Skjenkjeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve
Kort fortalt
Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.
Beskrivelse
Nyting av alkohol på offentleg stad er forbode, også sjølv om det ikkje vert teke betaling for alkohol, jf. alkohollova § 8-9 Lenke til et annet nettsted..
Ein må søka om skjenkeløyve for eitt enkelt høve om ein skal ha eit arrangement som er ope for publikum i eit lokale utan skjenkeløyve, eller utandørs på eit avgrensa område.
Om styrar og reservestyrar har bestått kunnskapspørve i alkohollova for skjenkeverksemd, opnar skjenkeløyve for innkjøp engros, jf. alkohollova § 1-4c Lenke til et annet nettsted..
Skjenkeløyve for eitt enkelthøve:
Ein må ha kommunalt skjenkeløyve for eitt enkelthøve dersom ein ønskjer å skjenka ut alkoholhaldig drikke:
- i lokale med serveringsløyve,
- i lokale som til vanleg er tilgjengeleg for ålmenta,
- i forsamlingslokale eller andre felleslokale,
- på anna stad der offentlege møte, festar, utstillingar eller andre tilskipingar finn stad,
- på gate, torg, veg, i park eller på annan offentleg plass,
- på skip, fly, tog, buss eller annan innanriks transportmiddel for ålmenta.
Ambulerande skjenkeløvye:
Dersom ein skal ha eit private samkome kan det i staden søkjast om ambulerande skjenkeløyve. Det er likevel nokre arrangement som ikkje oppfyller lova sine vilkår til lukka lag, til dømes:
- Vanlege medlemsmøte i eit lag eller ei foreining
- Samkome for idrettslag, klubbar, organisasjonar e.l.
- Studentfestar, russearrangement e.l.
- Kundekveldar, mat- og vin-kurs, kunstutstillingar, VIP-arrangement
- Arrangement som har avgrensa tilgang – med t.d. påmelding, men kor det ikkje føreligg ei naudsynt tilknyting til den/dei som inviterer.
Skjenkeløyve for eitt enkelthøve gjeld for dei som ønskjer å skipa til eit ope arrangement med utskjenking av alkoholhaldig drikk, i eit lokale, eller på eit uteområde, utan fast løyve til dette.
Stord kommune har laga ein Arrangementsportal med rettleiing og tips til deg som ønskjer å skipa til ein festival, ein konsert eller anna offentleg arrangement i eit lokale eller på eit uteområde.
Sjå: Arrangementsportalen Lenke til et annet nettsted.
Ambulerande skjenkeløyve, gjeld for t.d. bursdag, bryllaup o.l. der den som skipar til arrangementet eller samkome har ein personleg tilknyting til dei som vert inviterte.
Søknad om løyve:
Søknad om skjenkeløyve skal sendast inn på elektronisk skjema på Stord kommune si heimeside:
Alkohol - søknad om skjenkeløyve ope arrangement (enkelt, bestemt høve) Lenke til et annet nettsted.
Alkohol - søknad om skjenkeløyve for lukka selskap (ambulerande) Lenke til et annet nettsted.
Kriterier
Ved søknad om skjenkeløyve for eit enkelthøve må løyvehavar, før søknaden vert handsama administrativt, ha sendt inn følgjande dokumentasjon:
- Målsett teikning med tydleg markering av sals- eller skjenkearealet
- Godkjent leigekontrakt/skøyte
- Beskriving av internkontroll etter alkoholforskrifta kap. 8 Lenke til et annet nettsted., jf. guide til god internkontroll etter alkohollova Lenke til et annet nettsted.og utfylt internkontrollskjema frå Helsedirektoratet, nedst på rettleiingssida deira.
- For enkelthøve, større arrangement, må løyvehavar ha dokumentasjon på gjennomført ansvarleg vertskapskurs Lenke til et annet nettsted. eller kunnskapsprøve i alkohollova, jf. alkohollova § 1-7c. Lenke til et annet nettsted.
