Skattelister eigedomsskatt
Skattelista og fritakslista vert lagt ut til offentleg ettersyn i ein månad når eigedomsskatten vert skriven ut, frå 1. mars.
Offentleg ettersyn
På bakgrunn av kommunestyre sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt og med heimel i eigedomsskattelova § 15 vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfrist er 12. april 2026.
Listene vert lagt ut i fire veker, frå 1.3.2026 til 1.4.2026 og er å finna her:
- Fellestenester i rådhuset på Stord
- Elektronisk på Stord kommune si heimeside her:
Eigedomsskattelista.pdf pdf, 24 MB.
Listene inneheld dei skattepliktige eigedommane i Stord kommune og dei som er fritekne for eigedomsskatt.
Ved utskriving av skatt på bustadeigedomar nyttar kommunen skatteetaten sitt formuegrunnlag for dei bustader kor dette er berekna.
Merknader
For å klaga på eigedomsskatten må du først finna ut om du har skattetakst basert på bustadverdi frå Skatteetaten eller kommunal takst. Dette finn du ut på den elektroniske informasjonen kommunen sender ut før 1. mars i år. Dei fleste privatbustader har bustadverdi frå Skatteetaten medan næringseigedomar og fritidseigedomar har kommunal takst.
Klage på kommunal takst
Klagen skal vera skriftleg, grunngjeven og innehalda gnr. /bnr. og sendast til:
Stord kommune, eigedomsskattekontoret
Postboks 304
5402 Stord
eller på e-post: post@stord.kommune.no
Klageskjema er å finna på kommunen si heimeside: Skjema eigedomsskatt - klage Lenke til et annet nettsted.
Klage på bustadverdi frå Skatteetaten
Vil du klage på bustadverdien, må du sende klagen til Skatteetaten. Endre grunnlaget for utrekning av eigedomsskatt. Lenke til et annet nettsted.
Dersom det vert gjort endring hos Skatteetaten får kommunen tilsendt informasjon om dette frå Skatteetaten.
Eigedomar til stiftingar eller institusjonar som tar sikte på å gagne kommunen, fylket eller staten, og bygningar som har historisk verdi, vil kunne søkja om fritak heilt eller delvis etter §§ 7a/7b i eigedomsskattelova. Søknadsskjema er å finna på kommunen si heimeside. Frist for søknad om fritak for i år er 31. mai.
Priser
Eigedomsskatt
Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 600 000 pr. godkjent bueining.
Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 1,8 ‰, og for ubygde tomter og næring på 7 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Eigedomsskatt - klage
- Spørsmål og svar
- Ettergjeving og nedsetjing av eigesomsskatt
- Faktura og betaling
- Fritak for eigedomsskatt
- Klage på eigedomsskatt
- Korleis vert eigedomen taksert?
- Eiendomsskatt - betalingsutsettelse av skyldig eiendomsskatt
- Eiendomsskatt - klage (overtakst) ved ilagt eiendomsskatt
- Eiendomsskatt - krav om omtaksering av eiendom
- Opmodatvearru – ođđasistakserema gáibidit opmodagas
- Opmodatvearru – váidda opmodatvearu bidjamii
- Eigedomsskatt - betalingsutsetjing av skuldig eigedomsskatt
- Eigedomsskatt - klage (overtakst) ved pålagd eigedomsskatt
- Eigedomsskatt - krav om omtaksering av eigedom
- Betala rekning frå kommunen
- Sakkunnig nemnd og ankenemnd eigedomsskatt
- Betaling av kommunale avgifter
- Økonomi, rekneskap og innkjøp
Sist oppdatert
