Omsorgsstønad

Kort fortalt

Omsorgsstønad er ei lønn frå kommunen til deg dersom du utfører omsorgsarbeid som kommunen elles ville gjort.

Beskrivelse

Har du eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgsstønad. Omsorgsstønad skal gi deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsstønad, og kva nivå lønna skal liggje på.

Kriterier

Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta som kan takast med i vurderinga, er

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid

Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Det vil seie at kommunen har plikt til å løyve pengar til omsorgslønn på budsjettet. På den andre sida vil ikkje den enkelte omsorgsytaren ha nokon automatisk rett til å få omsorgsstønad. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-6.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsstønad. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje.

Saksbehandling

Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak.

Klagemulighet

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på avgjerda. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?