Betala rekning frå kommunen

Alle månadlege rekningar som kommunale avgifter, husleige, SFO, barnehage og pleie og omsorg, har forfall 20. i kvar månad. Alle krav utanom husleige betaler du på etterskot, husleiga har forfall den månaden den gjeld for. Informasjon om kva perioden kravet gjeld for, står på fakturaen.

Kontakt rekneskap på telefon: 53 49 66 00 (sentralbordet) eller e-post: rekneskap@stord.kommune.no. Opningstida er kvardagar frå 09.30-14.30.

Har du betalt for mykje i eigedomsskatt eller kommunale gebyr? Då betalar me tilbake det du har tilgode. Pengane får du inn på same konto som du betalte frå.

Spørsmål som gjeld feil ved fakturert teneste eller utrekning av beløp rettar du til fagavdelinga (eininga) som har levert tenesta. 

Til oversikt over einingane våre

Med eFaktura mottar du faktura frå Stord kommune rett i nettbanken. Du finn fakturaen som PDF-vedlegg. Du bør opna og kontrollera fakturaen før du godkjenn betalinga.

Meir informasjon om eFaktura Lenke til et annet nettsted.

Du kan kombinera eFaktura og Avtalegiro. Då vert betalinga trekt automatisk frå kontoen ved forfall. Du treng ikkje godkjenna fakturaen i nettbanken.

Meir informasjon om Avtalegiro Lenke til et annet nettsted.

Stord kommune har endra utsendinga av eFaktura etter banken sin nye løysing. Det betyr at alle som ønskjer å motta eFaktura må gi ein generell aksept for dette. Avhengig av bank eller betalingsapp blir dette kalt «Ja takk til alle» (JTTA) eller Alltid eFaktura.

Les meir: Informasjon om endringane hos eFaktura Lenke til et annet nettsted.

Dette kan ha betyding for deg som mottar faktura frå Stord kommune, anten du gjer det på vegne av deg sjølv eller andre. No vil du også få purring i nettbanken, om du gløymer å betala ein faktura.

Tidligare fekk eg eFaktura, men no mottar jeg ikkje lenger faktura i nettbanken

For å få faktura i nettbanken må du inngå avtale om «Ja takk til alle»/Alltid eFaktura» i nettbanken eller i betalingsapp.

Tidlegare var det mogleg med eFakturaavtale på faktura adressert til andre enn deg sjølv. eFaktura vart sendt til den som hadde registrert eFakturareferansen i nettbanken. Som følgje av personvernforordningen GDPR, er dette endra. Med «Ja takk til alle»/«Alltid eFaktura» vil alltid den som er oppgitt som fakturamottaker vera den som får fakturaen presentert i nettbanken.

Kvar vert fakturaen min sendt dersom eg ikkje har «Ja takk til alle»/«Alltid eFaktura» avtale?

Dersom du ikkje har «Ja takk til alle» blir fakturaen sendt i posten.

Kvifor får eg AvtaleGirofakturaen i posten?

Dette er fordi du berre har avtale om AvtaleGiro, og ikkje samtykka til «Ja takk til alle»/Alltid eFaktura» i nettbanken eller i betalingsapp. 

Eg har ikkje fått eFaktura frå kommunen tidlegare, men no kjem fakturaen i nettbanken min?

Dersom du har inngått «Ja takk til alle»/«Alltid eFaktura» i ein annan betalingsflate, for eksempel nettbanken eller Vipps, vil du få eFakturaen i nettbanken.

Kan eg fortsatt motta eFaktura på vegne av andre?

Tidlegare var det mogleg med eFakturaavtale på faktura adressert til andre enn deg sjølv. eFaktura vart sendt til den som hadde registrert eFakturareferansen i nettbanken. Som følgje av personvernforordningen GDPR, er dette endra. Med «Ja takk til alle»/«Alltid eFaktura» vil alltid den som er oppgitt som fakturamottaker vera den som får fakturaen presentert i nettbanken.

Fleire bankar tilbyr løysingar for å motta og godkjenna eFaktura på vegne av andre. Ta kontakt med banken din.

Eg har fått varsel om eFakturarekning frå kommunen, men får ikkje sett den i nettbanken eller i Vipps-appen?

Det kan oppstå forseinking mellom varsling og når faktura blir tilgjengelig i betalingsflata, vent til neste dag og ta ein ny sjekk av bankkonto.

