Forureina grunn - bygging og graving
Kort fortalt
Skal du byggje eller grave på ein eigedom må du undersøkje om grunnen kan vere forureina før du set i gong arbeidet. Nokre typar grunn er meir utsett enn andre, for eksempel der det tidlegare har vore industri eller avfallsdeponi. Sjekk din eigedom Lenke til et annet nettsted. og ta kontakt med kommunen.
Beskrivelse
Skal du setje i gang med byggje- og gravearbeid på ein eigedom der det er grunn til å tru at grunnen er forureina, har du plikt til å sørgje for å få klarlagt omfanget av ei eventuell forureining. Du må leige inn ein konsulent med ekspertise på grunnforureining til å undersøkje grunnen. Der det finst slik forureining, skal det lagast ein eigen tiltaksplan som gjer greie for korleis ein kan unngå spreiing av forureininga og korleis ein skal sikre at grunnen har god nok miljøkvalitet etter at tiltaket er gjennomført.
Målgruppe
Grunneigar eller utbyggjar (tiltakshavar)
Kriterier
Det kan vere grunn til å tru at grunnen er forureina
- i område der det tidlegare har vore forureinande industriverksemd
- i område som har fungert som deponi
- på branntomter
- i område som ligg inntil forureiningsområde
- eigedomar der det tidlegare har blitt rive eller rehabilitert bygg.
Pris for tjenesten
Kommunen kan ta eit gebyr for saksbehandling og kontroll.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Sjå ureiningsforskriften Kapittel 2 Opprydding i forurenset grunn ved bygge- og gravearbeider og Vedlegg 1 Normverdier.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Tiltaksplanen sendast til kommunen saman med søknad etter plan- og bygningslova der slik søknad er nødvendig.
Saksbehandling
Tiltaksplanen skal godkjennast av kommunen. Kommunen kan avgjere at tiltakshavaren skal varsle naboar og eventuelle andre som saka vedkjem, om det planlagte terrenginngrepet. Etter at tiltaka er gjennomførde skal ein sluttrapport leverast til kommunen. Når rapporten er behandla og godkjent vil kommunen registrere eigedomen i databasen grunnforureining. Kommunen kan krevje gebyr for saksbehandling. Kommunen si behandling av tiltaksplanen skal så langt det er råd samordnast med behandlinga av saka etter plan- og bygningslova.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 19.12.2024
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Forurenset grunn - bygging og graving
- Birasváddu dahje riska (dieđáhus)
- Çevresel sorunlar veya riskler (bildirilmesi)
- Environmental Health Concerns
- Miljøplager
- Miljøplager eller -risiko (melding om)
- Problèmes ou risques environnementaux (notification)
- Загрязнение или риски загрязнения окружающей среды (информирование о них)
- المشكلات البيئية أو المخاطر (التي يتم الإخطار عنها)
- Naturmangfald
- Klima og forureining
Sist oppdatert
