Mindre byggjetiltak på utbygd eigedom
Kort fortalt
Vil du byggje ein terrasse, garasje eller eit tilbygg? Du kan byggje sjølv utan å bruke fagkyndige. Men avhengig av storleiken må du søkje om løyve frå kommunen.
Beskrivelse
Du kan sjølv prosjektere og byggje det som blir kalla for mindre byggjetiltak på eigedomen din etter at søknaden din er blitt godkjent av kommunen. Eit mindre byggjetiltak er:
- eit tilbygg på mindre enn 50 m2, for eksempel utvide bygningen med ein terrasse, veranda eller eit nytt rom. Tilbygget kan ha kjellar.
- ein frittliggjande bygning på mindre enn 70 m2 som du ikkje skal bu i, for eksempel ein garasje eller bod. Bygget kan ha kjellar.
- bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel, for eksempel gjere om ei kjellarbu til kjellarstove.
Kriterier
Desse faktorane kan avgjere godkjenning av søknaden sjølv om det er eit mindre byggjetiltak:
- Avstand til vatn- og avløpsleidningar
- Avstand til bilveg, gongveg eller sykkelveg
- Avstand til trikke- eller togskjener
- Avstand til naboeigedom
- Flaum- og skredområde
- Sjeldne plante- og dyreartar.
Pris for tjenesten
Du betalar eit gebyr for saksbehandlinga.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
- Slik varsler du naboene Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- 8 steg fra idé til ferdig søknad Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Direktoratet for byggkvalitet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Slik forstår du kommunale planer Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Dette kan du bygge uten å søke Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Dette kan du bygge selv Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Hvor stort kan du bygge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Regelverk
Sjå spesielt plan- og bygningslova § 20-2, kap. 21 (Krav til innhald og behandling av søknaden), kap. 29 (Krav til tiltaket) og byggesaksforskrifta kap. 3.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du søkjer kommunen ved eit skjema for Byggesøknad for deg som ønskjer å byggje eller rive. Sjekk med din kommune om den har ein byggjesøknadspakke, då slepp du å leite fram alt sjølv. Dette treng du til søknaden
- Gardsnummer, bruksnummer, festenummer og seksjonsnummer.
- Situasjonskart over eigedomen, anten digitalt eller på papir blir (bestilt hos kommunen)
- Reglar som gjeld for eigedomen din i kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplan eller områdeplan
- Teikning av bygget og av plasseringa
- Nabovarsel/kvittering for utsend nabovarsel
Saksbehandling
Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak.
Saksbehandlingstid
Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar veke tidsfristen overskridast. Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/tverrbuarar og det ikkje er nødvendig med fråsegner frå annan myndigheit, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyvet for gjeve, såframt at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar. Har det derimot kome protestar frå naboar/tverrbuarar, og kommunen ikkje har gjort vedtak innan trevekersfristen, kan du ikkje rekne løyvet for gjeve.
Klagemulighet
Du kan klaga på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klaga skal du angi kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen kan gi deg rettleiing. Klageinstans er statsforvaltaren. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdera om det er grunn til å endra det.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Prisar
Sakshandsamingsgebyr
§ 3.6 Sakshandsamingsgebyr for tiltak utan krav til ansvarleg føretak pbl § 20-4, jf. byggesaksforskrifta §§ 3-1 og 3-2.
