Skjenkjeløyve

Kort fortalt

Driv du ein serveringsstad og ønskjer å servere alkohol, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Beskrivelse

Fast skjenkeløyve kan ikkje bli gjeve aleine, det må og ligge føre eit serveringsløyve. Fast skjenkeløyve blir tildelt for inntil fire år om gongen, og det kan i tillegg bli gjeve skjenkeløyve for ein del av året eller utvida for eit enkelthøve.

Skjenkeløyve er eit løyve til å servera alkoholhaldig drikke frå ein serveringsstad. Løyvet er knytt til ein særskild løyvehavar, eit spesifikt serveringslokale, ein styrar og ein reservestyrar. 

Dersom det innanfor den 4-årige løyveperioden skjer endringar i drifta eller personar som er knytt til skjenkeløyvet, skal det straks meldast frå til kommunen. Bruk skjemaet; Bevilling - melding om endringer.

Eit skjenkeløyve kan gjelda for

  • alkoholhaldig drikk gruppe 1, over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk gruppe 2, med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • alkoholhaldig drikk gruppe 3, all alkoholhaldig drikk

Kriterier

Løyvesøkjaren, og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha vist ulasteleg vandel. Styrar og reservestyrar for løyvet må i tillegg ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova, vera over 20 år, og arbeida i verksemda, som hovudregel i 100% stilling. 

Ved søknad om førstegongs skjenkeløyve må løyvehavaren, før søknaden vert handsama politisk, ha sendt inn følgjande dokumentasjon:

  1. Målsett teikning med tydeleg markering av skjenkearealet
  2. Beskriving av staden sitt driftskonsept. Skjenkelokalet må ha eit tydleg konsept som vert spegla i lokalet og interiøret
  3. Godkjent leigekontrakt/skøyte
  4. Beskriving av verksemda sin internkontroll etter alkoholforskrifta kap. 8 Lenke til et annet nettsted., jf. Guide til god internkontroll etter alkohollova Lenke til et annet nettsted. og utfylt internkontrollskjema frå Helsedirektoratet, som ligg nedst på rettleiingssida deiar, tilpassa eiga verksemd og konsept.
  5. Dokumentasjon på at styrar og reservestyrar er fast tilsette i verksemda
  6. Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve

For å bidra til å skapa eit trygt og godt uteliv, vert det lagt til grunn for vedtak om skjenkeløyve at løyvehavaren gjer seg kjent med, og ivaretek sine plikter gjeve med heimel i politilova § 11 Lenke til et annet nettsted., og forskrift om politivedtekter for Stord kommune, Vestland Lenke til et annet nettsted.ved gjennomføring av tilbod/arrangement.

Løyvehavaren skal til ei kvar tid oppfylla dei krava som er sette i alkohollova, anna alkoholregelverk, og dei vilkåra som er sette i løyvevedtaket.

Samarbeidspartnere

  • Vaktselskap/kontrollørar
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
  • Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren held seg til skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)

Regelverk

Sjå spesielt:
Alkohollova §§ 1-3, 1-7, 1-7a, 1-7b og 1-7c.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

Vedlegg

  • Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på bestått etablerarprøve
  • Dokumentasjon på styraren/avløysaren si tilknyting til verksemda
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest

Saksbehandling

Når søknaden er motteken i kommunen, skal det innhentast uttale frå politiet. Kommunen kan også innhenta opplysningar frå skatte- og avgiftsstyresmaktene og frå andre offentlege styresmakter. Du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida for skjenkeløyve kan ta inntil 4 månader, jf. alkohollova § 1-11 Lenke til et annet nettsted.. Sakshandsamingstida gjeld frå den datoen me har motteke all naudsynt dokumentasjon frå søkjar.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga på vedtaket innan en frist på tre veker frå du tok imot det. Grunngi kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.

Om du treng rettleiing kan du ta kontakt med avdeling fellestenester.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025

Prisar

Minstegebyret og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg og samsvarer til ei kvar tid med gjeldande satsar i alkoholforskrifta § 6-2

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?