Byggesak

Byggesak handsamar ulike typar byggjesøknader og søknad om utsleppsløyve. På denne sida kan du finna informasjon om gjeldande byggeregelverk, kva tiltak som er unnateke søknadsplikt, kva tiltak som krev søknad, tiltak som du kan søkja sjølv og kva type søknader du må nytta ansvarleg føretak.

Kontakt med byggesak

For å få til ei raskast mogleg handsaming av byggesaker, har me telefontida måndag til fredag kl. 09.00 – 14.00. Telefon: 404 36 144. 

Førespurnader til eininga kan også sendast på epost: arealforvaltning@stord.kommune.no

Du kan finne svar på det du lurar på under fanene på denne sida og på Direktoratet for byggkvalitet si nettside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. finn du mange typar digitale rettleiarar. Desse kan fortelle deg kva du kan bygge utan å søkja, ofte stilte spørsmål og svar og aktuelle forskrifter og regelverk med forklaring til dei einskilde føresegnene. 

Du må i dei aller fleste tilfelle ha løyve frå kommunen når du skal byggje nytt (bygning, terrasse, støttemur, brygge mm.), byggje på (tilbygg eller påbygg), riva bygg eller endre bruken av eit bygg eller del av eit bygg (bruksendring). Deling av eigedom og arealoverføring vert også handsama etter reglane i plan og bygningslova og byggesaksforskrifta.

Sjekk om du må søkja og om du kan søkja sjølv eller om fagfolk må søke for deg. Her finn du byggeregelverk Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Korleis finne ut kva som er tillat på eigedomen din?  Lenke til et annet nettsted.

Sjekk om du må senda byggesøknad Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Dette kan du bygge utan å søkja Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Bod, garasje eller annen bygning utan å søkja? Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.  

Sjekk om du kan bygge terrasse utan å søkja Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Sett opp tilbygg utan å søkja Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Få oversikt over kva du må finne ut før du kan setja i gang Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

NKF si rettleiing om kva tiltak som er friteke og kva tiltak ein må søkja om finn du her pdf, 142 kB, åpnes i nytt vindu.

Legg merke til at arbeid som ikkje krev søknad  ALLTID skal vere i samsvar med føresegner som følger av kommuneplanens arealdel, kommunedelplan, reguleringsplan (også kalla områdeplan og detaljplan) som eigedommen din er omfatta av. Fritak frå søknadsplikta gjeld berre dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan og kommuneplan, t.d byggjegrense. Sjekk difor planinformasjon for eigedomen din. Åpnes i nytt vindu.

Bruksendring

Bruksendring? Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Har du planar om endra bruken av eit bygg må du søkja med fagfolk dersom

  • du skal endre bruk av bygningen, til dømes fritidsbustad til bustad
  • du skal ha ei ny bueining/leilegheit i bustaden din
  • du skal endre bruk næringsbygg til anna næringsføremål, til dømes frå industri til restaurant
  • du skal endre frå næringsbygg til bustad

Dispensasjon

Dersom det du skal å byggja oppfyller vilkåra for å vere unntatt søknadsplikt, men er i strid med gjeldande arealplan (t.d. byggjegrense, utnyttingsgrad, takvinkel, høgde) må du søkja om dispensasjon før du kan gå i gang med tiltaket.

Her finn du meir informasjon og søknadsskjema for dispensasjon doc, 122 kB, åpnes i nytt vindu.

Ved bygging av garasje, hagestova og tilbygg, må du sjekka utnyttingsgraden for tomta. Kva som er gjeldande utnyttingsgrad for din tomt finn du i reguleringsplanen/kommuneplanen. Du kan sjekke dette ved å gå inn i kommunen sin kartportal. 

Før bygging og ved terrengarbeid må du hugse å sjekke om det ligg leidningar i grunnen.

Dersom eigedomen grensar mot offentleg veg og ligg i uregulert område, gjeld byggjegrenser i veglova (15 meter frå kommunal veg og 50 meter frå fylkes- og riksveg). Søknad om dispensasjon frå veglova (t.d. avstand frå kommunal veg i uregulert område) skal sendast til vegmynde  i kommunen. Ved fylkesveg sendast dispensasjon til Vestland fylkeskommune.

Situasjonskart, planinformasjon og naboliste finn du her Åpnes i nytt vindu. 

Har du sett opp ein garasje, tilbygg eller annan bygning som er friteken frå søknadsplikt, må du gi beskjed til kommunen. Kommunen treng opplysningane for å oppdatere dei digitale karta sine.

Meld frå til kommunen når bygget er ferdig Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Skjema

Du gjer beskjed til kommunen ved å fylla ut skjemaet: Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Legg ved kart med innteikna plassering av tiltaket - sjå her korleis du skriv ut kart frå kartløysinga "Stordkart" Åpnes i nytt vindu. 

Melding skal sendast til:

Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord eller på e-post til arealforvaltning@stord.kommune.no 

Søknad utan ansvarsrett digitalt

Det er laga fleire digitale søknadsløysingar for søknad om byggjeløyve. Fordelane ved å senda ein søknad gjennom ei digital løysing er at du får rettleiing undervegs, slik at det vert lettare å senda ein komplett byggjesøknad til kommunen. 

I gebyrregulativet for byggje- og delesaker i Stord kommune er det fastsett redusert grunngebyr for byggjesakshandsaming når søknaden vert sendt inn digitalt. For tida er grunngebyret kr. 3.646 for digital søknad, og kr. 4.271 for søknader som vert sendt inn på papir og e-post. Det samla gebyret inneheld grunngebyr, sakshandsamingsgebyr, registreringsgebyr og eventuelle tilleggsgebyr.

Dette er tenestane som kan brukast til å laga og senda søknad utan ansvarsrett digitalt:

Sjekk her kva løysingar som er tilgjengeleg for private og profesjonelle søkjarar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Her finn du ein oversikt over kva for mindre byggjearbeid på bebygd eigedom du sjølv kan søkja:

Informasjon til tiltakshavar og søkjar pdf, 142 kB, åpnes i nytt vindu.