§ 3.6.1 Oppretting og endring av grunneigedom
Dersom søknaden krev søknad om dispensasjon, skal det i tillegg til satsane under fakturerast gebyr for behandling av dispensasjon etter § 3.10
| Frådeling mv., jf. pbl § 20-1 m | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Oppretting av grunneigedom med grenser som er i samsvar med fastsette reguleringsplan, utbyggingsplan eller tomtedelingsplan | Per søknad | Kr 8 333,- |
| Tillegg per parsell frå og med nummer to i same søknad | Per påfølgande parsell | Kr 2 500,- |
| Oppretting av grunneigedom i regulert område, men føremålsliner/eigedomsgrenser framgår ikkje av fastsett plan | Per søknad | Kr 9 896,- |
| Tillegg per parsell frå og med nummer to i same søknad | Per påfølgande parsell | Kr 3 125,- |
| Oppretting av grunneigedom i uregulert område | Per søknad | Kr 13 646,- |
| Tillegg per parsell frå og med nummer to i søknad | Per påfølgande parsell | Kr 5 625,- |
| Søknad om arealoverføring der tilleggsareal er under 250 m2 | Per arealoverføring | Kr 5 208,- |
| Søknad om arealoverføring der tilleggsareal frå 250 m2 | Per arealoverføring | Kr 7 083,- |
| Vedtak om oppretting av anleggseigedom | Per anleggseigendom | Kr 13 933,- |
§ 3.6.2 Tiltak utan krav til ansvarleg føretak
| Sakshandsamingsgebyr for tiltak utan krav til ansvarleg føretak, jf. pbl 20-4 | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Mindre tiltak på bygd eigedom som garasjar, uthus og tilbygg, jf. SAK § 3-1 a og b | Per tiltak | Kr 8 054,- |
| Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt innanfor ein brukseining, jf. SAK § 3-1 c | Per tiltak | Kr 4 960,- |
| Skilt- og reklameinnretningar etter SAK § 3-1 d | Per tiltak | Kr 4 846,- |
| Alminnelege driftsbygningar i landbruket, jf. SAK § 3-2 | Per tiltak | Kr 13 554,- |
| Mellombelse bygningar mv. jf. pbl § 20-4 c t.d. salsbod, uteservering, telt o.l. | Per tiltak | Kr 7 367,- |
| Andre mindre tiltak som etter kommunens skjønn tiltakshavar kan stå for, jf. pbl 20-4,e | Per tiltak | Kr 5 075,- |
| Mellombelse bygningar jf. pbl § 20-4 c. t.d. brakker for kontor, bustad, undervisning, kantine osb. | Pr bygning | Kr 14 127,- |
Ein søknad som inneheld fleire tiltak, betaler gebyr for de 2 tiltaka med høgast gebyr.
§ 3.6.3 Søknad om tilknyting til privat avløpsanlegg jf. Pbl § 27-3
kr 1 250,- per time.
§ 3.7 Søknadspliktige tiltak som krev ansvarleg føretak (med ansvarsrett) - pbl § 20-3
§ 3.7.1 Bustad, fritidsbustad, rekkehus, kjedehus, store bustadbygg og andre bygg og anlegg, jf. § 20-1 a og b
For bygningar som er kombinasjonsbygg (både bustadføremål og anna enn bustadføremål), vert gebyr berekna separat for den einskilde kategori.
| § 3.7.1.a Bustad og fritidsbustad Bustad og fritidsbustad | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Einebustad og fritidsbustad Bygningstype 111,113, 161-163 | Per bygning | Kr 18 596,- |
| Einebustad med sekundærbustad bygningstype 112 | Per bygning | Kr 22 263,- |
| Tomannsbustad Bygningstype 121-124 | Per bygning | Kr 25 471,- |
| § 3.7.1.b Rekkehus, kjedehus, andre småhus, store bustadbygg og blokker | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| For 1-10 bueiningar i same bygg Bygningstype 131-159 | Per bueining | Kr 14 013,- |
| For 11-20 bueiningar i same bygg Bygningstype 131-159 | Per bueining | Kr 5 958,- |
| For 21-30 bueiningar i same bygg Bygningstype 131-159 | Per bueining | Kr 3 208,- |
| For 31 bueiningar og over i same bygg Bygningstype 131-159 | Per bueining | Kr 2 063,- |
| § 3.7.1.c Garasje, uthus, anneks, naust mv. til bustad og fritidsbustad anna bustadbygning | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Garasje, uthus, anneks, naust mv. Bygningstype 181-183 | Per tiltak | Kr 8 627,- |
