PP-tenesta

Kort fortalt

PP-tenesta er ei forkorting for «pedagogisk-psykologisk teneste» og hjelper barnehagar og skular med å gi tilrettelagd opplæring til barn og elevar.

Beskrivelse

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) gjer faglege vurderingar – såkalla sakkunnige vurderingar – av barn og elevars behov for tilpassing eller tilrettelegging. PP-tenesta skal gjera ei sakkunnig vurdering i desse tilfella:

  • om ein elev har krav på individuelt tilrettelagt opplæring
  • søknad om / krav om fritak frå opplæringsplikta
  • søknad om tidleg eller utsett skulestart.

Målgruppe

  • Barn i barnehagen
  • Elevar i grunnskulen
  • Deltakere i førebuande opplæring for vaksne.

Kriterier

Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Regelverk

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.
Sjå:
barnehageloven § 33 Pedagogisk-psykologisk teneste
opplæringslova § 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.

Saksbehandling

Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om individuell tilrettelegjing og tilpassa opplæring.

Saksbehandlingstid

Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?