjon eller kommunens retting av plandokument, per time kr 1 666,-
Gebyr gjeld i dei tilfelle kommunen har meirarbeid ved retting av planforslaget og/eller tilhøyrande dokument.
§ 2.3 Gebyr for handsaming av privat planforslag
§ 2.3.1 Grunngebyr for planforslag
Gebyr som skal dekke dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av tiltakets kompleksitet og storleik.
Private planforslag, per planforslag, kr 178 579,-
§ 2.3.3 Planar med konsekvensutgreiing og/eller planprogram
For planforslag som krev konsekvensutgreiing (KU) og/eller planprogram skal det betalast eit tilleggsgebyr.
- For planar som krev konseskvensutgreiing, per planforslag, kr 23 329,-
- For planar som krev konsekvensutgreiing og planprogram, per planforslag, kr 51 102,-
§ 2.3.4 Arealføremål og omsynssoner i planforslaget
Det skal betalast tilleggsgebyr dersom planforslaget inneheld over 10 arealføremål og/eller 5 omsynssoner. Gebyrgivande arealformål er gitt av underføremål i pbl §12-5 og omsynssoner definerast i vedlegg 1 til kart- og planforskriften.
- Over 10 arealføremål, per planforslag, kr 11 664,-
- Over 5 omsynssoner, per planforslag, kr 11 664,-
§ 2.3.5 Arealgebyr for arealet i planen
Dersom arealet til planen er over 5 daa, skal det betalast tilleggsgebyr etter følgande tabell:
- 5.001-10.000 m2, per planforslag, kr 11 664,-
- 10.001-20.000 m2, per planforslag, kr 16 664,-
- Over 20.000 m2, per planforslag, kr 23 329,-
§ 2.3.6 Arealgebyr for areal regulert til bygg og anlegg (jf. Pbl § 12-5 nr. 1)
Dersom arealet til utbygging jf. Pbl § 12-5 nr. 1 er over 6000 m2 skal det betalast tilleggsgebyr.
Areal til utbyggingsføremål (gjeld for både bustad, fritidsbustad, næring mv.)
- 6.001-15.000 m2, per planforslag, kr 6 665,-
- 15.001-30.000 m2, per planforslag, kr 9 998,-
- 30.001-45.000 m2, per planforslag, kr 16 664,-
- Over 45.000 m2, per planforslag, kr 23 329,-
§ 2.3.7 Tilleggsgebyr for vertikalnivå
Planforslag med regulering i fleire vertikalnivå enn grunnarealet over bakken, jf. kart- og planforskriften § 9, 3. ledd.
Tilleggsgebyr for fleire vertikalnivå, per vertikalnivå utover eitt, Kr 4 955,-
§ 2.3.8 Forhold til overordna planer i kommunen
Dersom planforslaget er vesentleg i strid med kommuneplanens arealdel og føresegner og målsettingar må det betalast eit tilleggsgebyr på kr 28 994,- per planforslag.
§ 2.4 Utfylling og endring av plan Ved utfylling eller endring av plan skal det betalast gebyr
- Små endringar i reguleringsplan eller utfyllingar, til dømes justering av arealføremål jf. pbl § 12-14 andre ledd – som kan handsamast administrativ, per endringsforslag, kr 18 331,-
- Endringar i reguleringsplan eller utfyllingar innanfor hovudtrekka i reguleringsplanen, jf. pbl § 12-14 andre ledd, endra areal er under 2 daa – som krev politisk handsaming, per endringsforslag, kr 44 158,-
- Endringar i reguleringsplan eller utfyllingar innanfor hovudtrekka i reguleringsplanen, jf. pbl § 12-14 andre ledd , endra areal er over 2 daa – som krev politisk handsaming, per endringsforslag, kr 64 155,-
- Endringar som vert handsama som ny plan i samsvar med pbl § 12-14 første ledd, per planforslag, gebyr etter § 2.3
§ 2.5 Gebyr ved avslutning av planprosess
Dersom planinitiativ/planforslag vert trekt eller ved manglande oppfølging frå forslagsstillar, skal forslagsstillar betala ein del av samla gebyr avhengig av kor langt kommunen har kome i sakshandsaminga.
- Dersom saka vert trekt før oppstartsmøte, per planinitiativ, gebyr etter § 2.1.1
- Etter oppstartsmøtet, men før innsending av komplett forslag, per planoppstart, gebyr etter § 2.1 pluss 20 % av gebyr etter 2.3
- For sak som vert avslutta etter påbegynt sakshandsaming, men før førstegongshandsaming, per planforslag, gebyr etter § 2.1 + grunngebyr + 50 % av gebyr etter 2.3
- For sak som vert avslutta etter påbegynt sakshandsaming og etter førstegonghandsaming, per planforslag; fullt gebyr
Dersom det ikkje er varsla oppstart av plan innan 6 månadar etter gjennomført oppstartsmøte, kan kommunen avslutte saka.
Tilsvarande gjeld der komplett planforslag ikkje er motteke innan 18 månadar etter kunngjering av oppstart. Dette gjeld med mindre kommunen og forslagsstillar har avtala noko anna.
§ 2.6 Gebyr for anna fakturerbart arbeid
Gebyrpliktig arbeid etter plan- og bygningsloven som ikkje fell inn under andre paragrafar i dette kapittelet, vert fakturert etter medgått tid. Arbeid kommunen har med utbyggingsavtaler vert fakturert etter medgått tid. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjera at saka vert fakturert etter medgått tid.
Gebyr for medgått tid, per time, kr 1 666,-
§ 2.7 Gebyrfritak
§ 2.7.1 Offentlege planforslag
Kommunen reknar ikkje gebyr for å handsame planforslag frå offentlege forslagsstillar når planen skal ivareta offentlege interesser eller funksjonar og tiltaket skal finansierast med støtte frå stat eller kommune, eller med lån som har statleg eller kommunal garanti.
§ 2.7.2 Unntak gebyrfritak – ulovleg statsstøtte
Offentlege forslagsstillar, derunder kommunale føretak, som fremjar planforslag knytt til eigedomsutvikling av reine eigedoms- og grunneigarinteresser (kommersielle interessar), er likestilt med privat forslagsstillar og skal betale gebyr.
§ 2.7.3 Planforslag frå offentlege forslagsstillar med kommersielle interesser
Der deler av planen frå offentleg forslagsstillar, til dømes kommunale føretak, er knytt til eigedomsutvikling mv. (kommersielle interesser), skal det betalast gebyr for den aktuelle delen av planen etter § 2.1-§ 2.6.
§ 2.7.4 Areal som det ikkje bereknast gebyr av
Den del av planforslaget som regulerast til LNF, offentlege grønstruktur- og friluftsføremål, verneområde samt eksisterande offentlege trafikkområde skal ikkje tas med i utrekninga av gebyret