| Bustadbrakker og anna bustadbygning Bygningstype 193-199 | Per bygning | Kr 20 773,- |
| § 3.7.1.d Tilbygg, påbygg eller underbygg til bustad og fritidsbustad | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Tilbygg, påbygg eller underbygg som ikkje gjev nye bueiningar Bygningstype 111-199 | Per tiltak | Kr 9 085,- |
| Tilbygg/påbygg/ombygging som gjev nye bueiningar Bygningstype 111-199 | Per bueining | Kr 15 846,- |
| § 3.7.1.e Anna enn bustad | Utreknings eining | <250 m2 BRA | 251 - 500 m2 BRA | 500 – 2500 m2 BRA | >2500 m2 BRA |
|---|---|---|---|---|---|
| Fabrikk-/industribygg ol. Bygningstype: 211-219 | Per brukseining | Kr 25 000,- | Kr 47 471,- | Kr 72 221,- | Kr 99 033,- |
| Energiforsyningsbygg, bensinstasjon ol. Bygningstype: 221-229;323 | Per brukseining | Kr 25 000,- | Kr 47 471,- | Kr 72 221,- | Kr 99 033,- |
| Lager-, fiskeri- og landbruksbygg, parkeringsbygg ol. Bygningstype: 231-249;431-439 | Per brukseining | Kr 25 000,- | Kr 47 471,- | Kr 72 221,- | Kr 99 033,- |
| Kontor- og forretningsbygg mv. Bygningstype: 311-322;329-429;441- 449;731-739, 840 | Per brukseining | Kr 45 000,- | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658,- |
| Bygg for overnatting mv. Bygningstype: 511-529 | Per brukseining | Kr 45 000,- | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658 ,- |
| Bygg for servering mv. Bygningstype: 531-539 | Per brukseining | Kr 25 000,- | Kr 47 471,- | Kr 72 221,- | Kr 99 033,- |
| Undervisnings-, kultur- , museums-, kyrkjebygg ol. Bygningstype: 611-649;671-679, 661-669, 830 | Per brukseining | Kr 45 000,- | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658,- |
| Idrettsbygg ol. Bygningstype: 651-659 | Per brukseining | Kr 45 000,- | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658,- |
| Sjukehus og andre bygg for behandling Bygningstype: 719-729 | Per brukseining | Kr 45 000,- | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658,- |
| Fengselsbygg og beredskapsbygg Bygningstype: 819-829 | Per brukseining | Kr 45 000,- | Kr 63 283,- | Kr 84 138,- | Kr 108 658,- |
| Tilbygg og påbygg for anna enn bustad Bygningstype: 211-840 | Per tiltak | Kr 18 000,- | Kr 28 221,- | Kr 41 971,- | Kr 54 346,- |
Ein søknad som inneheld fleire brukseiningar, betaler gebyr for de 3 brukseiningane med høgast gebyr.
| § 3.7.1.f Konstruksjon og anlegg | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Mindre private anlegg for inntil 2 eigedomar (reinseanlegg, slamavskiljar, mindre brygger/flytebrygger/kaier, molo o.l.) | Per tiltak | Kr 7 138,- |
| Private stikkleidningar (mindre VA-anlegg) | Per tiltak | Kr 6 908,- |
| Større anlegg (kraner, større brygger/flytebrygger/kaier, molo o.l.) | Per tiltak | Kr 21 919,- |
| Større kommunaltekniske hovudleidningsanlegg (VA-anlegg, avløpspumpestasjon o.l.) | Per tiltak | Kr 24 096,- |
| Idretts-/sportsanlegg utan bygning/tribune t.d. fotball-, skeisebane og liknande | Per tiltak | Kr 16 419,- |
| Innhegning (til dømes støyskjerm, gjerder, levegg, voller, mur) | Per tiltak | Kr 6 221,- |
| Svømmebasseng, dam/brønn o.l. | Per tiltak | Kr 9 315,- |
§ 3.7.2 Fasadeendring, jf. pbl § 20-1 c
| Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 c | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Fasadeendring på bustadbygg, konstruksjon eller anlegg knytt til bustad | Per tiltak | Kr 5 877,- |
| Fasadeendring på bygg, konstruksjon eller anlegg knytt til anna enn bustad | Per tiltak | Kr 6 908,- |
§ 3.7.3 Bruksendring eller vesentleg utviding eller vesentleg endring av tidlegare drift av tiltak, jf. § 20-1 d.
