Økonomi, rekneskap og innkjøp
Eininga økonomi, rekneskap og innkjøp er organisert som ei støtteeining i Stord kommune og held til i rådhuset.
Eininga sitt ansvar er driftsoppgåver knytt til rekneskap finansforvaltning, likviditetsstyring, budsjettoppfølging, økonomirapportering og innkjøp.
Eininga er eit sentralt kompetansemiljø innan økonomiområdet, og har ansvar for å drifta og utvikla kommunen sine økonomisystem i tillegg til å støtta økonomiarbeidet i verksemdene. Eininga bistår rådmannen si leiargruppe i utarbeidinga av årsbudsjettet og har ansvar for rekneskapsavslutning.
Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum er eit innkjøpssamarbeid mellom kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Stord kommune er vertskommune for ordninga. Den enkelte kommune i samarbeidet har i tillegg oppnemnt ein særskilt innkjøpsansvarleg, som er medlem av innkjøpsforumet.
Oppgåver
- økonomisk planlegging og styring
- budsjettering
- bokføring
- fakturering
- skanning leverandørfaktura
- mottak av elektroniske faktura
- innfordring kommunale krav
- remittering
- rapportering
- kontoavstemmingar
- innkjøp
Faktura
Om du ikkje betaler rekninga di vil du få purring og det vert rekna gebyr og renter. Manglande betaling av eit krav vil føra til oppseiing av leiger og tenester. For å unngå oppseiing kan ein inngå ein nedbetalingsavtale.
For ubetalte eigedomsavgifter, festeavgifter og parkeringsbøter har kommunen legalpant i eigedomen eller bilen. Det vil seia at kommunen kan krevja trekk i løn eller trygd for desse krava. Krava kan også krevjast gjennom tvangssal av eigedom eller bil.
Innkjøp
Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum er eit innkjøpssamarbeid mellom kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Stord kommune er vertskommune for ordninga. Den enkelte kommune i samarbeidet har i tillegg oppnemnt ein særskilt innkjøpsansvarleg, som er medlem av innkjøpsforumet.
Lenker
- Oversikt over innkjøpsavtalane Lenke til et annet nettsted.
- Innkjøpsstrategi, reglement og rettleiar Lenke til et annet nettsted.
- Lenke til lovverk for offentlege innkjøp Lenke til et annet nettsted.
Lenkene ovanfor går til Stord kommune sitt kvalitetssystem Compilo, og er kun tilgjengeleg for tilsette.
Målgruppe/brukarar
Alle tenesteeiningar i Stord kommune, inkl. alle lønsmottakarar
- Bømlo kommune
- Fitjar kommune
- Stord Kyrkjelege Fellesråd
- Stord Hamnestell
- Sokneråda i Stord
- Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS
Samarbeidspartar er m.a.
- Kommunal Landspensjonskasse
- Statens Pensjonskasse
- Evry
- Agresso
- NAV
- Fylkeskommunen
- Andre kommunar
- Høgskulen på Vestlandet
- Private barnehagar
Kontakt oss
| Namn | Tittel |
|---|---|
Marianne Heggholmen Aarbø Telefon: 952 50 205 | Økonomisjef |
Anke Hartert Telefon: 53 49 66 13 E-post: rekneskap@stord.kommune.no | Rådgjevar |
Marianne Polden Fjeldstad Telefon: 414 29 242 E- post: rekneskap@stord.kommune.no | Sakshandsamar bank og hovudbok |
Christina Huse Olsen Telefon: 905 57 059 E-post: rekneskap@stord.kommune.no | Avdelingsleiar rekneskap |
Eli Mehammer Telefon: 474 53 010 E-post: rekneskap@stord.kommune.no | Sakshandsamar kunde |
Jorunn M. Løklingholm Telefon: 474 80 336 E-post: rekneskap@stord.kommune.no | Sakshandsamar leverandør |
Lillian Horneland Telefon: 457 24 245 E-post: rekneskap@stord.kommune.no | Sakshandsamar kunde |
Asbjørn Lunde Telefon: 53 49 66 12 E-post: Asbjorn.Lunde@stord.kommune.no | Økonomi og eigedomsskatt |
Marta Nysæter Telefon: 53 49 66 46 E-post: Marta.Nysaeter@stord.kommune.no | Økonomi |
Morten Fadnes Telefon: 995 09 985 E-post: morten.fadnes@stord.kommune.no | Rådgjevar |
Dzemail Cakor Telefon: 920 85 816 E-post: dzemail.cakor@stord.kommune.no | Rådgjevar |
Emma Clare Casey Telefon: 488 67 538 | Innkjøpssjef |
Priser
Eigedomsskatt
Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 600 000 pr. godkjent bueining.
Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 1,8 ‰, og for ubygde tomter og næring på 7 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.
Eigedomsgebyr
Årsgebyr for vassforsyning og avløpshandtering er todelt:
Eit fast årleg gebyr for kommunens vass- og avløpstenester. Inntektene frå gebyret skal fortrinnsvis dekkje tenestenes kapitalkostnader. I 2025 forventast dette å utgjera ca. 50 % for vatn og 50 % for avløp.
Forbruksgebyr blir fastsett anten etter faktisk vassforbruk eller stipulert etter storleiken på bustaden. Stipulert forbruk vert rekna ut ifrå bruksareal multiplisert med ein faktor på 0,9 m3 /m2. For fritidsbustad skal faktoren vera 0,45 m3 /m2. For naust skal faktoren vera 0,45 m³/m², dersom dette må stipulerast. For tappepunkt/vasspost skal det leggjast til grunn 15 m³, dersom dette må stipulerast vert vatn- og avløpsgebyra rekna etter prinsippet vassmengd inn er lik vassmengd ut.
Gebyrsatsar inkl. 15 % mva.
| Årleg abonnementsgebyr (kr/år) | Eining / tal | Vatn 2025 | Vatn 2026 | Avløp 2025 | Avløp 2026 |
|---|---|---|---|---|---|
| Bustadeigedom og fritidsbustad: | per bueining | 4 519,96 | 5 122,10 | 5 191 | 5 302,65 |
| Nærings-, kombinasjons- og landbrukseigedom: | |||||
| Kategori 1 (0-300 m3) | 1 | 4 519,96 | 5 122,10 | 5 191 | 5 302,65 |
| Kategori 2 (301 - 1000m3) | 3 | 13 558,96 | 15 367 | 15 574 | 15 907 |
| Kategori 3 (1001-3000 m3) | 6 | 27 117 | 30 731 | 31 148 | 31 817 |
| Kategori 4 (3001-6000 m3) | 12 | 54 234 | 61 462 | 62 295 | 63 632 |
| Kategori 5 (6001-20 000 m3) | 24 | 108 468 | 122 926 | 124 590 | 127 265 |
| Kategori 6 (20 001-50 000 m3) | 50 | 225 975 | 250 096 | 259 563 | 265 137 |
| Kategori 7 (50 001-150 000 m3) | 100 | 451 950 | 512 195 | 519 125 | 530 274 |
| Kategori 8 (150 001-500 000 m3) | 150 | 677 925 | 768 080 | 778 688 | 795 411 |
| Kategori 9 (500 001-1 000 000 m3) | 300 | 1 355 850 | 1 336 161 | 1 557 375 | 1 590 821 |
| Bygning der fleire eigedomar deler vassmålar | per brukseining |
Målt forbruk i kr/m3 for alle abonnementar kr 29,31 for vatn og kr 36,93 for avløp.
Tømming slamavskiljar
| Type bustad / tank | Tankstorleik | Årsgebyr (inkl. mva) |
|---|---|---|
| Heilårsbustad (tømming annakvart år) | 0 - 4,0 m3 | 1 062,50 |
| 4,1 - 9,5 m3 | 1 250 | |
| 9,6 - 16,5 m3 | 3 075 | |
| Fellestank uavhengig av volum, gebyr per husstand | 812,50 | |
| Slam, årleg tømming | 0 - 4,0 m3 | 2 075 |
| 4,1 - 9,5 m3 | 3 687,50 | |
| Felles tank, årleg tømming, pr husstand | 1 112,50 | |
| Hytte/fritidshus (tømming kvart 4. år) | 525 | |
| Felles tank fritid uavh. av volum pr. eining | 375 |
Minireinseanlegg skal ha tøming kvart år.
Ekstra tømming/tilleggsarbeid vert fakturert direkte frå SIM.
Det er ikkje utarbeidd særskilt gebyrgrunnlag for avfallsavgift og slamtøming, då dette vert utført som leigd teneste av Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM).