Korleis søkja

Korleis finne ut kva som er tillatt på eigedomen din Lenke til et annet nettsted.

Du treng søknadsskjema, situasjonskart, planinformasjon og naboliste. Åpnes i nytt vindu.

Ta kontakt med tekniske tenester for å avklare kor ein kan knyta seg til kommunalt vass-, avlaups- og overvassanlegg, og /eller om eit planlagd tiltak kan påverke kommunalt hovudleidningsnett. Dette kan m.a. gjelda konfliktar med avstandskrav frå vass- og avlaupsanlegg. Tinging  av VA-kart.  Lenke til et annet nettsted.

Teikn inn tiltaket på situasjonskartet. Lag plan- snitt- og fasadeteikningar som er målsett og i målestokk. Les meir om å laga situasjonskart/plan. Lenke til et annet nettsted.

Om tiltaket ditt kjem i konflikt med reguleringsplan og/eller kommuneplanen til dømes byggjegrenser eller føresegner, må du søkja om dispensasjon doc, 122 kB, åpnes i nytt vindu.frå planen. Du kan skrive søknaden i eit brevform eller  nytta skjema som du finn bak lenke. Søknaden skal vere grunngjeven, jf. plan og bygningslova §§ 19-1, 19-2.

Send ut nabovarsel.  Dette kan du gjere anten ved å overlevera personleg, senda rekommandert sending eller varsla per e-post. 
For at varsling per e-post skal vere gyldig må naboen svara at e-posten er motteke. Utskrift av e-posten frå nabo/ tverrbuar må leggjast ved søknaden. Om nabo/gjenbuar har merknader skal dei senda desse skriftleg til deg. Som søkjar skal du gjere greie for eventuelle merknader og vurdering av desse før du send søknaden til kommunen. Eventuell søknad om dispensasjon må følgja nabovarsel. Nabovarsel - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) Lenke til et annet nettsted.

Send søknaden til kommunen. Søknaden og dokument elektronisk Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. til kommunen, via epost til arealforvaltning@stord.kommune.no, gjennom eDialog eller per post til Stord kommune, eining for arealforvaltning, Postboks 304, 5402 Stord.  

Søknad og vedlegg

Søknad skal innehalda følgjande:

  • Søknadskjema, evt. skjema 5153 (dibk.no), utfylt og underskrive
  • Kopi av nabovarsel (Skjema 5154)
  • Kvittering for nabovarsel
  • Eventuelle nabomerknadar med kommentarane dine
  • Målsett situasjonskart som viser tiltaket si plassering
  • Plan-, snitt og fasadeteikningar som visar endringane. Teikningane skal vera målsett og i målestokk. Ved til-/påbygg skal òg eksisterande fasade og plan visast
  • Plan-, snitt og fasadeteikningar som viser sist godkjende situasjon (eksisterande teikningar) må leggjast ved. Dersom du manglar teikningar av eksisterande bygning, ta kontakt med Eining for arealforvaltning. Er det forskjell mellom faktisk situasjon og siste godkjende situasjon må dette gjerast greie for. 
  • Eventuelt søknad om dispensasjon.
  • VA-kart frå tekniske tenester

Skjema, kart, naboliste

Her er oversikt over korleis du kan finne dei dokumenta du treng Åpnes i nytt vindu.

Hva kostar det å søkje? 

Her finn du sakshandsamingsgebyr

Handsamingstid

Frist for handsaming er 3 veker dersom tiltaket er i samsvar med lova, ytterlegare løyve, samtykke eller uttale frå anna ikkje er naudsynt. Søknadar som krev dispensasjon frå plan eller føresegner skal kommunen avgjere innan 12 veker.  Fristen vert forlenga med den tid som går med til feilretting og supplering av opplysingar.

Treng du rettleiing?

Er du i tvil, kan du ta kontakt med byggesaksavdelinga i Eining for arealforvaltning for hjelp og rettleiing.

Einebustad, større tilbygg, påbygg, større støttemurar, bruksendring og oppdeling av eksisterande bueining er døme på tiltak du må søkja med hjelp frå fagfolk. 

Tiltak som krev søknad utarbeidd og sendt inn av ansvarleg føretak finn du her. pdf, 142 kB, åpnes i nytt vindu.

Korleis søkja

  1. Kontakt fagfolk som kan søkja på vegne av deg og stå som ansvarleg søkjar. Du må engasjera fagfolk som tek på seg ansvaret for prosjektering og utføring av tiltaket. I nokre tiltak er det også krav om kontrollerande (uavhenging kontroll). Føretaket skal senda ein erklæring til ansvarleg søkjar, evt. direkte til kommunen med kopi til ansvarleg søkjar.
  2. Du treng situasjonskart, planinformasjon og naboliste. Åpnes i nytt vindu.
  3. Ta kontakt med avdeling Tekniske tenester for å avklara kor ein kan knyta seg til kommunalt vass-, avlaups- og overvassanlegg og/eller om eit planlagd tiltak kan påverke kommunalt hovudleidningsnett. Dette kan m.a. gjelda konfliktar med avstandskrav frå vass- og avlaupsanlegg. Tinging av VA-kart. Lenke til et annet nettsted.
  4. Ansvarleg søkjar/du skal teikna inn tiltaket på situasjonskartet og lage plan-,  snitt-,  og fasadeteikningar som er målsett og i målestokk. Det kan også vere naudsamt å ha terrengprofilar som viser tiltaket i høve omkringliggjande busetnad.
  5. Dersom tiltaket kjem i konflikt med reguleringsplan og/eller kommuneplanen til dømes byggjegrenser eller føresegner, må du/ansvarleg søkjar søkja om dispensasjon frå planen. Du kan skriva søknaden i brevform eller nytta skjema som du finn her doc, 122 kB, åpnes i nytt vindu.. Søknaden skal vere grunngjeven, jf. plan og bygningslova §§ 19-1, 19-2.
  6. Send ut nabovarsel. Dette kan du gjere anten ved å overlevera personleg, senda som rekommandert sending eller varsla per e-post. For at varsling per e-post skal vera gyldig må naboen svara at e-posten er motteke. Naboen skal senda eventuelle merknadar til ansvarleg søkjar innan ein frist på minst 2 veker. Utgreiing og vurdering av merknader skal leggjast ved søknaden til kommunen.
  7. Send søknaden og dokument, Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. på e-post til post@stord.kommune.no, eller via sikker digitalpost; eDialog, eller per post til Stord kommune, eining for arealforvaltning, Postboks 304, 5402 Stord. 