Gebyr vert rekna i prosent av gebyret for sakstypen det endrast til.
| Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 d | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Bruksendring mv. til bustad med endring av bygning, tekniske installasjonar osb. | Per søknad | 50 % av gebyret etter § 3.7.1 |
| Bruksendring mv. til anna enn bustad med endring av bygning, tekniske installasjonar osb. | Per søknad | 50 % av gebyret etter § 3.7.1 |
| Bruksendring mv. utan endring av bygning, tekniske installasjonar osb. | Per søknad | 30 % av gebyret etter § 3.7.1 |
| Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt innanfor ein brukseining | Per søknad | Kr 6 908,- |
| Vesentleg endringar i planløysinga t.d. hovudombygging | Per søknad | 80 % av gebyret etter § 3.7.1 |
§ 3.7.4 Riving av tiltak, jf. § 20-1 e.
Når søknad om tiltak også inneheld søknad om riving for oppføring av erstatningsbygg på same staden, vert det ikkje teke gebyr for riving.
| Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 e | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Rivning mv. av bygg, konstruksjon, anlegg inntil 100 m2 | Per søknad | Kr 7 481,- |
| Rivning mv. av bygg, konstruksjon, anlegg over 100 m2 | Per søknad | Kr 10 131,- |
§ 3.7.5 Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar, jf. § 20-1 f.
| Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Sanitærinstallasjonar, ventilasjons/sprinklar- /antenne-/energiforsyningsanlegg, heis og liknande | Per tiltak | Kr 7 710,- |
| Skorstein, trappeheis, slukbytter og hulltaking i brannskilje | Per tiltak | Kr 4 158,- |
| Endring i bygningens berekonstruksjonar | Per tiltak | Kr 5 190,- |
| Leskur, sykkelstativ/-hotell og andre bymøblar | Per søknad | Kr 4 960,- |
| Nedgrave avfallscontainere, energibrønnpark, og liknande tiltak under grunnen | Per søknad | Kr 9 085,- |
| Pullertar for fortøying av fartøy og andre sikringstiltak | Per søknad | Kr 5 190,- |
| Statuer, minnesmerke og andre kunstverk | Per søknad | Kr 5 877,- |
§ 3.7.6 Oppdeling eller samanføying av brukseiningar for bustad, jf. § 20-1 g.
| Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 g | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Samanføying av brukseiningar for bustad osb. | Per søknad | Kr 4 502,- |
| Oppdeling av brukseiningar for bustad osb. | Per ny bueining | Kr 14 700,- |
§ 3.7.7 Oppføring av innhegning mot veg og skilt og reklame, jf. § 20-1 h og i.
| Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 h og i | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Innhegning mot veg (eksempelvis støyskjerm, gjerde, voller, m.m.) | Per tiltak | Kr 7 252,- |
| Skilt på fasade | Per tiltak | Kr 1 282,- |
| Andre skilt | Per tiltak | Kr 4 502,- |
Det betalast ikkje eiga gebyr for søknad om skilt som går inn i søknad om nybygg eller utvendig ombygging eller ved fasadeendring.
§ 3.7.8 Plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg, jf. § 20-1 j.
| Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 j | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Plassering av mellombelse bygningar mv. som skal stå inntil 2 år | Per bygning | Kr 21 460 |
| Plassering av andre mellombelse konstruksjonar eller anlegg som skal stå inntil 2 år | Per tiltak | Kr 11 721,- |
| Plassering av tidsbestemte bygningar, konstruksjonar eller anlegg | Per tiltak | Gebyr etter § 3.7.1 |
§ 3.7.9 Vesentleg terrenginngrep, jf. § 20-1 k.
| Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 k | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Vesentlege terrenginngrep, tiltaksklasse 1 | Per søknad | Kr 9 888,- |
| Vesentlege terrenginngrep, tiltaksklasse 2 og 3 | Per søknad | Kr 16 763,- |
§ 3.7.10 Anlegg av veg, parkeringsplass og landingsplass, jf. § 20-1 l.
