Kunnskapsprøva - alkohollova
Kort fortalt
Alle verksemder som søkjer om skjenkjeløyve må utnemne ein styrar og ein avløysar som må bestå ei kunnskapsprøve om alkohollova.
Beskrivelse
Styrarar og avløysarar for sals- og skjenkjeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova. Dette kravet blir oppfylt ved at du består kunnskapsprøva. Løyvemyndigheita skal halde prøva innan to månader etter at det har teke imot melding om at du ønskjer å avleggje prøva.
For å avleggje kunnskapsprøve kontaktar du det aktuelle løyvemyndigheita:
- For kommunale sals- og skjenkjeløyve: Kommunen der verksemda blir utøvd, eller i heimkommunen
- Statlege skjenkjeløyve for skip: Statsforvaltaren i det fylket verksemda er registrert som løyvehavar
- Statlege skjenkjeløyve for tog og fly: Helsedirektoratet
Kunnskapsprøva i alkohollova er ei fleirvalsprøve med eit tilfeldig uttrekk av spørsmål frå ein database. Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. For å få bestått prøve må 24 av 30 svar vere riktige.
Ta med gyldig legitimasjon når du skal avleggje prøva.
Målgruppe
Styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve
Spørsmål og svar i høve kunnskapsprøva i alkohollova. Lenke til et annet nettsted.
Pris for tjenesten
Før du tar prøva, må du betale inn eit gebyr på kr 400,-. Prøva kan du ta fleire gonger dersom du ikkje består. Du må betale gebyr for kvar oppmelding.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Sjå alkoholforskriften kapittel 5 KunnskapsprøveForskrifter
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 09.03.2021
Prisar
Salsløyve
Minstegebyret og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg og samsvarer til ei kvar tid med gjeldande satsar i alkoholforskrifta § 6-2
Skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope arrangement)
Kr 6 400,- per løyve.
Relatert informasjon
Skjema
- Alkohol - innrapportering omsett alkohol
- Etablerarprøven for serveringsstadar
- Kunnskapsprøven for serverings- og salsstadar
- Prøvetaking av etablererprøven eller kunnskapsprøven i alkohollova - tinging
- Salsløyve - innrapportering alkohol
- Bevilling - melding om endringer
- Kunnskapsprøven/etablererprøven - oppmelding
- Omsetningsoppgave for alkohol - salgsbevilling
- Omsetningsoppgave for alkohol - skjenkebevilling
- Salgsbevilling - søknad om bevilling til salg av alkoholholdig drikk gruppe 1
- Salgsbevilling - søknad om utvidet bevilling for gårdssalg (alkohol gr. 2)
- Serverings- og/eller skjenkebevilling - søknad
- Skjenkebevilling - søknad om bevilling for lukket selskap (ambulerende)
- Skjenkebevilling - søknad om bevilling for åpent arrangement (enkelt, bestemt anledning)
Sist oppdatert
