Barnehageplass

Kort fortalt

Du har rett til barnehageplass når barnet ditt er over eitt år. Du må søkje kommunen om plass i barnehage.

Beskrivelse

Er barnet født mellom januar og juli har det rett til barnehageplass i august året dei fyller eitt. Fyller barnet eitt år i august, september, oktober eller november har det rett til barnehageplass månaden dei fyller, mens dersom barnet fyller eitt år i desember, har ikkje barnet rett til barnehageplass før fyrstkomande august.

Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eige formål, opptakskrins, opptakskriterium og eigarform.

Målgruppe

Barn 0 til 6 år som bur i kommunen.

Kriterier

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Barn med nedsett funksjonsevne
  • Barn som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta
I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

Pris for tjenesten

Maksimalpris

Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Maksprisen frå 1. august 2025 er 1200 kroner per månad.

I dei minst sentrale kommunane (kommunar som ligg i sentralitetssone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå) er maksprisen 700 kroner frå 1. august 2025.

Har du fleire barn i barnehagen?

Viss du har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sørgje for at du får reduksjon i foreldrebetalinga. Det blir kalla søskenmoderasjon. Du skal få søskenmoderasjon uavhengig av om barna går i ulike barnehagar, og i barnehagar med ulike eigarar.

Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er barnehageplass gratis.

For deg med låg inntekt

Det er to ordningar for hushald med låg inntekt:

Reduksjon i pris

Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.

Gratis kjernetid

Alle familiar med lågare samla inntekt enn 669 050 kroner har rett til 20 timar gratis kjernetid i barnehagen i veka.

Søk på eige skjema for redusert betaling og gratis kjernetid.

Gratis for familiar i Finnmark og Nord-Troms

Alle barn i Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms (Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy, Lyngen og Storfjord) får gratis barnehage.

Samarbeidspartnere

  • Helsestasjonen
  • PPT
  • Barnevernet

Regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.
Sjå
Barnehagelova § 16, § 17 og § 18.
Barnevernslova § 3-1, § 3-4 og § 5-1.
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen § 3, § 3a - § 3f.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du søkjer via eit søknadsskjema til kommunen. Det finnes eigne skjema for redusert betaling, gratis kjernetid og syskenmoderasjon.

Vedlegg

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

Saksbehandling


Kommunen hentar inn nødvendig dokumentasjon på personane i hushaldet og om inntekta til hushaldet. Deretter fattast eit vedtak.

Klagemulighet

Du kan klage dersom

  • du har fått avslag på søknaden om barnehageplass
  • du har fått plass, men ikkje fått oppfylt verken første eller andre ønske
  • du har fått avslag på søknad om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid.
Du må sende klaga innan 3 veker frå du mottok avgjerda. Dersom du bruker retten din til å krevje ei grunngiving, er klagefristen 3 veker frå du mottek grunngivinga. Dersom kommunen kjem til at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal du få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 26.06.2025

Prisar

Søsken må bu i same hushald. Søskenmoderasjon vert rekna ut etter kva plasstype det enkelte barn har. Han vert berekna slik:

  • For første barn må du betala vanleg pris
  • For søsken nummer to får du 30 prosent søskenmoderasjon
  • Gratis barnehageplass frå og med søsken nummer tre

3 dagar pr. veke kr 1 403.(ny pris frå 01. august kjem)

5 dagar pr. veke kr 1 200

Stord kommune tilbyr berre plassar 3 og 5 dagar i veka.

Det vert gitt 30 prosent søskenmoderasjon for barn nummer to. Frå og med barn nummer tre er det gratis barnehageplass.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?