| Sakshandsamingsgebyr for tiltak etter pbl § 20-3, jf. § 20-1 l | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Anlegg av privat veg/avkøyrsle | Per tiltak | Kr 9 658,- |
| Anlegg av offentleg kryss/veganlegg/kulvert o.l. | Per tiltak | Kr 20 888,- |
| Parkeringsplass inntil 10 plassar | Per tiltak | Kr 6 908,- |
| Parkeringsplass over 10 plassar | Per tiltak | Kr 12 638,- |
| Landingsplass | Per time | Kr 1 250 ,- |
| Torg og møteplassar | Per tiltak | Kr 7 940,- |
| Leikeplass, aktivitetspark o.l. | Per tiltak | Kr 6 335,- |
§ 3.9 Midlertidig bruksløyve, igangsetjingsløyve og ferdigattest
| Midlertidig bruksløyve og ferdigattest | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Mellombels bruksløyve | Per søknad | Kr 7 252,- |
| Igangsetjingsløyve frå og med nr. 2 | Per løyve | Kr 7 367,- |
| Ferdigattest der det har gått meir enn 5 år sidan opphavleg byggeløyve ble gjeve | Per søknad | Kr 6 565,- |
§ 3.10 Dispensasjonssøknad
Tiltak som ikkje er i tråd med føresegner i lov, forskrift eller plan krev søknad om dispensasjon. Dispensasjonsgebyret kjem i tillegg til andre gebyr.
| Dispensasjon etter pbl kapittel 19 | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Dispensasjon frå arealplan, byggjeforbod etter pbl §1-8, arealføremål, lover/forskrifter og plankrav mv. som krev vesentleg vurdering og høyringsprosess – politisk handsaming eller ved administrativt avslag | Per forhold | Kr 22 708,- |
| Dispensasjon frå arealplanar og/eller forskrifter mv. som krev enklare vurdering og høyringsprosess, t.d utbygd byggjeområde utan innteikna byggjegrense mot sjø- og vassdrag, byggjegrense mot veg - politisk eller administrativ handsaming | Per forhold | Kr 10 208,- |
| Mindre vesentleg dispensasjon som krev enkel vurdering – administrative handsaming | Per forhold | Kr 8 333,- |
Det reknast gebyr for de 2 forholda i same sak med høgst gebyr.
§ 3.11 Andre vurderingar
| Andre vurderingar | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Tiltak på eksisterande byggverk (unntak frå TEK), pbl § 31-2, 4. ledd | Per fråvik | Kr 3 750,- |
| Godkjenning av sjølvbyggaransvar, SAK § 6-8 | Per søknad | Kr 2 188,- |
§ 3.12 Revidert søknad og teikningar
Med revidert søknad meinast endringar det søkast om etter at rammeløyve eller eitt-trinns løyve er gitt, og før bygget eller tiltaket har fått ferdigattest.
Søknadspliktig endring av tiltak, kr 6 679,- per endring.
§ 3.13 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag
| Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Sak som avisas/returnerast pga. vesentlege manglar* | Per sak | Kr 4 896,- |
| Sak som blir trekt før vurdering | Per sak | Grunngebyr |
| Sak som blir trekt av søker/tiltakshavar etter at kommunen har satt i gang sakshandsaming, men før endeleg vedtak | Per sak | Grunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr |
| Sak som kommunen avslår | Per sak | Fullt gebyr |
*Søknaden er for mangelfull til at kommunen kan handsame den.
§ 3.14 Gebyr for anna fakturerbart arbeid
Gebyrpliktig arbeid etter plan- og bygningsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, fakturerast etter medgått tid. Timeprisen dekker blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. Grunngebyr kjem i tillegg. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på forhånd bestemme at saken vert fakturert etter medgått tid.
Gebyr for medgått tid i byggje- og delesakar, kr 1 250,- per time.
Førehandskonferanse
Det skal betalast gebyr for førehandskonferanse eller andre møter. Gebyra omfattar også førebuing og etterarbeid/referat. Ved avlysing av møte med kommunen mindre enn 48 timer før møtets avtalte starttidspunkt, fakturerast halvt gebyr. Ved etterfølgjande mottak av byggjesøknad i samsvar med førehandskonferansen som er halde vert 30 % av førehandskonferansegebyret refundert.
- Førehandskonferanse for utbyggingsprosjekt, per møte, kr 12 813,-
- Førehandskonferanse for tiltak på private eigedomar, per møte, kr 6 042,-
- Dialogmøte/avklaringsmøte, per time, kr 1 250,-
Grunngebyr
Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av tiltakets art, kompleksitet og storleik m.m. Til dømes mottak av søknad, innregistrering, journalføring og arkivering. Ferdigattest som utstedes i løpet av fem år etter opphavleg byggeløyve dekkjast også av grunngebyret.
