Korleis vert eigedomen taksert?
Eigedomen din har anten skattetakst basert på formuegrunnlag/bustadverdi frå Skatteetaten eller kommunal taksering.
Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 600 000 pr. godkjent bueining.
Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 1,8 ‰, og for ubygde tomter og næring på 7 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.
Skattetakst basert på bustadverdi/formuegrunnlag frå Skatteetaten
Bustadverdi er Skatteetaten sin estimerte verdi på din bustad.
Skatteetaten legg til grunn dei opplysningar om primærareal, byggjeår og bustadtype gjeve av eigar for eigedomen i skattemeldinga. Du kan sjølv sjekka desse opplysningane og korrigera eventuelle feil i skattemeldinga.
Endringsmelding/klage skal sendast til Skatteetaten. Lenke til et annet nettsted.
Ligg det føre feil faktaopplysningar (til dømes feil areal, feil gnr/bnr) på skattemeldinga di må du melda frå til Skatteetaten. Det same gjeld om du meiner det er sett ein verdi på bustaden som overstig marknadsverdi.
Eigedomsskattegrunnlaget vert henta frå skattemeldinga to år tilbake i tid. For å retta feil som har verknad på eigedomsskatten for 2025, må du be Skatteetaten endra feilen på skattemeldinga frå 2023.
Skattetakst basert på kommunal taksering
Eigedomsskattelova Lenke til et annet nettsted. seier at eigedomens takstverdi skal setjast til det beløp som eigedomen kan reknast med å kunne seljast for ved eit fritt sal.
Den kommunale taksten er utarbeida etter rammer og retningslinjer for taksering. Du finn retninglinjene under “dokument” lenger nede på sida.
Taksten er i hovudsak basert på fakta om eigedomen din, kor ulike bygningstypar og areal er gjeve ulike prisar. I tillegg er det gjort ei skjønsmessig vurdering av bygningane sin tilstand, standard, kvalitet og tilhøve kring eigedomen.
For bustadeigedomar er det utarbeidd eignesonefaktorar. Kart som viser sonefaktorane finn du her (pdf) pdf, 198 kB.
Her kan du lesa meir om korleis du les skattesetelen: Informasjon eigedomsskatt kommunal takst (pdf) pdf, 224 kB.
Meir informasjon om taksering i samband med eigedomsskatt
- Arealmåling i samband med eigedomsskatt pdf, 224 kB, åpnes i nytt vindu.
- Eigedomsskattetaksering av bustad og fritidsbygg pdf, 92 kB, åpnes i nytt vindu.
- Eigedomsskattetaksering på gardsbruk pdf, 31 kB, åpnes i nytt vindu.
- Forklaring til faktarapport i takstbreva som er sendt ut pdf, 346 kB, åpnes i nytt vindu.
Priser
Eigedomsskatt
Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 600 000 pr. godkjent bueining.
Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 1,8 ‰, og for ubygde tomter og næring på 7 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Spørsmål og svar
- Ettergjeving og nedsetjing av eigesomsskatt
- Faktura og betaling
- Klage på eigedomsskatt
- Eigedomsskatt - klage
- Eigedomsskatt - krav om omtaksering av eigedom
- Eiendomsskatt - krav om omtaksering av eiendom
- Opmodatvearru – ođđasistakserema gáibidit opmodagas
- Eigedomsskatt - betalingsutsetjing av skuldig eigedomsskatt
- Eiendomsskatt - betalingsutsettelse av skyldig eiendomsskatt
- Eigedomsskatt - klage (overtakst) ved pålagd eigedomsskatt
- Eiendomsskatt - klage (overtakst) ved ilagt eiendomsskatt
- Opmodatvearru – váidda opmodatvearu bidjamii
- Fritak for eigedomsskatt
- Betala rekning frå kommunen
- Betaling av kommunale avgifter
- Sakkunnig nemnd og ankenemnd eigedomsskatt
- Økonomi, rekneskap og innkjøp
Sist oppdatert