Søknad og vedlegg

Søknad skal innehalda følgjande:

  • Søknadsskjema utfylt og underskrive
  • Opplysingar om tiltakets ytre rammer
  • Kopi av nabovarsel (gjenpart)
  • Kvittering for nabovarsel
  • Eventuelle nabomerknadar med dine/ansvarleg søkjar sine kommentarar
  • Målsett situasjonskart som viser tiltaket si plassering
  • Plan-, snitt og fasadeteikningar som visar endringane. Teikningane skal vera målsett og i målestokk. Ved til-/påbygg skal òg eksisterande fasade og plan visast
  • Plan-,  snitt og fasadeteikningar som viser sist godkjende situasjon (eksisterande teikningar) må leggjast ved. Dersom du manglar teikningar av eksisterande bygning, ta kontakt med Eining for arealforvaltning. Er det forskjell mellom faktisk situasjon og siste godkjende situasjon må dette gjerast greie for. 
  • Eventuelt søknad om dispensasjon
  • Gjennomføringsplan
  • Erklæringar om ansvarsrett
  • VA-kart frå tekniske tenester

Skjema

Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) Lenke til et annet nettsted.

Kva kostar det å søkje? 

Her finn du sakshandsamingsgebyr.

Handsamingstid

Kommunen sin frist for handsaming er 3 veker dersom tiltaket er i samsvar med lova, det ligg ikkje føre nabomerknader, og ytterlegare løyve, samtykke eller uttale frå anna mynde ikkje er naudsynt.  Dersom desse vilkåra ikkje er oppfylt og/eller søknadar krev dispensasjon frå plan eller føresegner er handsamingstida 12 veker. Fristen vert forlenga med den tid som medgår til feilretting og supplering av opplysingar. 

Lover

Plan og bygningslova Lenke til et annet nettsted.

Byggesaksforskriften Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Eig du bustad, hytte, turistverksemd og liknande som ikkje er knytt til/eller kan knytast til, offentleg avløpsanlegg eller du skal søkja om oppretting av ny grunneigedom der det ikkje er offentleg vatn og avløp, må du søkja kommunen om løyve til å sleppa ut avløpsvatn. Dersom verksemda berre slepp ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom du har innlagt vatn.

Med avløpsvatn meiner ein avlaup frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avlaup frå kjøken, bad og vaskerom (klosettavlaup ikkje inkludert).

Forskrift om utslepp av avlaupsvatn, Stord og Fitjar Lenke til et annet nettsted.

Søknadsskjema om utsleppsløyve pdf, 200 kB.

Søknaden skal sendast anten på epost til arealforvaltning@stord.kommune.no,  gjennom sikker innsending av post - eDialog eller per post til

Stord kommune
Eining for arealforvaltning
Postboks 304
5402 Stord

Er du framleis i tvil på om du kan byggje utan å søkje, eller du treng eit møte med kommunen for å gå gjennom ideane dine til byggjeprosjekt og kva for rammer som gjeld, kan du tinge ein førehandskonferanse.

Ein førehandskonferanse etter plan og bygningslova § 21-1 skal avklara føresetnadane for tiltaket og rammene for eventuelt vidare søknad og sakshandsaming i ein tidleg fase. 

Kommunen skal ut frå den informasjonen ein har fått gje tilbakemelding om krav knytta til arealplanar, aktuelle lover, forskrifter og retningsliner, infrastruktur, dokumentasjonskrav, krav til plassering av tiltaket, behov for koordinering med andre mynde som t.d. vegmynde, hamnemynde, kulturminnemynde, arbeidsmiljømynde, og saksgang, her under forventa handsamingstid. Det vert skrive referat frå møtet.

Skjema for tinging av førehandskonferanse Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Gebyr for førehandskonferanse finn du her: Betalingssatsar for kommunale gebyr

Du kan klaga på vedtak  dersom du er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagen og dokument til kommunen kan sendast anten på epost til arealforvaltning@stord.kommune.no, gjennom eDialog eller per post til Stord kommune, eining for arealforvaltning, Postboks 304, 5402 Stord.
 

Lover

Forvaltningslova Lenke til et annet nettsted.

Ønskjer du å dela eigedomen din og opprette ei ny grunneigedom, må du søkja om oppretting av ny grunneigedom, jf. plan og bygningslova §§ 20-1 bokstav m, 20-4.

Skal du overføra areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedomar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføra større areal mellom to eigedomar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering.

Les meir om oppretting av ny grunneigedom og søknad her

Les meir om arealoverføring her

For alle søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova skal det betalast gebyr. Samla gebyr inneheld grunngebyr, sakshandsamingsgebyr, registreringsgebyr og eventuelle tilleggsgebyr. Tilleggsgebyr kan for eksempel vera gebyr for utsending av mangelbrev ved mangelfull søknad, dispensasjonshandsaming eller godkjenning av sjølvbyggjar ansvar mv. Storleiken på gebyret er det same for løyve som for avslag.