- Grunngebyr for søknadspliktige tiltak sendt inn gjennom elektronisk søknadsportal, per søknad, kr 3 646,-
- Grunngebyr for søknadspliktige tiltak sendt inn på papir og e-post, per søknad, kr 4 271,-
§ 3.3 Matrikkelføringsgebyr
For tiltak etter pbl skal det betalast matrikkelføringsgebyr som skal dekkje kostnadene knytt til arbeid som må gjerast i matrikkelen. Arbeid i matrikkelen aukar proporsjonalt med tal på brukseiningar og det skal betalast eit registreringsgebyr per brukseining. Gebyret skal og betalast ved endring av brukseining.
- Registreringsgebyr søknadspliktige tiltak m. ansvarsrett, per brukseining, kr 2 813,-
- Registreringsgebyr søknadspliktige tiltak u. ansvarsrett, per brukseining, kr 2 188,-
§ 3.4 Tilleggsgebyr ved mangelfull søknad, kr 3 438,-
Dersom søker ikkje har komplett søknad etter første mangelbrev frå kommunen, kjem det gebyr for kvart følgjande mangelbrev som blir sendt.
Eigarseksjonering
§ 4.1 Grunngebyr
Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis mottakskontroll, innregistrering, journalføring, fordeling av sak og arkivering.
Grunngebyr per søknad kr 3 564,-
§ 4.2 Mangelfull søknad
Dersom søknad ikkje følgjer krava i eierseksjonsloven § 11 og kommunen må sende mangelbrev, kjem det eit tilleggsgebyr frå og med det andre mangelbrevet, på kr 2 759,- per brev.
§ 4.3 Oppretting av eigarseksjonar
| Oppretting av eigarseksjonar, nybygg og eksisterande bygg | Gebyr |
|---|---|
| For ein til fire seksjonar, per søknad. | Kr 13 564.- |
| Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjo.n | Kr 1 725.- |
§ 4.4 Reseksjonering
| Reseksjonering | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| For ein til fire seksjonar | Per søknad | Kr 19 082,- |
| Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjon | Per seksjon | Kr 2 069,- |
§ 4.5 Sletting/oppheving av seksjonert sameige
Det er sakshandsamingsgebyr for å slette seksjonar på ein eigedom på kr 4 598,- per søknad.
§ 4.6 Tilleggsgebyr
Gebyr kjem i tillegg til sakshandsamingsgebyret.
| Tilleggsgebyr | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Gebyr for synfaring | Per synfaring | Kr 3 104,- |
| Gebyr produksjon av ny planteikning | Per planteikning | Kr 2 759,- |
| Tilleggsgebyr ved seksjonering av anleggseigedom | Per sak | Kr 4 598,- |
| Pålegg om reseksjonering etter § 22 eierseksjonsloven. | Per sak | Kr 9 426,- |
§ 4.7 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag
| Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag | Gebyr per sak |
|---|---|
| Sak som vert avvist | Kr 7 357,- |
| Sak som blir trekt før vurdering | Grunngebyr |
| Sak som blir trekt etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtak | Grunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr |
| Sak som kommunen avsluttar på grunn av manglande oppfølging frå søker | Grunngebyr + gebyr for mangelbrev |
| Sak som kommunen avslår | Fullt gebyr |
§ 4.8 Gebyr for anna fakturerbart arbeid
Gebyrpliktig arbeid etter eierseksjonsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekkjer blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjerda at saka vert fakturert etter medgått tid.
Gebyr for medgått tid etter eierseksjonsloven er kr 1 379,- per time.
Private planforslag
§ 2.1 Gebyr for arbeid med oppstart
§ 2.1.1 Gebyr for planinitiativ
Gebyr for gjennomgang av planinitiativ inkluderer eit initiativ. I fall planinitiativ må sendast inn fleire gonger, fakturerast gebyr per sending.