Tilknytingsgebyr
Tilknytingsgebyr er eit eingongsgebyr som skal betalast for tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg. Gebyret skal betalast ved tilknyting av:
- Tilknyting av eigedom.
- Tilknyting av eigedom som kommunen krev tilknytt.
- Eigedom med tilknyting som ikkje er godkjent.
- For bustadar skal eingongsgebyret for tilknyting utgjere eit fast beløp per bueining.
- For næringseigedom skal eingongsgebyret for tilknyting utgjere eit fast beløp per brukseining.
- Kombinasjonseigedom skal betala gebyr for kvar del etter reglane over.
Tilknytingsgebyret skal vera betalt før tilknyting.
| Tilknytingsgebyr | Eining/tal | Vatn | Avlaup |
|---|---|---|---|
| Bustadeigedom og fritidsbustader | per bueining | Kr 25 000 | Kr 25 000 |
| Næringseigedom | per brukseining | Kr 25 000 | Kr 25 000 |
Gebyrreduksjon i årsgebyret i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag: årsgebyret reduserast med 0,3 % per påbegynte døgn utover det første døgnet.
Oppmøtegebyr for avlesing av vassmålar: dersom abonnenten unnlét å foreta ei avlesing i tråd med lokal forskrift og kommunen må foreta avlesinga: kr 1.250 per gong per vassmålar.
Gebyr for avstenging og påsetting av vassforsyninga: dersom kommunen føretek avstenging eller påsetting: kr 2.500 per gong per eigedom.
Renovasjon
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er skipa for å ivareta innhentinga og avfallsdeponeringa i distriktet. Alle husstandar skal sortera avfallet i bioavfall, papiravfall og restavfall. Føremålet med kjeldesortering er å ta vare på ressursane i avfallet, og unngå miljøulemper på fyllplassen. Alle bustader skal sortera avfallet i 5 grupper:
- Bio-avfall (brunt lok)
- Papiravfall (blått lok)
- Restavfall (svart lok)
- Glas og metallavfall oransje lok)
- Plastemballasje (eigen sekk)
Standardløysing for bustad:
- Abonnementsgebyr kr 1 338
- Dunk for bioavfall kr 537,50
- Glas- og metalavfall kr 262,50
- Dunk for papir kr 262,50
- Dunk for restavfall kr 900
Totalt for husstand som vel standardløysing er kr 3 300 inkl. mva.
Kontrakt om heimekompostering gjev reduksjon i avgifta på kr 537,50 (inkl. mva). Felles bruk av dunkar kan gje ytterlegare reduksjon.
Det kan søkjast om fritak for dunkavgift ved bruksendring av eigedomen. Eventuelt fritak vert gjort gjeldande frå første terminskifte.
Fritak for grunngebyr kan berre innvilgast ved at eigedom ikkje vert nytta permanent / varig.
Sekkerenovasjon/fritaksdunk etter søknad: Kr. 1 938 (inkl. mva. abonnementsgebyr kjem i tillegg.)
Fritak kjeldesortering: Det kan søkjast om fritak for kjeldesortering ved spesielle tilhøve, t.d. sjukdom/funksjonshemming. Det kan då gjevast løyve til å levera usortert avfall, med innlevering kvar 14. dag.
Ekstrasekk for restavfall kan kjøpast i rådhuset for kr. 100 per stk (inkl. tømingsavgift og mva)
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Betala rekning frå kommunen
- Betaling av kommunale avgifter
- Økonomisjef
- Spørsmål og svar
- Ettergjeving og nedsetjing av eigesomsskatt
- Faktura og betaling
- Klage på eigedomsskatt
- Korleis vert eigedomen taksert?
- Eigedomsskatt - klage
- Eigedomsskatt - betalingsutsetjing av skuldig eigedomsskatt
- Eiendomsskatt - betalingsutsettelse av skyldig eiendomsskatt
- Eigedomsskatt - klage (overtakst) ved pålagd eigedomsskatt
- Eiendomsskatt - klage (overtakst) ved ilagt eiendomsskatt
- Opmodatvearru – váidda opmodatvearu bidjamii
- Eigedomsskatt - krav om omtaksering av eigedom
- Eiendomsskatt - krav om omtaksering av eiendom
- Opmodatvearru – ođđasistakserema gáibidit opmodagas
- Fritak for eigedomsskatt
- Sakkunnig nemnd og ankenemnd eigedomsskatt
Sist oppdatert