Gebyrregulativet kan finnast her

Priser

Det skal betalast gebyr for førehandskonferanse eller andre møter. Gebyra omfattar også førebuing og etterarbeid/referat. Ved avlysing av møte med kommunen mindre enn 48 timer før møtets avtalte starttidspunkt, fakturerast halvt gebyr. Ved etterfølgjande mottak av byggjesøknad i samsvar med førehandskonferansen som er halde vert 30 % av førehandskonferansegebyret refundert. 

  • Førehandskonferanse for utbyggingsprosjekt, per møte, kr 12 813,- 
  • Førehandskonferanse for tiltak på private eigedomar, per møte, kr 6 042,- 
  • Dialogmøte/avklaringsmøte, per time, kr 1 250,-

Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av tiltakets art, kompleksitet og storleik m.m. Til dømes mottak av søknad, innregistrering, journalføring og arkivering. Ferdigattest som utstedes i løpet av fem år etter opphavleg byggeløyve dekkjast også av grunngebyret. 

  • Grunngebyr for søknadspliktige tiltak sendt inn gjennom elektronisk søknadsportal, per søknad, kr 3 646,- 
  • Grunngebyr for søknadspliktige tiltak sendt inn på papir og e-post, per søknad, kr 4 271,-

§ 3.3 Matrikkelføringsgebyr

For tiltak etter pbl skal det betalast matrikkelføringsgebyr som skal dekkje kostnadene knytt til arbeid som må gjerast i matrikkelen. Arbeid i matrikkelen aukar proporsjonalt med tal på brukseiningar og det skal betalast eit registreringsgebyr per brukseining. Gebyret skal og betalast ved endring av brukseining. 

  • Registreringsgebyr søknadspliktige tiltak m. ansvarsrett, per brukseining, kr 2 813,- 
  • Registreringsgebyr søknadspliktige tiltak u. ansvarsrett, per brukseining, kr 2 188,- 

§ 3.4 Tilleggsgebyr ved mangelfull søknad, kr 3 438,-

Dersom søker ikkje har komplett søknad etter første mangelbrev frå kommunen, kjem det gebyr for kvart følgjande mangelbrev som blir sendt.

§ 3.6 Sakshandsamingsgebyr for tiltak utan krav til ansvarleg føretak pbl § 20-4, jf. byggesaksforskrifta §§ 3-1 og 3-2. 

§ 3.6.1 Oppretting og endring av grunneigedom 

Dersom søknaden krev søknad om dispensasjon, skal det i tillegg til satsane under fakturerast gebyr for behandling av dispensasjon etter § 3.10 

Frådeling mv., jf. pbl § 20-1 mUtrekningseiningGebyr
Oppretting av grunneigedom med grenser som er i samsvar med fastsette reguleringsplan, utbyggingsplan eller tomtedelingsplanPer søknadKr 8 333,-
Tillegg per parsell frå og med nummer to i same søknadPer påfølgande parsellKr 2 500,-
Oppretting av grunneigedom i regulert område, men føremålsliner/eigedomsgrenser framgår ikkje av fastsett planPer søknadKr 9 896,-
Tillegg per parsell frå og med nummer to i same søknadPer påfølgande parsellKr 3 125,-
Oppretting av grunneigedom i uregulert områdePer søknadKr 13 646,-
Tillegg per parsell frå og med nummer to i søknadPer påfølgande parsellKr 5 625,-
Søknad om arealoverføring der tilleggsareal er under 250 m2Per 
arealoverføring
 Kr 5 208,-
Søknad om arealoverføring der tilleggsareal frå 250 m2Per 
arealoverføring
Kr 7 083,-
Vedtak om oppretting av anleggseigedomPer anleggseigendom Kr 13 933,-

 

§ 3.6.2 Tiltak utan krav til ansvarleg føretak 

 

Sakshandsamingsgebyr for tiltak utan krav til ansvarleg føretak,
 jf. pbl 20-4 
UtrekningseiningGebyr
Mindre tiltak på bygd eigedom som garasjar, uthus og tilbygg,
 jf. SAK § 3-1 a og b
Per tiltakKr 8 054,-
Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt innanfor ein brukseining, jf. SAK § 3-1 cPer tiltakKr 4 960,-
Skilt- og reklameinnretningar etter SAK § 3-1 dPer tiltakKr 4 846,-
Alminnelege driftsbygningar i landbruket, jf. SAK § 3-2Per tiltakKr 13 554,-
Mellombelse bygningar mv. jf. pbl § 20-4 c t.d. salsbod, uteservering, 
telt o.l.
Per tiltak Kr 7 367,-
Andre mindre tiltak som etter kommunens skjønn tiltakshavar kan 
stå for, jf. pbl 20-4,e
Per tiltakKr 5 075,-
Mellombelse bygningar jf. pbl § 20-4 c. t.d. brakker for kontor,
bustad, undervisning, kantine osb.
Pr bygningKr 14 127,-

Ein søknad som inneheld fleire tiltak, betaler gebyr for de 2 tiltaka med høgast gebyr.

 

§ 3.6.3 Søknad om tilknyting til privat avløpsanlegg jf. Pbl § 27-3

kr 1 250,- per time.

 

§ 3.7 Søknadspliktige tiltak som krev ansvarleg føretak (med ansvarsrett) - pbl § 20-3 

§ 3.7.1 Bustad, fritidsbustad, rekkehus, kjedehus, store bustadbygg og andre bygg og anlegg, jf. § 20-1 a og b 

For bygningar som er kombinasjonsbygg (både bustadføremål og anna enn bustadføremål), vert gebyr berekna separat for den einskilde kategori.