- - Stadfesting av innmelding av arrangementet til Stord brann og redning
- Stadfesting av innmelding av arrangementet til Sør-Vest politidistrikt
For å bidra til å skapa eit trygt og godt uteliv, vert det lagt til grunn for vedtak om skjenkeløyve at løyvehavaren gjer seg kjent med, og ivaretek sine plikter gjeve med heimel i politilova § 11, Lenke til et annet nettsted. og forskrift om politivedtekter for Stord kommune, Vestland Lenke til et annet nettsted.ved gjennomføring av tilbod/arrangement.
For å sikra at løyvehavaren overheld alkoholregelverket og utøver løyve forsvarleg, gjeld følgjande vilkår:
- Meir enn 100 gjester: Ved arrangement med meir enn 100 gjester, skal det vera oppnemnd både ein styrar og ein reservestyrar for skjenkeløyvet
- Store offentlege arrangement: Ved store offentlege arrangement skal både styrar og reservestyrar ha godkjent kunnskapsprøve i alkohollova for skjenkeverksemd. Det kan etter ei særskild og heilskapleg vurdering gjerast unntak dersom styrar og reservestyrar har gjennomført ansvarleg vertskapskurs.
- Forsvarleg utøving: Ved offentlege arrangement med meir enn 100 gjester skal det til ei kvar tid vera ein ansvarleg tilstades med kunnskapsprøven for skjenkeverksemd, eller ansvarleg vertskapskurs.
- Arrangement for barn og unge: Ved kulturarrangement som også er retta mot barn og unge, skal arrangementet utøvast i samsvar med forskrift om politivedtekt i Stord kommune § 7-3, og det skal vera tydelege alkoholfrie soner.
- Lokale med aktivitetar for barn og unge: For å sikra gode og alkoholfrie soner i lokale med aktivitetar for barn og unge, kan det berre bli gjeve løyve til alkoholservering når det ikkje går føre seg aktivitetar retta mot barn og unge i lokalet. Det skal heller ikkje gå føre seg utskjenking av alkohol i skjenkelokalet, ein time før, og ein time etter arrangementet.
- Vakthald: Det kan bli sett vilkår om vakthald. Dette vil gå fram i vedtak om løyve.
Regelverk
Sjå alkoholloven § 1-6 andre avsnittet, § 4-5 og § 8-9
Lover
Sjå alkohollova §1-6 Lenke til et annet nettsted. andre ledd, kapittel 4 Lenke til et annet nettsted., samt § 8-9 Lenke til et annet nettsted.
Forskrifter
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du må sende skriftleg søknad til løyvemyndigheita god tid før arrangementet skal vere. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande må gjere seg kjend med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.
Vedlegg
Legitimasjon
Saksbehandling
Sakshandsaminga av søknader etter alkohollova vil nødvendigvis ta noko tid etter som fleire høyringsinstansar skal uttala seg før endeleg avgjerd kan takast.
Saksbehandlingstid
- Enkelthøve for eit ope arrangement - inntil 8 veker
- Ambulerande skjenkeløyve for ei privat samkome - inntil 2 veker
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Prisar
Salsløyve
Minstegebyret og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg og samsvarer til ei kvar tid med gjeldande satsar i alkoholforskrifta § 6-2
Skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope arrangement)
Kr 6 400,- per løyve.
Relatert informasjon
Skjema
- Alkohol - innrapportering omsett alkohol
- Etablerarprøven for serveringsstadar
- Kunnskapsprøven for serverings- og salsstadar
- Prøvetaking av etablererprøven eller kunnskapsprøven i alkohollova - tinging
- Salsløyve - innrapportering alkohol
- Bevilling - melding om endringer
- Kunnskapsprøven/etablererprøven - oppmelding
- Omsetningsoppgave for alkohol - salgsbevilling
- Omsetningsoppgave for alkohol - skjenkebevilling
- Salgsbevilling - søknad om bevilling til salg av alkoholholdig drikk gruppe 1
- Salgsbevilling - søknad om utvidet bevilling for gårdssalg (alkohol gr. 2)
- Serverings- og/eller skjenkebevilling - søknad
- Skjenkebevilling - søknad om bevilling for lukket selskap (ambulerende)
- Skjenkebevilling - søknad om bevilling for åpent arrangement (enkelt, bestemt anledning)
Sist oppdatert