Det blir sendt ut faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt 12 gonger per år. Forfall er 20. i kvar månad. 

Om du ikkje betalar rekninga di vil du få purring og det vert rekna gebyr og renter. 

For ubetalte eigedomsavgifter og festeavgifter har kommunen legalpant i eigedomen. Det vil seia at kommunen kan krevja trekk i løn eller trygd for desse krava. Krava kan også krevjast gjennom tvangssal av eigedom.

Øvst på side 1 på fakturaen får du opplyst kva månad fakturaen gjeld for. 

Har du kjøpt eller solgt eigedom, vil me motta eigarskiftemelding om dette frå Kartverket. Me sender faktura til den som er registrert som eigar den dato me oppdaterer eigarforholdet mot Kartverket. 

Har me sendt faktura til gamal eigar og den ikkje blir betalt ved forfall, vil kravet blir overført på eigarskiftefaktura til ny eigar og på ny eigar sitt kundenummer og KID referanse.

Dersom du av ulike årsaker har behov for betalingsutsetjing, kan du ta kontakt med oss og inngå betalingsutsetjing eller betalingsavtale på eit krav.  Ta kontakt på telefon: 53 49 66 00 (sentralbord) eller på e-post: rekneskap@stord.kommune.no - oppgje kunde- eller fakturanummer. Ikkje skriv personopplysingar i e-posten.

Du må betala forseinkingsrente frå fakturaen forfaller fram til kravet er betalt, sjølv om du har betalingsutsetjing.

Dersom du representerer ein annan person i kraft av å vera verge, må du senda vergefullmakt. Mandatet i vergefullmakta vil gi deg som verge høve til å kommunisera med rekneskap i saker som gjeld den personen du er verge for.

Send inn vergefullmakt sikkert via eDialog

Er du pårørande og skal senda inn skifteattest til Stord kommune kan du senda den sikkert via eDialog
 

Priser

Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 600 000 pr. godkjent bueining.

Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 1,8 ‰, og for ubygde tomter og næring på 7 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.

Årsgebyr for vassforsyning og avløpshandtering er todelt:

Eit fast årleg gebyr for kommunens vass- og avløpstenester. Inntektene frå gebyret skal fortrinnsvis dekkje tenestenes kapitalkostnader. I 2025 forventast dette å utgjera ca. 50 % for vatn og 50 % for avløp.

Forbruksgebyr blir fastsett anten etter faktisk vassforbruk eller stipulert etter storleiken på bustaden. Stipulert forbruk vert rekna ut ifrå bruksareal multiplisert med ein faktor på 0,9 m3 /m2. For fritidsbustad skal faktoren vera 0,45 m3 /m2. For naust skal faktoren vera 0,45 m³/m², dersom dette må stipulerast. For tappepunkt/vasspost skal det leggjast til grunn 15 m³, dersom dette må stipulerast vert vatn- og avløpsgebyra rekna etter prinsippet vassmengd inn er lik vassmengd ut.

Gebyrsatsar inkl. 15 % mva.

Årleg abonnementsgebyr (kr/år)Eining / talVatn 2025Vatn 2026Avløp 2025Avløp 2026
Bustadeigedom og fritidsbustad:per bueining4 519,965 122,105 1915 302,65
Nærings-, kombinasjons- og landbrukseigedom:  
 
Kategori 1 (0-300 m3)14 519,965 122,105 1915 302,65
Kategori 2 (301 - 1000m3)313 558,9615 36715 57415 907
Kategori 3 (1001-3000 m3)627 11730 73131 14831 817
Kategori 4 (3001-6000 m3)1254 23461 46262 29563 632
Kategori 5 (6001-20 000 m3)24108 468122 926124 590127 265
Kategori 6 (20 001-50 000 m3)50225 975250 096259 563265 137
Kategori 7 (50 001-150 000 m3)100451 950512 195519 125530 274
Kategori 8 (150 001-500 000 m3)150677 925768 080778 688795 411
Kategori 9 (500 001-1 000 000 m3)3001 355 8501 336 1611 557 3751 590 821
Bygning der fleire eigedomar deler vassmålarper brukseining    

Målt forbruk i kr/m3 for alle abonnementar kr 29,31 for vatn og kr 36,93 for avløp. 

