Barnekoordinator

Kort fortalt

Barn som er alvorleg sjuke eller har nedsett funksjonsevne og som treng fleire typar tenester frå kommunen har rett til å få ein barnekoordinator. Barnekoordinatoren vil samle og koordinere dei forskjellige tenestene slik at familien og barnet får den hjelpa dei treng.

Beskrivelse

Barnekoordinatoren kjenner tenestene i kommunen og vil koordinere alle tenestetilboda slik at familien og barnet får den hjelpa dei treng. Barnekoordinatoren vil blant anna

  • Gi informasjon og rettleiing om familien sine rettar og om kommunen sitt tenestetilbod
  • Formidle kontakt til aktuelle organisasjonar, for eksempel pasientorganisasjonar
  • Dersom barnet har individuell plan, sørgje for framdrift av planen
  • Sørgje for at det er samarbeid mellom dei forskjellige tenestene, for eksempel barnehage, skule, SFO og PP-tenesta.
  • Koordinere alle offentlege tenester (kommune, fylkeskommune og stat) og private som yter tenester for det offentlege.

Målgruppe

Familiar med barn der barnet over tid har eit samansett behov for hjelp.

Regelverk

Retten til barnekoordinator er lovpålagd i helse- og omsorgstenestelova § 7-2a. Plikta til å samarbeide mellom tenestene er i tillegg lovpålagd i mange lover. Sjå:
 
Tannhelsetenestelova § 1-4a
Barnevernslova § 15-8
Familievernkontorlova § 1a
Opplæringslova § 4A-14 og § 15-8
Privatskulelova § 3-6a
Spesialisthelsetenestelova §2-1e. og § 2-5a
Pasient- og brukarrettslova § 2-5c
Barnehagelova § 2b
Nav-lova § 15a
Krisesenterlova § 4
Sosialtenestelova § 13
Helse- og omsorgstenestelova § 3-4 og 7-2a
Integreringslova § 50.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Retten til barnekoordinator er ikkje ei teneste du kan søkje på. Kommunen skal sjølv tilby tenesta til dei familiane som har barn med samansett hjelpebehov. Du kan uansett ta kontakt med helsetenesta i kommunen og ta initiativ til å få ein barnekoordinator. Sjølv om familien ikkje får ein barnekoordinator, skal du få eit tilbod av kommunen som baserer seg på samarbeid mellom tenestene og du har rett til å få eit heilskapleg tilbud.

Klagemulighet

Dersom du meiner du har rett til ein barnekoordinator og ikkje har fått det, kan du klage til statsforvaltaren. Vis til pasient- og brukarrettigheitslova § 7-2 Klage. Dersom du ikkje er fornøgd med kvaliteten på barnekoordinator-tenesta, kan du klage på det også. Då klagar du direkte til den eininga i kommunen som avgjorde retten til barnekoordinator.


2023 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 05.01.2023

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?