- Gjennomgang av planinitiativ, kr 9 573,-
- Planinitiativ som sendast inn fleire gonger, kr 4 025,-
§ 2.1.2 Enkeltgebyr for møte
- Oppstartsmøte, kr 17 710,-
- Oppstartsmøte mindre endringar etter pbl § 12-8 andre ledd, kr 10 465,-
- Avklaringsmøte med forslagsstillar/plankonsulent utover oppstartsmøte, kr 8 050,-
§ 2.1.3 Råd i planlegginga - usemje på vesentlege punkt
Sak til politisk utval om å gi råd ved usemje på vesentlege punkt i oppstartsmøte i ei detaljreguleringssak etter pbl § 12-8 første ledd, kr 16 100,-
§ 2.1.4 Stopp av planinitiativ
Dersom forslagsstillar krev avgjersla om stans av planinitiativ førelagt politisk utval til handsaming etter pbl § 12-8 andre ledd, kr 17 308,-
§ 2.2 Mangelfulle plandokument
Tillegg for planforslag som ikkje er levert etter gjeldande standard for kart og geografisk informasjon eller kommunens retting av plandokument, per time kr 1 610,-
Gebyr gjeld i dei tilfelle kommunen har meirarbeid ved retting av planforslaget og/eller tilhøyrande dokument.
§ 2.3 Gebyr for handsaming av privat planforslag
§ 2.3.1 Grunngebyr for planforslag
Gebyr som skal dekke dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av tiltakets kompleksitet og storleik.
Private planforslag, per planforslag, kr 172 540,-
§ 2.3.3 Planar med konsekvensutgreiing og/eller planprogram
For planforslag som krev konsekvensutgreiing (KU) og/eller planprogram skal det betalast eit tilleggsgebyr.
- For planar som krev konseskvensutgreiing, per planforslag, kr 22 540,-
- For planar som krev konsekvensutgreiing og planprogram, per planforslag, kr 49 374,-
§ 2.3.4 Arealføremål og omsynssoner i planforslaget
Det skal betalast tilleggsgebyr dersom planforslaget inneheld over 10 arealføremål og/eller 5 omsynssoner. Gebyrgivande arealformål er gitt av underføremål i pbl §12-5 og omsynssoner definerast i vedlegg 1 til kart- og planforskriften.
- Over 10 arealføremål, per planforslag, kr 11 270,-
- Over 5 omsynssoner, per planforslag, kr 11 270,-
§ 2.3.5 Arealgebyr for arealet i planen
Dersom arealet til planen er over 5 daa, skal det betalast tilleggsgebyr etter følgande tabell:
- 5.001-10.000 m2, per planforslag, kr 11 270,-
- 10.001-20.000 m2, per planforslag, kr 16 100,-
- Over 20.000 m2, per planforslag, kr 22 540,-
§ 2.3.6 Arealgebyr for areal regulert til bygg og anlegg (jf. Pbl § 12-5 nr. 1)
Dersom arealet til utbygging jf. Pbl § 12-5 nr. 1 er over 6000 m2 skal det betalast tilleggsgebyr.
Areal til utbyggingsføremål (gjeld for både bustad, fritidsbustad, næring mv.)
- 6.001-15.000 m2, per planforslag, kr 6 440,-
- 15.001-30.000 m2, per planforslag, kr 9 660,-
- 30.001-45.000 m2, per planforslag, kr 16 100,-
- Over 45.000 m2, per planforslag, kr 22 540,-
§ 2.3.7 Tilleggsgebyr for vertikalnivå
Planforslag med regulering i fleire vertikalnivå enn grunnarealet over bakken, jf. kart- og planforskriften § 9, 3. ledd.
Tilleggsgebyr for fleire vertikalnivå, per vertikalnivå utover eitt, Kr 4 787,-
§ 2.3.8 Forhold til overordna planer i kommunen
Dersom planforslaget er vesentleg i strid med kommuneplanens arealdel og føresegner og målsettingar må det betalast eit tilleggsgebyr på kr 28 980,- per planforslag.
§ 2.4 Utfylling og endring av plan Ved utfylling eller endring av plan skal det betalast gebyr
- Små endringar i reguleringsplan eller utfyllingar, til dømes justering av arealføremål jf. pbl § 12-14 andre ledd – som kan handsamast administrativ, per endringsforslag, kr 17 711,-
- Endringar i reguleringsplan eller utfyllingar innanfor hovudtrekka i reguleringsplanen, jf. pbl § 12-14 andre ledd, endra areal er under 2 daa – som krev politisk handsaming, per endringsforslag, kr 42 665,-
- Endringar i reguleringsplan eller utfyllingar innanfor hovudtrekka i reguleringsplanen, jf. pbl § 12-14 andre ledd , endra areal er over 2 daa – som krev politisk handsaming, per endringsforslag, kr 61 985,-
- Endringar som vert handsama som ny plan i samsvar med pbl § 12-14 første ledd, per planforslag, gebyr etter § 2.3
§ 2.5 Gebyr ved avslutning av planprosess
Dersom planinitiativ/planforslag vert trekt eller ved manglande oppfølging frå forslagsstillar, skal forslagsstillar betala ein del av samla gebyr avhengig av kor langt kommunen har kome i sakshandsaminga.