§ 3.7.1.a Bustad og fritidsbustad Bustad og fritidsbustadUtrekningseiningGebyr
Einebustad og fritidsbustad Bygningstype 111,113, 161-163Per bygningKr 18 596,-
Einebustad med sekundærbustad bygningstype 112Per bygningKr 22 263,-
Tomannsbustad Bygningstype 121-124Per bygningKr 25 471,- 

 

§ 3.7.1.b Rekkehus, kjedehus, andre småhus, store bustadbygg 
og blokker
UtrekningseiningGebyr
 For 1-10 bueiningar i same bygg Bygningstype 131-159Per bueiningKr 14 013,-
For 11-20 bueiningar i same bygg Bygningstype 131-159Per bueiningKr 5 958,-
For 21-30 bueiningar i same bygg Bygningstype 131-159Per bueiningKr 3 208,-
For 31 bueiningar og over i same bygg Bygningstype 131-159 Per bueiningKr 2 063,-
§ 3.7.1.c Garasje, uthus, anneks, naust mv. til bustad og 
fritidsbustad anna bustadbygning
 UtrekningseiningGebyr
Garasje, uthus, anneks, naust mv. Bygningstype 181-183Per tiltak Kr 8 627,-
Bustadbrakker og anna bustadbygning Bygningstype 193-199Per bygningKr 20 773,-
§ 3.7.1.d Tilbygg, påbygg eller underbygg til bustad og 
fritidsbustad
Utrekningseining Gebyr
Tilbygg, påbygg eller underbygg som ikkje gjev nye bueiningar Bygningstype 111-199Per tiltakKr 9 085,-
Tilbygg/påbygg/ombygging som gjev nye bueiningar
Bygningstype 111-199
Per bueiningKr 15 846,-
§ 3.7.1.e Anna enn bustadUtreknings
eining
<250 m2 BRA 251 - 500 m2 BRA 500 – 2500 m2 BRA >2500 m2 BRA
Fabrikk-/industribygg ol. Bygningstype: 211-219Per brukseiningKr 25 000,- Kr 47 471,-Kr 72 221,- Kr 99 033,-
Energiforsyningsbygg, bensinstasjon ol. Bygningstype: 221-229;323Per brukseiningKr 25 000,- Kr 47 471,-Kr 72 221,-Kr 99 033,-
Lager-, fiskeri- og landbruksbygg, parkeringsbygg ol. Bygningstype: 231-249;431-439Per brukseiningKr 25 000,-Kr 47 471,- Kr 72 221,-Kr 99 033,-
Kontor- og forretningsbygg mv. Bygningstype: 311-322;329-429;441- 449;731-739, 840Per brukseiningKr 45 000,- Kr 63 283,- Kr 84 138,- Kr 108 658,-
Bygg for overnatting mv. Bygningstype: 511-529Per brukseiningKr 45 000,-Kr 63 283,- Kr 84 138,- Kr 108 658 ,-
Bygg for servering mv. Bygningstype: 531-539Per brukseiningKr 25 000,-Kr 47 471,-Kr 72 221,-Kr 99 033,-
Undervisnings-, kultur- , museums-, kyrkjebygg ol. Bygningstype: 611-649;671-679, 661-669, 830Per brukseiningKr 45 000,-Kr 63 283,-Kr 84 138,-Kr 108 658,-
Idrettsbygg ol. Bygningstype: 651-659Per brukseiningKr 45 000,-Kr 63 283,-Kr 84 138,-Kr 108 658,-
Sjukehus og andre bygg for behandling Bygningstype: 719-729Per brukseiningKr 45 000,-Kr 63 283,-Kr 84 138,-Kr 108 658,-
Fengselsbygg og beredskapsbygg Bygningstype: 819-829Per brukseiningKr 45 000,-Kr 63 283,-Kr 84 138,-Kr 108 658,-
Tilbygg og påbygg for anna enn bustad Bygningstype: 211-840Per tiltakKr 18 000,-Kr 28 221,-Kr 41 971,- Kr 54 346,-

Ein søknad som inneheld fleire brukseiningar, betaler gebyr for de 3 brukseiningane med høgast gebyr.

§ 3.7.1.f Konstruksjon og anlegg UtrekningseiningGebyr
Mindre private anlegg for inntil 2 eigedomar (reinseanlegg, slamavskiljar, mindre brygger/flytebrygger/kaier, molo o.l.)Per tiltakKr 7 138,-
Private stikkleidningar (mindre VA-anlegg)Per tiltakKr 6 908,-
Større anlegg (kraner, større brygger/flytebrygger/kaier, molo o.l.)Per tiltakKr 21 919,-
Større kommunaltekniske hovudleidningsanlegg (VA-anlegg, avløpspumpestasjon o.l.)Per tiltakKr 24 096,-
Idretts-/sportsanlegg utan bygning/tribune t.d. fotball-, skeisebane og liknandePer tiltakKr 16 419,-
Innhegning (til dømes støyskjerm, gjerder, levegg, voller, mur)Per tiltakKr 6 221,-
Svømmebasseng, dam/brønn o.l.Per tiltakKr 9 315,-

§ 3.7.2 Fasadeendring, jf. pbl § 20-1 c

Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 cUtrekningseiningGebyr
Fasadeendring på bustadbygg, konstruksjon eller anlegg knytt til bustadPer tiltakKr 5 877,-
Fasadeendring på bygg, konstruksjon eller anlegg knytt til anna enn bustadPer tiltakKr 6 908,-

§ 3.7.3 Bruksendring eller vesentleg utviding eller vesentleg endring av tidlegare drift av tiltak, jf. § 20-1 d. 

Gebyr vert rekna i prosent av gebyret for sakstypen det endrast til.

Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 dUtrekningseiningGebyr
Bruksendring mv. til bustad med endring av bygning, tekniske installasjonar osb.Per søknad50 % av gebyret etter § 3.7.1
Bruksendring mv. til anna enn bustad med endring av bygning, tekniske installasjonar osb.Per søknad50 % av gebyret etter § 3.7.1
Bruksendring mv. utan endring av bygning, tekniske installasjonar osb.Per søknad30 % av gebyret etter § 3.7.1
Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt innanfor ein brukseiningPer søknadKr 6 908,-
Vesentleg endringar i planløysinga t.d. hovudombyggingPer søknad80 % av gebyret etter § 3.7.1

§ 3.7.4 Riving av tiltak, jf. § 20-1 e. 

