Vaksine mot influensa og lungebetennelse

Vaksinasjon

Vaksinasjon

Risikogrupper og innbyggarar over 65 år er tilrådd oppfriskingsdose mot influensavaksine årleg, og pneumokokkvaksine (lungebetennelse) kvart 6. år.

Vaksinering mot sesonginfluensa 2025

1. juni 2025 blei det innført eit nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne. Programmet omfattar personar frå og med det året dei fyller 65 år, samt yngre personar som er i risikogrupper.

Det nye vaksinasjonsprogrammet omfattar:

  • Årleg vaksine mot sesonginfluensa
  • Årleg vaksine mot covid-19 (Koronavaksine)
  • Pneumokokkvaksine til dei som fyller 65 år i år.

Risikogruppene blir definerte av Folkehelseinstituttet (FHI) (sjå under).

Målet med vaksinasjonsprogrammet er å førebyggje sjukdom og dødsfall. Det vil bli sendt påminningar til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinetilbodet.

Eigenbetaling

Du betalar ein eigendel når du tar vaksine. Prisane nedanfor gjeld for personar i risikogruppa. Om du vel å ta fleire vaksinar samstundes, vert eigendel lågare.

Oversikt over type og anbefaling

Type vaksinasjon

Eigenbetaling (kr)

Sesonginfluensa

301

Covid-19

110

Covid-19 samvaksinasjon

85

Pneumokokksykdom (lungebetennelse)

110/500

Pneumokokksykdom samvaksinasjon (f. 1960)

85

Merk at det kun er personar fødde 1960 som får pneumokokkvaksina til redusert pris (kr 110).

Kven bør ta influensavaksine

Influensavaksine blir spesielt tilrådd for:

  • Alle frå og med det året dei fyller 65 år
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
  • Gravide etter veke 12 i svangerskapet (2. og 3. trimester), og gravide i 1. trimester som har annan helserisiko
  • Prematurt fødde barn, særleg dei som er fødde før veke 32 i svangerskapet, frå dei er 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (med unntak av godt regulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særleg ved redusert lungekapasitet og/eller svekt hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling (til dømes ved organtransplantasjon, kreft, HIV, reumatoid artritt eller liknande tilstandar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa kan gi alvorlege komplikasjonar

I tillegg blir vaksinen tilrådd for:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar
  • Personar som bur saman med, eller er i nær kontakt med, personar med sterkt svekt immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Kvifor bør eg ta influensavaksine?

  • Influensa er ein alvorleg sjukdom som kan føre til lungebetennelse, forverring av kroniske grunnsjukdomar og varig svekt helse. For personar i risikogruppene kan influensa gi alvorlege komplikasjonar.
  • Influensavaksine reduserer risikoen for desse komplikasjonane, og kan bidra til å førebyggje alvorleg sjukdom, sjukehusinnlegging og i verste fall død.
  • Vaksinasjon er spesielt viktig for deg som har auka risiko for komplikasjonar, eller som er i nær kontakt med sårbare personar. For meir informasjon om influensavaksine, sjå FHI sin nettstad om influensavaksine

Kven bør ta koronavaksine?

Folkehelseinstituttet tilrår ei oppfriskingsdose for følgjande grupper:

  • Personar 75 år og eldre 
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Personar i alderen 18–74 år som høyrer til ei risikogruppe
  • Ungdom 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Barn frå 6 månader til 11 år med alvorleg grunnsjukdom, etter individuell vurdering av behandlande lege
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte

Merk: Dersom du er under 65 år og ikkje sjølv er i ei risikogruppe, men bur saman med ein person med svekt immunforsvar, må du betale full pris for vaksine og vaksinering. Du er då ikkje omfatta av vaksinasjonsprogrammet

Tilbod til andre grupper

  • Personar mellom 65 og 74 år som ikkje er i risikogruppe kan få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet, til same eigenandel som risikogruppene.
  • Gravide utan underliggande sjukdom blir ikkje lenger rekna som ei risikogruppe for alvorleg koronasykdom.
  • Gravide med underliggande sjukdom blir framleis tilrådde oppfriskingsdose og er inkludert i gruppa «18–74 år i risikogruppe».

Vaksinasjon av barn og unge under 18 år

  • Folkehelseinstituttet vurderer at det ikkje er grunnlag for å tilrå grunnvaksinasjon til barn og unge under 18 år utan underliggande sjukdom. Dei får svært sjeldan alvorleg koronasykdom, men enkelte kan trenge sjukehusbehandling.
  • Vaksinasjon kan vere aktuelt for barn og unge med alvorleg grunnsjukdom. Barn i alderen 6 månadar–4 år og 5–11 år får eigne barnedosar.
  • For timebestilling for barn: Ta kontakt med din faste helsesjukepleiar.
  • Barn som har fylt 16 år kan gje samtykke til vaksinasjon sjølve
  • For barn under 16 år, krevst samtykke frå føresette. Ved felles foreldreansvar må begge føresette samtykke.

Pneumokokkvaksine:

Folkehelseinstituttet tilrår pneumokokkvaksine til eldre over 65 år og personar med immunsvikt eller kroniske sjukdomar.

Pneumokokkar er bakteriar som kan føre til sjukdommar som lungebetennelse, øyrebetennelse og bihulebetennelse, men dei kan òg gi meir alvorlege infeksjonar som blodforgifting (sepsis) og hjernehinnebetennelse (meningitt).

Bakterien finst naturleg i nase og svelg hos mange friske personar. Smitte skjer vanlegvis gjennom nærdroppesmitte, som ved hosting eller nysing. Dei fleste blir ikkje sjuke, men enkelte personar har høgare risiko for å utvikle alvorleg pneumokokksjukdom dersom dei blir smitta. Det finst mange ulike typar pneumokokkbakteriar, og nokre av dei gir oftare sjukdom enn andre.

Kven bør ta pneumokkvaksine?

  • Alle personar over 65 år.
  • Personar med sjukdom som gir svekt immunforsvar, eller som brukar medisinar som svekkar immunforsvaret.
  • Personar med kroniske sjukdomar og enkelte andre tilstandar som aukar risikoen for alvorleg pneumokokksjukdom → Snakk med fastlegen din dersom du er usikker på om du er i ei risikogruppe.
  • Personar med auka smitterisiko gjennom arbeid, til dømes:
    • Laboratoriepersonell
    • Personar som blir eksponerte for sveiserøyk

Les meir om vaksine for vaksne her Vaksiner til vaksne - FHI Lenke til et annet nettsted.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?