Fritak for eigedomsskatt

Fritak etter eigedomsskattelova § 5

Nokre eigedomar er automatisk friteken for eigedomsskatt. Dette gjeld mellom anna

  • eigedomar  som er eigd og brukt av staten 
  • eigedomar som er eigd av kommunen
  • historiske bygg
  • kyrkjer 
  • eigedomar som høyrer til offentleg samferdsel
  • Eigedomar som vert driven som gardsbruk eller skogbruk. Fritaket gjeld berre driftsdelen av jord - og skogbrukseigedom. Bustadbygg/fritidsbygg med tilhøyrande tomt vert ikkje omfatta av unntaket og skal takserast. Det same gjeld andre bygg eller driftsmidlar som ikkje direkte gjeld landbruksdrifta. 

Fritak etter eigedomsskattelova § 7

Kommunstyret har, i medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a og b, gjeve fritak for eigedomsskatt for 2026 til eigedomar tilhøyrande stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller Staten og eigedomar av historisk verde.

Søknadsskjema finn du nedanfor. Frist for søknad om fritak er 31. mai 2026.

Priser

Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 600 000 pr. godkjent bueining.

Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 1,8 ‰, og for ubygde tomter og næring på 7 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?