Foreldresida
Foreldreråd og Samarbeidsutval
Foreldreråd
Foreldrerådet er foreldre / føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet er arena for foreldra til å ta opp og diskutere kring saker dei ønskjer å løfte opp til leiinga i barnehagen. Det er og arena til å diskutere utspel og forslag frå barnehagen som vedgår endringar og større avgjersler i høve alle barna i barnehagen. Foreldrerådet vel to representantar som skal sitje i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Representantane skal fremje foreldre/føresette sine interesser, og bidra til at samarbeidet mellom barnehage og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Det er i foreldreråd 27.08.2014 stemt for at representantar veljast for to år om gangen.
Samarbeidsutval
Samarbeidutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet er sette saman av foreldre /føresette og ansatte i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagen sin eigar kan delta etter eige ønskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Styrar deltek på møte som informant og referent.
| Leiar | Line Bjordal- leiar foreldrerepresentant | linebjordal@hotmail.com |
|---|---|---|
| Nestleiar | Jostein Øgård - nestleiar foreldrerepresentant | josteinogard@gmail.com |
| Medlem | Oddbjørg Sørensen - personalrepresentant | oddbjorg.sorensen@stord.kommune.no |
| Medlem | Ansgar Stangeland - personalrepresentant | ansgar.stangeland@stord.kommune.no |
| Skrivar | Irene N. Vinje - styrar | irene.nilsen.vinje@stord.kommune.no |
| Politisk representant | Per Morten Kannelønning | permkanne@icloud.com |
Dagsrytmen
- Barnehagen opnar kl. 0630. Fram til kl.08.00 leikar barna på avdeling Tyrihans.
- Mellom kl. 08.00-08.30 er det frukost. Dei små går inn på avdeling Veslefrikk og et frukost der, medan dei eldste et på avdeling Kvitebjørn. Barna som har ete heime leikar på avdeling Tyrihans.
- Frå klokka 09.30-14.30 er det gruppetid. I denne tida er barna på sine avdelingar der dei leikar, har aktivitetar eller går på tur.
- Barna et lunsj med si gruppe. Dei små et ca. 10.30 og dei eldste et ca. 11.30. Det er kvilestund etter lunsj.
- Klokka 14.00 et barna eit mellommåltid som består av frukt og/eller grønsaker og knekkebrød.
- Fram til barnehagen stenger kl. 16.15 leikar barna ute eller inne.
Ny i barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet får ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen legg tilrette for ein tett og god dialog med foreldra slik at oppstarten vert best mogleg.
Slik gjer me det:
- Foreldremøte for nye barn på våren.
- Barnehagen sender ut informasjon til foreldre og inviterar barn og foreldre til besøksdag i barnehagen før barnet byrjar. Desse dagane er i slutten av juni og starten av august.
- Pedagog som skal ha ansvar for barnet tek kontakt med foreldre og avtalar oppstarttidspunkt ved nytt barnehageår som er frå 15. august.
- Dei fyrste dagane barnet er i barnehagen er det tett dialog mellom pedagogen og foreldre om kor lange dagar og kor mange dagar foreldra skal vere med barnet i barnehagen.
- Personalet skal alltid lytta til foreldre når det gjeld barnet deira, foreldre kjenner barnet sitt best.
- Foreldre kan når dei ynskjer det ringje eller kome inn i barnehagen for å høyre, sjå og oppleve korleis barnet har det.
- Foreldre som treng rettleiing i høve tilvenning i barnehagen, får dette av pedagogen som har ansvar for barnet deira.
Dei tilsette har lang erfaring og god kompetanse med tilvenning av barn i barnehagen.
Priser
Barnehage
Betalingssatsar for plass i kommunale barnehagar.
3 dagar pr. veke kr 842
5 dagar pr. veke kr 1 200
Det vert gitt 30 prosent søskenmoderasjon for barn nummer to. Frå og med barn nummer tre er det gratis barnehageplass.
Relatert informasjon
Dokument
- Handlingsplan for urovekkjande fråvær i skule og barnehage
- Informasjon om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod
- Medisinering av barn i barnehage, skule og SFO
- Overgangsplan barnehage-skule
- Retningslinje for utsett skulestart
- Tilrettelegging av barnehagetilbod for barn med nedestt funksjonsevne
- Tips til foreldre om språkstimulering
Skjema
- Barnehage - plan for tilrettelegging for barn med vedtak etter barnehagelova
- Barnehage - søk, endre eller seie opp plass
- Barnehage - årsrapport - Tilskot individuell tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne
- Pedagogisk rapport for barnehage før eventuell tilvising til (PPT)
- PPT - Tilvisingsskjema for barnehage (PDF)
- Barnehage - kontaktinformasjon og samtykke fra foreldre
- Barnehage - søknad om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid
- Barnehage - søknad om sommarbarnehage og registrering av ferie
- Informasjon om barnet frå barnehagen ved melding om behov for tilrettelegging av tilbodet
- Rapport - bruk av tilskot til tiltak for å styrka språkutviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage
- Spesialpedagogisk hjelp - søknad
- Tilrettelagt barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne - melding om behov (frå føresette)
Relaterte artikler
- Om Furuly barnehage
- Foreldresida
- Foreldresida
- Foreldresida
- Foreldresida
- Day care services
- Kindergarten Placement
- مقعد روضة الأطفال
- Mánáidgárdesadji
- Barnehageplass
- Детский сад
- Place en garderie
- Anaokulu yeri
- Barnehageplass
- Ledig barnehageplass
- Individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne
- Foreldrebetaling
- Samisk opplæring i barnehagen
- Er du ikkje nøgd med barnehagetilbodet?
- Spesialpedagogisk hjelp til barn
- Barnehage – eit trygt og godt barnehagemiljø
- Barnehage-vedtekter
- Søkja, endra eller sei opp plass i barnehage
- Fagavdeling oppvekst og kultur
Sist oppdatert
