Badeanlegg, bassengbad og badstu o.a. - meldeplikt
Kort fortalt
Eig du eit badeanlegg, basseng eller ei badstove som er offentleg tilgjengeleg? Då er det fleire krav til helse, tryggleik, hygiene og drift som du må ta omsyn til.
Beskrivelse
Før badeanlegga (som òg inkluderer bassengbad, badstuer og boblebad) blir tatt i bruk, og ved endringar i drifta, skal eigaren gje kommunen melding om alle forhold som kan verke inn på helse, hygiene eller tryggleik for brukarane. For boblebad spesielt skal meldinga mellom anna innehalde opplysningar om utforminga og kva modell/type boblebadet er. Badeanlegg skal vere tilfredsstillande for helse og hygiene. Dei skal vere utforma slik at dei førebyggjer ulukker. Personellet skal ha opplæring i persontryggleik, og det skal utarbeidast instruksar for brukarane. Det skal takast jamlege prøver av vasskvaliteten.
Målgruppe
Eigarar av badeanlegg, inkludert bassengbad, badstu og boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta
Regelverk
Sjå blant anna folkehelselova kapittel 3 Miljørettet helsevern.Lover
Praktiske opplysninger
Saksbehandling
Dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit tiltak.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 04.01.2021
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Осмотр на наличие туберкулёза
- فحوصات مرض السلّ
- Dépistage de la tuberculose
- Tuberculosis (TB) Examination
- Tuberkulosa iskkadeapmi
- Tuberkuloseundersøkelse
- Tuberkuloseundersøking
- Tüberküloz muayenesi
- Legionellasmitte - forebyggende tiltak
- Legionellasmitte - førebyggjande tiltak
- Helse og miljø i barnehagen, skolen og SFO
- Badeanlegg, bassengbad og badstu mv. - meldeplikt
- Influensavaksine
- اللقاح
- Vaksine
- Vaccination
- Прививки
- Aşı
- Vaccination
- Andre vaksinar inkl. reisevaksine
- Vaksine
- Miljøretta helsevern
- Meldeplikt for verksemder som kan påverke helsa
- Meldeplikt for virksomheter som kan innvirke på helsen
Sist oppdatert