Type bustad / tankTankstorleikÅrsgebyr 
(inkl. mva)
Heilårsbustad (tømming annakvart år)0 - 4,0 m31 062,50
4,1 - 9,5 m31 250
9,6 - 16,5 m33 075
Fellestank uavhengig av volum, gebyr per husstand 812,50
Slam, årleg tømming0 - 4,0 m32 075
4,1 - 9,5 m33 687,50
Felles tank, årleg tømming, pr husstand 1 112,50
Hytte/fritidshus (tømming kvart 4. år) 525
Felles tank fritid uavh. av volum pr. eining 375

Minireinseanlegg skal ha tøming kvart år.

Ekstra tømming/tilleggsarbeid vert fakturert direkte frå SIM.

Det er ikkje utarbeidd særskilt gebyrgrunnlag for avfallsavgift og slamtøming, då dette vert utført som leigd teneste av Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM).

Betalingssatsar for slamtømming av fellestank og tankar med større volum finn du her (Sim) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Tilknytingsgebyr er eit eingongsgebyr som skal betalast for tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg. Gebyret skal betalast ved tilknyting av:

  1. Tilknyting av eigedom.
  2. Tilknyting av eigedom som kommunen krev tilknytt.
  3. Eigedom med tilknyting som ikkje er godkjent.
  • For bustadar skal eingongsgebyret for tilknyting utgjere eit fast beløp per bueining.
  • For næringseigedom skal eingongsgebyret for tilknyting utgjere eit fast beløp per brukseining. 
  • Kombinasjonseigedom skal betala gebyr for kvar del etter reglane over.

Tilknytingsgebyret skal vera betalt før tilknyting.

TilknytingsgebyrEining/talVatnAvlaup
Bustadeigedom og fritidsbustaderper bueiningKr 25 000Kr 25 000
Næringseigedomper brukseiningKr 25 000Kr 25 000

 

 

 

 

 

Gebyrreduksjon i årsgebyret i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag: årsgebyret reduserast med 0,3 % per påbegynte døgn utover det første døgnet.

Oppmøtegebyr for avlesing av vassmålar: dersom abonnenten unnlét å foreta ei avlesing i tråd med lokal forskrift og kommunen må foreta avlesinga: kr 1.250 per gong per vassmålar.

Gebyr for avstenging og påsetting av vassforsyninga: dersom kommunen føretek avstenging eller påsetting: kr 2.500 per gong per eigedom.

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er skipa for å ivareta innhentinga og avfallsdeponeringa i distriktet. Alle husstandar skal sortera avfallet i bioavfall, papiravfall og restavfall. Føremålet med kjeldesortering er å ta vare på ressursane i avfallet, og unngå miljøulemper på fyllplassen. Alle bustader skal sortera avfallet i 5 grupper:

  • Bio-avfall (brunt lok)
  • Papiravfall (blått lok)
  • Restavfall (svart lok)
  • Glas og metallavfall oransje lok)
  • Plastemballasje (eigen sekk)

Standardløysing for bustad:

  • Abonnementsgebyr kr 1 338
  • Dunk for bioavfall kr 537,50
  • Glas- og metalavfall  kr 262,50
  • Dunk for papir kr 262,50
  • Dunk for restavfall kr 900 

Totalt for husstand som vel standardløysing er kr 3 300 inkl. mva. 

Kontrakt om heimekompostering gjev reduksjon i avgifta på kr 537,50 (inkl. mva). Felles bruk av dunkar kan gje ytterlegare reduksjon.

Det kan søkjast om fritak for dunkavgift ved bruksendring av eigedomen. Eventuelt fritak vert gjort gjeldande frå første terminskifte. 

Fritak for grunngebyr kan berre innvilgast ved at eigedom ikkje vert nytta permanent / varig.

Sekkerenovasjon/fritaksdunk etter søknad: Kr. 1 938 (inkl. mva. abonnementsgebyr kjem i tillegg.)

Fritak kjeldesortering: Det kan søkjast om fritak for kjeldesortering ved spesielle tilhøve, t.d. sjukdom/funksjonshemming. Det kan då gjevast løyve til å levera usortert avfall, med innlevering kvar 14. dag.

Betalingssatsar for andre renovasjonsløysingar finn du på SIM sine nettsider Lenke til et annet nettsted.

Ekstrasekk for restavfall kan kjøpast i rådhuset for kr. 100 per stk (inkl. tømingsavgift og mva)

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?