- Dersom saka vert trekt før oppstartsmøte, per planinitiativ, gebyr etter § 2.1.1
- Etter oppstartsmøtet, men før innsending av komplett forslag, per planoppstart, gebyr etter § 2.1 pluss 20 % av gebyr etter 2.3
- For sak som vert avslutta etter påbegynt sakshandsaming, men før førstegongshandsaming, per planforslag, gebyr etter § 2.1 + grunngeby r +50 % av gebyr etter 2.3
- For sak som vert avslutta etter påbegynt sakshandsaming og etter førstegonghandsaming, per planforslag, fullt gebyr
Dersom det ikkje er varsla oppstart av plan innan 6 månadar etter gjennomført oppstartsmøte, kan kommunen avslutte saka.
Tilsvarande gjeld der komplett planforslag ikkje er motteke innan 18 månadar etter kunngjering av oppstart. Dette gjeld med mindre kommunen og forslagsstillar har avtala noko anna.
§ 2.6 Gebyr for anna fakturerbart arbeid
Gebyrpliktig arbeid etter plan- og bygningsloven som ikkje fell inn under andre paragrafar i dette kapittelet, vert fakturert etter medgått tid. Arbeid kommunen har med utbyggingsavtaler vert fakturert etter medgått tid. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjera at saka vert fakturert etter medgått tid.
Gebyr for medgått tid, per time, kr 1 610,-
§ 2.7 Gebyrfritak
§ 2.7.1 Offentlege planforslag
Kommunen reknar ikkje gebyr for å handsame planforslag frå offentlege forslagsstillar når planen skal ivareta offentlege interesser eller funksjonar og tiltaket skal finansierast med støtte frå stat eller kommune, eller med lån som har statleg eller kommunal garanti.
§ 2.7.2 Unntak gebyrfritak – ulovleg statsstøtte
Offentlege forslagsstillar, derunder kommunale føretak, som fremjar planforslag knytt til eigedomsutvikling av reine eigedoms- og grunneigarinteresser (kommersielle interessar), er likestilt med privat forslagsstillar og skal betale gebyr.
§ 2.7.3 Planforslag frå offentlege forslagsstillar med kommersielle interesser
Der deler av planen frå offentleg forslagsstillar, til dømes kommunale føretak, er knytt til eigedomsutvikling mv. (kommersielle interesser), skal det betalast gebyr for den aktuelle delen av planen etter § 2.1-§ 2.6.
§ 2.7.4 Areal som det ikkje bereknast gebyr av
Den del av planforslaget som regulerast til LNF, offentlege grønstruktur- og friluftsføremål, verneområde samt eksisterande offentlege trafikkområde skal ikkje tas med i utrekninga av gebyret
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Selvbygger
- Sjølvbyggjar
- Sikring og rehabilitering av bygg
- Sikring og rehabilitering av bygg
- Vannforsyning - drikkevann
- Vassforsyning - drikkevatn
- Nabovarsel - byggesak
- Nabovarsel - byggjesak
- Mindre byggetiltak på bebygd eiendom
- Forhåndskonferanse
- Førehandskonferanse
- Byggetiltak som ikke krever søknad og tillatelse
- Bolig - Mikrohus
- Bolig - Mikrohus
- Bruksendring
- Bolig - oppføring av ny bolig
- Situasjonspakke, situasjonskart, naboliste, bygningsteikningar
- Bygge- og aktivitetsforbud langs offentlig veg - dispensasjon
- Byggavfall - kildesortering
- Driftsbygning i landbruket
- Driftsbygning i landbruket
- Byggavfall - kjeldesortering
- Byggesak
- Arealforvaltning
Sist oppdatert