Når søknad om tiltak også inneheld søknad om riving for oppføring av erstatningsbygg på same staden, vert det ikkje teke gebyr for riving. 

Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 eUtrekningseining Gebyr
Rivning mv. av bygg, konstruksjon, anlegg inntil 100 m2Per søknadKr 7 481,-
Rivning mv. av bygg, konstruksjon, anlegg over 100 m2Per søknadKr 10 131,-

§ 3.7.5 Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar, jf. § 20-1 f. 

Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonarUtrekningseiningGebyr
Sanitærinstallasjonar, ventilasjons/sprinklar- /antenne-/energiforsyningsanlegg, heis og liknandePer tiltakKr 7 710,-
Skorstein, trappeheis, slukbytter og hulltaking i brannskiljePer tiltakKr 4 158,-
Endring i bygningens berekonstruksjonarPer tiltakKr 5 190,-
Leskur, sykkelstativ/-hotell og andre bymøblarPer søknadKr 4 960,-
Nedgrave avfallscontainere, energibrønnpark, og liknande tiltak under grunnenPer søknad Kr 9 085,-
Pullertar for fortøying av fartøy og andre sikringstiltakPer søknadKr 5 190,-
Statuer, minnesmerke og andre kunstverkPer søknadKr 5 877,-

§ 3.7.6 Oppdeling eller samanføying av brukseiningar for bustad, jf. § 20-1 g. 

Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 gUtrekningseiningGebyr
Samanføying av brukseiningar for bustad osb.Per søknadKr 4 502,-
Oppdeling av brukseiningar for bustad osb.Per ny bueiningKr 14 700,-

§ 3.7.7 Oppføring av innhegning mot veg og skilt og reklame, jf. § 20-1 h og i. 

Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 h og i UtrekningseiningGebyr
Innhegning mot veg (eksempelvis støyskjerm, gjerde, voller, m.m.)Per tiltakKr 7 252,-
Skilt på fasadePer tiltakKr 1 282,-
Andre skiltPer tiltakKr 4 502,- 

Det betalast ikkje eiga gebyr for søknad om skilt som går inn i søknad om nybygg eller utvendig ombygging eller ved fasadeendring.

 

§ 3.7.8 Plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg, jf. § 20-1 j.

 Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 jUtrekningseiningGebyr
Plassering av mellombelse bygningar mv. som skal stå inntil 2 år Per bygningKr 21 460
Plassering av andre mellombelse konstruksjonar eller anlegg som skal stå inntil 2 årPer tiltakKr 11 721,-
 Plassering av tidsbestemte bygningar, konstruksjonar eller anleggPer tiltakGebyr etter § 3.7.1

§ 3.7.9 Vesentleg terrenginngrep, jf. § 20-1 k. 

Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 k UtrekningseiningGebyr
Vesentlege terrenginngrep, tiltaksklasse 1Per søknad Kr 9 888,-
Vesentlege terrenginngrep, tiltaksklasse 2 og 3Per søknadKr 16 763,-

§ 3.7.10 Anlegg av veg, parkeringsplass og landingsplass, jf. § 20-1 l. 

Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 lUtrekningseiningGebyr
Anlegg av privat veg/avkøyrslePer tiltakKr 9 658,-
Anlegg av offentleg kryss/veganlegg/kulvert o.l.Per tiltakKr 20 888,-
 Parkeringsplass inntil 10 plassarPer tiltakKr 6 908,-
Parkeringsplass over 10 plassarPer tiltakKr 12 638,-
LandingsplassPer timeKr 1 250 ,-
Torg og møteplassarPer tiltakKr 7 940,-
Leikeplass, aktivitetspark o.l.Per tiltakKr 6 335,-

 

§ 3.9 Midlertidig bruksløyve, igangsetjingsløyve og ferdigattest 

Midlertidig bruksløyve og ferdigattestUtrekningseiningGebyr
Mellombels bruksløyvePer søknadKr 7 252,-
 Igangsetjingsløyve frå og med nr. 2Per løyveKr 7 367,-
Ferdigattest der det har gått meir enn 5 år sidan opphavleg byggeløyve ble gjevePer søknadKr 6 565,-

§ 3.10 Dispensasjonssøknad 

Tiltak som ikkje er i tråd med føresegner i lov, forskrift eller plan krev søknad om dispensasjon. Dispensasjonsgebyret kjem i tillegg til andre gebyr. 

Dispensasjon etter pbl kapittel 19UtrekningseiningGebyr
Dispensasjon frå arealplan, byggjeforbod etter pbl §1-8, arealføremål, lover/forskrifter og plankrav mv. som krev vesentleg vurdering og høyringsprosess – politisk handsaming eller ved administrativt avslagPer forholdKr 22 708,-
Dispensasjon frå arealplanar og/eller forskrifter mv. som krev enklare vurdering og høyringsprosess, t.d utbygd byggjeområde utan innteikna byggjegrense mot sjø- og vassdrag, byggjegrense mot veg - politisk eller administrativ handsamingPer forholdKr 10 208,-
Mindre vesentleg dispensasjon som krev enkel vurdering – administrative handsaming Per forholdKr 8 333,-

Det reknast gebyr for de 2 forholda i same sak med høgst gebyr.

§ 3.11 Andre vurderingar 

Andre vurderingarUtrekningseiningGebyr
Tiltak på eksisterande byggverk (unntak frå TEK), pbl § 31-2, 4. leddPer fråvikKr 3 750,-
Godkjenning av sjølvbyggaransvar, SAK § 6-8Per søknadKr 2 188,- 

§ 3.12 Revidert søknad og teikningar 

Med revidert søknad meinast endringar det søkast om etter at rammeløyve eller eitt-trinns løyve er gitt, og før bygget eller tiltaket har fått ferdigattest. 

