Salsløyve for alkohol
Kort fortalt
For å kunne selje alkohol i butikk må du søkje kommunen om salsløyve.
Beskrivelse
Salsløyve er løyve til å selja alkohol frå butikk. Løyvet er knytt til ein særskilt løyvehavar, eit spesifikt salslokale, ein styrar og ein eller fleire reservestyrarar.
Dersom det innanfor den 4-årige løyveperioden skjer endringar i drifta eller personar som er knytt til salsløyvet, skal det straks meldast frå til kommunen. Bruk skjemaet; Bevilling - melding om endringar.
Eit salsløyve gjeld for alkoholgruppe 1; frå 2,5 til 4,7 volumprosent alkohol.
Kriterier
Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. Styrar og reservestyrar for løyvet må i tillegg ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova for salsverksemd, vere over 20 år, arbeide i verksemda, som hovudregel i 100% stilling.
Spørsmål og svar i høve kunnskapsprøva i alkohollova. Lenke til et annet nettsted.
Ved søknad om førstegongs salsløyve må løyvehavar, før søknaden vert handsama politisk, ha sendt inn følgjande dokumentasjon:
- Målsett teikning med tydeleg markering av skjenkearealet
- Godkjent leigekontrakt/skøyte
- Beskriving av verksemda si internkontroll etter alkoholforskrifta kap. 8 Lenke til et annet nettsted., jf. Guide til god internkontroll etter alkohollova Lenke til et annet nettsted. og utfylt internkontrollskjema frå Helsedirektoratet, som ligg nedst på rettleiingssida deiar. tilpassa eiga verksemd og konsept:
- Dokumentasjon på at styrar og reservestyrar er fast tilsette i verksemda
- Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve
Løyvehavar skal til ein kvar tid oppfylle dei krava som er sette i alkohollova, anna alkoholregelverk, og dei vilkår som er set i løyvevedtaket.
Regelverk
Sjå spesielt Alkohollova §§ 1-3, 1-6, 1-7, 1-7a, 1-7b og 1-7c.
Praktiske opplysningar
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.
Vedlegg
- Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
- Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
- Firmaattest frå Brønnøysundregistra
- Eventuell skatteattest
Saksbehandling
Når kommunen har fått søknaden, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyvet blir gjeve etter skjønn.
Saksbehandlingstid
Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Prisar
Salsløyve
Minstegebyret og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg og samsvarer til ei kvar tid med gjeldande satsar i alkoholforskrifta § 6-2
Skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope arrangement)
Kr 6 400,- per løyve.
Relatert informasjon
Skjema
- Alkohol - innrapportering omsett alkohol
- Etablerarprøven for serveringsstadar
- Kunnskapsprøven for serverings- og salsstadar
- Prøvetaking av etablererprøven eller kunnskapsprøven i alkohollova - tinging
- Salsløyve - innrapportering alkohol
- Bevilling - melding om endringer
- Kunnskapsprøven/etablererprøven - oppmelding
- Omsetningsoppgave for alkohol - salgsbevilling
- Omsetningsoppgave for alkohol - skjenkebevilling
- Salgsbevilling - søknad om bevilling til salg av alkoholholdig drikk gruppe 1
- Salgsbevilling - søknad om utvidet bevilling for gårdssalg (alkohol gr. 2)
- Serverings- og/eller skjenkebevilling - søknad
- Skjenkebevilling - søknad om bevilling for lukket selskap (ambulerende)
- Skjenkebevilling - søknad om bevilling for åpent arrangement (enkelt, bestemt anledning)
Sist oppdatert
