Spesialpedagogisk hjelp til barn
Kort fortalt
Også barn som ikkje har begynt på skulen enda kan få hjelp i for eksempel språklege eller sosiale dugleikar. Dette blir kalla spesialpedagogisk hjelp for barn i barnehagealder.
Beskrivelse
Er du uroleg for at barnet ditt ikkje utviklar seg som det skal? Ditt barn kan få hjelp i si utvikling og læring allereie før det startar på skulen og uavhengig om det går i barnehage eller ikkje. Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gi barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale dugleikar. Barnet ditt kan få spesialpedagogisk hjelp individuelt eller i gruppe. Foreldrerådgivning er ein del av tilbodet.
Målgruppe
Foreldre som er uroleg for utviklinga til barnet sitt eller barnehagen eller helsestasjonen.
Kriterier
Somme grunnar til uro kan vere at barnet
- Har seinka språkutvikling
- Har sosiale eller emosjonelle vanskar
- Ikkje utviklar seg motorisk eller kognitivt som forventa
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. SjåBarnehagelova § 31
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
- Føresette (ev. i samarbeid med barnehagen) sender tilvising til PPT med bakgrunn i barnet sitt behov. Tilvisingsskjema finn ein her.
Tilvisinginga skal sendast til:
Stord kommune Pedagogisk Psykologisk Teneste
Postboks 304
5402 Stord - PPT vurderer om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp eller ikkje.
- Kommunen v/fagavdeling oppvekst og kultur fattar enkeltvedtak som beskriv den spesialpedagogiske hjelpa barnet skal få. (etter samtykke /søknad frå føresette).
Her er lenke til elektronisk søknadsskjema/samtykkeskjema. Lenke til et annet nettsted.
Ferdig utfylt skjema vert sendt til Stord kommune sitt sakshandsamingssystem, og fordelt til vedkomande som fattar vedtak om spesialpedagogisk hjelp.
Sjå meir utfyllande informasjon om saksgang her: Prosedyre spesialpedagogisk hjelp. Lenke til et annet nettsted.
Merk: du kan søka om spesialpedagogisk hjelp heile året. Søknadar vert handsama fortløpande. Har du behov for rettleiing ta kontakt med fagavdeling oppvekst og kultur. Sjå kontaktinformasjon nedanfor.
Saksbehandling
Dersom det er du som forelder som har ei uro, kan du be kommunen om ei sakkunnig vurdering av barnet, eller du kan be kommunen om spesialpedagogisk hjelp. Dersom det er nokon andre enn foreldra, for eksempel tilsette i barnehagen, som melder uro til kommunen, må kommunen innhente samtykke frå foreldra før dei kan vise barnet til ei sakkunnig vurdering hos PP-tenesta. Kommunen sender så ei tilvising til PP-tenesta. PP-tenesta involverer foreldra og gjer ein utgreiing som blir avslutta med ei tilråding. Kommunen fattar eit enkeltvedtak og sender det til foreldra.
Klagemulighet
Foreldra har rett til å klage, både på avslag og på innhaldet i vedtaket, saksbehandlinga og på manglande oppfylling av enkeltvedtaket. Foreldra skal sende klaga til kommunen. Statsforvaltaren er klageinstans.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 27.02.2025
Prisar
Søskenmoderasjon
Søsken må bu i same hushald. Søskenmoderasjon vert rekna ut etter kva plasstype det enkelte barn har. Han vert berekna slik:
- For første barn må du betala vanleg pris
- For søsken nummer to får du 30 prosent søskenmoderasjon
- Gratis barnehageplass frå og med søsken nummer tre
Barnehageplass
3 dagar pr. veke kr 1 403.(ny pris frå 01. august kjem)
5 dagar pr. veke kr 1 200
Stord kommune tilbyr berre plassar 3 og 5 dagar i veka.
Det vert gitt 30 prosent søskenmoderasjon for barn nummer to. Frå og med barn nummer tre er det gratis barnehageplass.
Relatert informasjon
Skjema
- Barnehage - plan for tilrettelegging for barn med vedtak etter barnehagelova
- Barnehage - søk, endre eller seie opp plass
- Barnehage - årsrapport - Tilskot individuell tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne
- Pedagogisk rapport for barnehage før eventuell tilvising til (PPT)
- PPT - Tilvisingsskjema for barnehage (PDF)
- PPT - Tilvisingsskjema for skule (PDF)
- Barnehage - kontaktinformasjon og samtykke fra foreldre
- Barnehage - søknad om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid
- Barnehage - søknad om sommarbarnehage og registrering av ferie
- Informasjon om barnet frå barnehagen ved melding om behov for tilrettelegging av tilbodet
- Skyss for barn med rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehage - søknad
- Spesialpedagogisk hjelp - søknad
- Tilrettelagt barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne - melding om behov (frå føresette)
Relaterte artiklar
- Søkja, endra eller sei opp plass i barnehage
- Spesialpedagogisk team
- Barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne
- Alternativ kommunikasjon (ASK) for barnehagebarn
- Barnekoordinator
- Logopedteneste for barn og unge
- Syns- og audiopedagogisk teneste
- PP-tenesta
- Foreldresida
- Foreldrebetaling
- Day care services
- Barnehageplass
- مقعد روضة الأطفال
- Mánáidgárdesadji
- Barnehageplass
- Детский сад
- Place en garderie
- Anaokulu yeri
- Kindergarten Placement
- Ledig barnehageplass
- Education for Students Using Alternative and Augmentative Communication (AAC)
- Opplæring for elevar som bruker alternativ kommunikasjon (ASK)
- Opplæring for elever som bruker alternativ kommunikasjon (ASK)
- Education for Students with Hearing Impairments
- Opplæring for elevar med høyrselshemming
- Opplæring for elever med hørselshemming
- Education for Students with Visual Impairments
- Opplæring til elevar med synsnedsetjingar
- Opplæring til elever med synsnedsettelser
- Om Furuly barnehage
- Foreldresida
- Barnehage-vedtekter
- Samisk opplæring i barnehagen
- Er du ikkje nøgd med barnehagetilbodet?
- Barnehage – eit trygt og godt barnehagemiljø
- PPT
- Fagavdeling oppvekst og kultur
Sist oppdatert
