Eigedomsskatt - krav om omtaksering av eigedom
Kort fortalt
Du kan krevje omtaksering av eigedommen, som vil seie at du krev at eigedomsskatten blir taksert på nytt.
Beskrivelse
Å krevje omtaksering av ein eigedom vil seie at du i perioden mellom to alminnelege takseringar (som skjer kvart tiande år) ber om at eigedommen blir taksert på nytt, eller kommunen gjer dette på eige initiativ. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen. Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.
Målgruppe
Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt.
Kriterier
Omtaksering skal skje dersom
- det har skjedd ei deling av eigedommen
- bygningar på eigedommen har brunne
- bygningar er blitt rivne eller liknande
- det er ført opp nye bygningar på eigedommen, eksisterande bygningar er bygd på eller det er gjort andre oppgraderingar av bygningsmassa på eigedommen.
Pris for tjenesten
Når skatteytaren krev omtaksering, skal skattytaren dekkje kostnadene.
Regelverk
Eigedomsskattelova § 3 og § 8A-3Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kravet om omtaksering skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret.
Klagemulighet
Du kan klage (krevje overtakst) på ei omtaksering. Sjå eigen tenesteomtale av overtakst.
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 25.02.2021
Prisar
Eigedomsskatt
Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 600 000 pr. godkjent bueining.
Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 1,8 ‰, og for ubygde tomter og næring på 7 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Spørsmål og svar
- Ettergjeving og nedsetjing av eigesomsskatt
- Faktura og betaling
- Fritak for eigedomsskatt
- Klage på eigedomsskatt
- Korleis vert eigedomen taksert?
- Skattelister eigedomsskatt
- Eigedomsskatt - klage
- Eigedomsskatt - betalingsutsetjing av skuldig eigedomsskatt
- Eiendomsskatt - betalingsutsettelse av skyldig eiendomsskatt
- Eigedomsskatt - klage (overtakst) ved pålagd eigedomsskatt
- Eiendomsskatt - klage (overtakst) ved ilagt eiendomsskatt
- Opmodatvearru – váidda opmodatvearu bidjamii
- Eiendomsskatt - krav om omtaksering av eiendom
- Opmodatvearru – ođđasistakserema gáibidit opmodagas
- Betala rekning frå kommunen
- Betaling av kommunale avgifter
- Sakkunnig nemnd og ankenemnd eigedomsskatt
- Økonomi, rekneskap og innkjøp
Sist oppdatert
