Tuberkuloseundersøking
Kort fortalt
Kjem du frå land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking.
Beskrivelse
Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking. Tuberkuloseundersøkinga består av ein tuberkulintest (hudprøve), røntgenfotografering av lungene og eventuelt ei blodprøve. Tuberkulose er ein infeksjon som kan ramme ei rekkje organ. Den viktigaste forma er lungetuberkulose. Denne kan vere livstruande utan behandling. Undersøkinga utgjer ein del av kommunen sitt program for å førebyggje og kjempe mot tuberkulose. En person med tuberkulose har plikt til å rette seg etter legen sine tilvisingar og om nødvendig la seg isolere for å motverke at sjukdommen blir spreidd til andre.
Målgruppe
Desse personane har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkinga, jf. kapittel 3 i tuberkuloseforskrifta:
- Personar som skal opphalde seg meir enn tre månader Noreg, som må ha opphaldsløyve, registreringsbevis eller opphaldskort og som kjem frå land der tuberkulose er utbreidd
- Flyktningar og asylsøkjarar som kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
- Personar som skal arbeide i helse- og sosialtenesta, som lærarar eller i andre stillingar der dei har kontakt med born, og som i løpet av dei seinaste tre åra har kome frå eller har opphalde seg minst tre månader i land der tuberkulose er utbreidd
Pris for tjenesten
Tuberkuloseundersøkinga er gratis. Det gjeld òg transportutgifter.
Regelverk
Undersøkinga er ein del av dei smittevernplanane som kommunen er pålagd å ha.Sjå
Tuberkuloseforskriften kapittel 3 - Plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkelse, gjennomføring og oppfølging mv.
Smittevernloven § 7-1 Kommunens oppgaver og § 7-3 Det regionale helseforetakets ansvar
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kommunen skal sørgje for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd. Flyktningar og asylsøkjarar skal undersøkast innan fjorten dagar etter innreise. Personar som skal tiltre ei stilling, skal undersøkast med lungerøntgen før tiltredinga. Hudprøve og oppfølging av denne kan skje seinare.
Klagemulighet
Du kan søkje om fritak frå tuberkuloseundersøkinga. Får du avslag, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Vedtak om isolering som er gjort av smittevernnemnda, kan overprøvast av tingretten.
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 13.04.2021
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Dépistage de la tuberculose
- Tuberculosis (TB) Examination
- Tuberkulosa iskkadeapmi
- Tuberkuloseundersøkelse
- Tüberküloz muayenesi
- Helse og miljø i barnehagen, skolen og SFO
- Осмотр на наличие туберкулёза
- فحوصات مرض السلّ
- Legionellasmitte - forebyggende tiltak
- Legionellasmitte - førebyggjande tiltak
- Badeanlegg, bassengbad og badstu mv. - meldeplikt
- Badeanlegg, bassengbad og badstu o.a. - meldeplikt
- Influensavaksine
- اللقاح
- Vaksine
- Vaccination
- Прививки
- Aşı
- Vaccination
- Andre vaksinar inkl. reisevaksine
- Vaksine
- Meldeplikt for verksemder som kan påverke helsa
- Meldeplikt for virksomheter som kan innvirke på helsen
- Miljøretta helsevern
Sist oppdatert
