Meldeplikt for verksemder som kan påverke helsa
Kort fortalt
Har du ei verksemd eller ei teneste som er open for allmenta og omfattar ei form for opphaldsmoglegheit, hygiene og pleie, bad eller bruk av vatn? Då har du meldeplikt ved oppstart og eventuelle endringar.
Beskrivelse
For å sikre befolkninga mot faktorar i miljøet som kan verke negativt inn på helsa, har visse typar verksemder meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar. Meldinga bør innehalde ei kortfatta oversikt over positive og negative miljøforhold som kan verke inn på helsa. Desse har meldeplikt:
- asylmottak
- hospits
- campingplassar og liknande
- undervisningslokale og andre forsamlingslokale
- verksemder som slepp ut avløpsvatn
- verksemder som har kjøletårn og liknande innretningar
- badeanlegg, inkludert boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta
- frisør- og hudpleieverksemder
Regelverk
Styresmakta til kommunen er lovpålagd. Sjå spesielt folkehelseloven § 10 - Meldeplikt og godkjenning og kap. 3 - Miljørettet helsevernLover
Praktiske opplysninger
Saksbehandling
Når du sender melding, inneber ikkje det at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn. Det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtak om pålegg innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 09.03.2021
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Meldeplikt for virksomheter som kan innvirke på helsen
- Miljøplager eller -risiko (melding om)
- Miljøplager
- المشكلات البيئية أو المخاطر (التي يتم الإخطار عنها)
- Environmental Health Concerns
- Çevresel sorunlar veya riskler (bildirilmesi)
- Problèmes ou risques environnementaux (notification)
- Birasváddu dahje riska (dieđáhus)
- Загрязнение или риски загрязнения окружающей среды (информирование о них)
- Influensavaksine
- Tuberkuloseundersøkelse
- Badeanlegg, bassengbad og badstu o.a. - meldeplikt
- Vaccination
- Badeanlegg, bassengbad og badstu mv. - meldeplikt
- Helse og miljø i barnehagen, skolen og SFO
- Legionellasmitte - førebyggjande tiltak
- Legionellasmitte - forebyggende tiltak
- اللقاح
- فحوصات مرض السلّ
- Tuberkulosa iskkadeapmi
- Aşı
- Tüberküloz muayenesi
- Tuberculosis (TB) Examination
- Vaccination
- Dépistage de la tuberculose
- Осмотр на наличие туберкулёза
- Прививки
- Tuberkuloseundersøking
- Vaksine
- Fagkontor plan
- Vaksine
- Andre vaksinar inkl. reisevaksine
- Naturmangfald
- Miljøretta helsevern
- Klima og forureining
Sist oppdatert