Søknadspliktig endring av tiltak, kr 6 679,- per endring.

§ 3.13 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag 

Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslagUtrekningseiningGebyr
Sak som avisas/returnerast pga. vesentlege manglar*Per sakKr 4 896,-
Sak som blir trekt før vurderingPer sakGrunngebyr
Sak som blir trekt av søker/tiltakshavar etter at kommunen har satt i gang sakshandsaming, men før endeleg vedtakPer sakGrunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr
Sak som kommunen avslårPer sakFullt gebyr

*Søknaden er for mangelfull til at kommunen kan handsame den.

§ 3.14 Gebyr for anna fakturerbart arbeid 

Gebyrpliktig arbeid etter plan- og bygningsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, fakturerast etter medgått tid. Timeprisen dekker blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. Grunngebyr kjem i tillegg. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på forhånd bestemme at saken vert fakturert etter medgått tid. 

Gebyr for medgått tid i byggje- og delesakar, kr 1 250,- per time.

§ 4.1 Grunngebyr 

Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis mottakskontroll, innregistrering, journalføring, fordeling av sak og arkivering. 

Grunngebyr per søknad kr 3 689,-

§ 4.2 Mangelfull søknad 

Dersom søknad ikkje følgjer krava i eierseksjonsloven § 11 og kommunen må sende mangelbrev, kjem det eit tilleggsgebyr frå og med det andre mangelbrevet, på kr 2 856,- per brev.

§ 4.3 Oppretting av eigarseksjonar 

Oppretting av eigarseksjonar, nybygg og eksisterande byggGebyr
For ein til fire seksjonar, per søknad.Kr 14 039.-
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjo.nKr 1 785.-

§ 4.4 Reseksjonering 

ReseksjoneringUtrekningseiningGebyr
For ein til fire seksjonarPer søknad Kr 19 750,-
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjonPer seksjon Kr 2 141,-

§ 4.5 Sletting/oppheving av seksjonert sameige 

Det er sakshandsamingsgebyr for å slette seksjonar på ein eigedom på kr 4 759,- per søknad.

§ 4.6 Tilleggsgebyr 

Gebyr kjem i tillegg til sakshandsamingsgebyret. 

TilleggsgebyrUtrekningseiningGebyr
Gebyr for synfaringPer synfaringKr 3 213,-
Gebyr produksjon av ny planteikningPer planteikningKr 2 856,-
Tilleggsgebyr ved seksjonering av anleggseigedomPer sakKr 4 759,-
Pålegg om reseksjonering etter § 22 eierseksjonsloven.Per sakKr 9 756,-

§ 4.7 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag

Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslagGebyr per sak
Sak som vert avvistKr 7 614,-
Sak som blir trekt før vurderingGrunngebyr
Sak som blir trekt etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtakGrunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr
Sak som kommunen avsluttar på grunn av manglande oppfølging frå søkerGrunngebyr + gebyr for mangelbrev
Sak som kommunen avslårFullt gebyr

§ 4.8 Gebyr for anna fakturerbart arbeid 

Gebyrpliktig arbeid etter eierseksjonsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekkjer blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjerda at saka vert fakturert etter medgått tid. 

Gebyr for medgått tid etter eierseksjonsloven er kr 1 427,- per time.

§ 2.1 Gebyr for arbeid med oppstart 

§ 2.1.1 Gebyr for planinitiativ 

Gebyr for gjennomgang av planinitiativ inkluderer eit initiativ. I fall planinitiativ må sendast inn fleire gonger, fakturerast gebyr per sending. 

  • Gjennomgang av planinitiativ, kr 9 908,- 
  • Planinitiativ som sendast inn fleire gonger, kr 4 166,- 

§ 2.1.2 Enkeltgebyr for møte

  • Oppstartsmøte, kr 18 330,-
  • Oppstartsmøte mindre endringar etter pbl § 12-8 andre ledd, kr 10 831,- 
  • Avklaringsmøte med forslagsstillar/plankonsulent utover oppstartsmøte, kr 8 332,- 

§ 2.1.3 Råd i planlegginga - usemje på vesentlege punkt 

Sak til politisk utval om å gi råd ved usemje på vesentlege punkt i oppstartsmøte i ei detaljreguleringssak etter pbl § 12-8 første ledd, kr 16 664,- 

§ 2.1.4 Stopp av planinitiativ 

Dersom forslagsstillar krev avgjersla om stans av planinitiativ førelagt politisk utval til handsaming etter pbl § 12-8 andre ledd, kr 17 914,- 

§ 2.2 Mangelfulle plandokument 

Tillegg for planforslag som ikkje er levert etter gjeldande standard for kart og geografisk informasjon eller kommunens retting av plandokument, per time kr 1 666,- 

Gebyr gjeld i dei tilfelle kommunen har meirarbeid ved retting av planforslaget og/eller tilhøyrande dokument.

§ 2.3 Gebyr for handsaming av privat planforslag 

§ 2.3.1 Grunngebyr for planforslag 

Gebyr som skal dekke dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av tiltakets kompleksitet og storleik. 

Private planforslag, per planforslag, kr 178 579,- 

§ 2.3.3 Planar med konsekvensutgreiing og/eller planprogram 

For planforslag som krev konsekvensutgreiing (KU) og/eller planprogram skal det betalast eit tilleggsgebyr. 

  • For planar som krev konseskvensutgreiing, per planforslag, kr 23 329,-
  • For planar som krev konsekvensutgreiing og planprogram, per planforslag, kr 51 102,-

§ 2.3.4 Arealføremål og omsynssoner i planforslaget 

Det skal betalast tilleggsgebyr dersom planforslaget inneheld over 10 arealføremål og/eller 5 omsynssoner. Gebyrgivande arealformål er gitt av underføremål i pbl §12-5 og omsynssoner definerast i vedlegg 1 til kart- og planforskriften.

  • Over 10 arealføremål, per planforslag, kr 11 664,- 
  • Over 5 omsynssoner, per planforslag, kr 11 664,-

§ 2.3.5 Arealgebyr for arealet i planen 

Dersom arealet til planen er over 5 daa, skal det betalast tilleggsgebyr etter følgande tabell: 

  • 5.001-10.000 m2, per planforslag, kr 11 664,- 
  • 10.001-20.000 m2, per planforslag, kr 16 664,- 
  • Over 20.000 m2, per planforslag, kr 23 329,- 

§ 2.3.6 Arealgebyr for areal regulert til bygg og anlegg (jf. Pbl § 12-5 nr. 1) 

Dersom arealet til utbygging jf. Pbl § 12-5 nr. 1 er over 6000 m2 skal det betalast tilleggsgebyr. 

Areal til utbyggingsføremål (gjeld for både bustad, fritidsbustad, næring mv.) 

  • 6.001-15.000 m2, per planforslag, kr 6 665,- 
  • 15.001-30.000 m2, per planforslag, kr 9 998,- 
  • 30.001-45.000 m2, per planforslag, kr 16 664,- 
  • Over 45.000 m2, per planforslag, kr 23 329,-

§ 2.3.7 Tilleggsgebyr for vertikalnivå 

Planforslag med regulering i fleire vertikalnivå enn grunnarealet over bakken, jf. kart- og planforskriften § 9, 3. ledd. 

Tilleggsgebyr for fleire vertikalnivå, per vertikalnivå utover eitt, Kr 4 955,- 

§ 2.3.8 Forhold til overordna planer i kommunen 

Dersom planforslaget er vesentleg i strid med kommuneplanens arealdel og føresegner og målsettingar må det betalast eit tilleggsgebyr på kr 28 994,- per planforslag.

§ 2.4 Utfylling og endring av plan Ved utfylling eller endring av plan skal det betalast gebyr

  • Små endringar i reguleringsplan eller utfyllingar, til dømes justering av arealføremål jf. pbl § 12-14 andre ledd – som kan handsamast administrativ, per endringsforslag, kr 18 331,- 
  • Endringar i reguleringsplan eller utfyllingar innanfor hovudtrekka i reguleringsplanen, jf. pbl § 12-14 andre ledd, endra areal er under 2 daa – som krev politisk handsaming, per endringsforslag, kr 44 158,- 
  • Endringar i reguleringsplan eller utfyllingar innanfor hovudtrekka i reguleringsplanen, jf. pbl § 12-14 andre ledd , endra areal er over 2 daa – som krev politisk handsaming, per endringsforslag, kr 64 155,- 
  • Endringar som vert handsama som ny plan i samsvar med pbl § 12-14 første ledd, per planforslag, gebyr etter § 2.3

§ 2.5 Gebyr ved avslutning av planprosess 

Dersom planinitiativ/planforslag vert trekt eller ved manglande oppfølging frå forslagsstillar, skal forslagsstillar betala ein del av samla gebyr avhengig av kor langt kommunen har kome i sakshandsaminga. 

  • Dersom saka vert trekt før oppstartsmøte, per planinitiativ, gebyr etter § 2.1.1 
  • Etter oppstartsmøtet, men før innsending av komplett forslag, per planoppstart, gebyr etter § 2.1 pluss 20 % av gebyr etter 2.3 
  • For sak som vert avslutta etter påbegynt sakshandsaming, men før førstegongshandsaming, per planforslag, gebyr etter § 2.1 + grunngebyr + 50 % av gebyr etter 2.3 
  • For sak som vert avslutta etter påbegynt sakshandsaming og etter førstegonghandsaming, per planforslag; fullt gebyr 

Dersom det ikkje er varsla oppstart av plan innan 6 månadar etter gjennomført oppstartsmøte, kan kommunen avslutte saka. 

Tilsvarande gjeld der komplett planforslag ikkje er motteke innan 18 månadar etter kunngjering av oppstart. Dette gjeld med mindre kommunen og forslagsstillar har avtala noko anna. 

§ 2.6 Gebyr for anna fakturerbart arbeid 

Gebyrpliktig arbeid etter plan- og bygningsloven som ikkje fell inn under andre paragrafar i dette kapittelet, vert fakturert etter medgått tid. Arbeid kommunen har med utbyggingsavtaler vert fakturert etter medgått tid. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjera at saka vert fakturert etter medgått tid. 

Gebyr for medgått tid, per time, kr 1 666,- 

§ 2.7 Gebyrfritak 

§ 2.7.1 Offentlege planforslag 

Kommunen reknar ikkje gebyr for å handsame planforslag frå offentlege forslagsstillar når planen skal ivareta offentlege interesser eller funksjonar og tiltaket skal finansierast med støtte frå stat eller kommune, eller med lån som har statleg eller kommunal garanti. 

§ 2.7.2 Unntak gebyrfritak – ulovleg statsstøtte 

Offentlege forslagsstillar, derunder kommunale føretak, som fremjar planforslag knytt til eigedomsutvikling av reine eigedoms- og grunneigarinteresser (kommersielle interessar), er likestilt med privat forslagsstillar og skal betale gebyr. 

§ 2.7.3 Planforslag frå offentlege forslagsstillar med kommersielle interesser 

Der deler av planen frå offentleg forslagsstillar, til dømes kommunale føretak, er knytt til eigedomsutvikling mv. (kommersielle interesser), skal det betalast gebyr for den aktuelle delen av planen etter § 2.1-§ 2.6. 

§ 2.7.4 Areal som det ikkje bereknast gebyr av

Den del av planforslaget som regulerast til LNF, offentlege grønstruktur- og friluftsføremål, verneområde samt eksisterande offentlege trafikkområde skal ikkje tas med i utrekninga av gebyret

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?