Eigarseksjonering

§ 4.1 Grunngebyr 

Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis mottakskontroll, innregistrering, journalføring, fordeling av sak og arkivering. 

Grunngebyr per søknad kr 3 689,-

§ 4.2 Mangelfull søknad 

Dersom søknad ikkje følgjer krava i eierseksjonsloven § 11 og kommunen må sende mangelbrev, kjem det eit tilleggsgebyr frå og med det andre mangelbrevet, på kr 2 856,- per brev.

§ 4.3 Oppretting av eigarseksjonar 

Oppretting av eigarseksjonar, nybygg og eksisterande byggGebyr
For ein til fire seksjonar, per søknad.Kr 14 039.-
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjo.nKr 1 785.-

§ 4.4 Reseksjonering 

ReseksjoneringUtrekningseiningGebyr
For ein til fire seksjonarPer søknad Kr 19 750,-
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjonPer seksjon Kr 2 141,-

§ 4.5 Sletting/oppheving av seksjonert sameige 

Det er sakshandsamingsgebyr for å slette seksjonar på ein eigedom på kr 4 759,- per søknad.

§ 4.6 Tilleggsgebyr 

Gebyr kjem i tillegg til sakshandsamingsgebyret. 

TilleggsgebyrUtrekningseiningGebyr
Gebyr for synfaringPer synfaringKr 3 213,-
Gebyr produksjon av ny planteikningPer planteikningKr 2 856,-
Tilleggsgebyr ved seksjonering av anleggseigedomPer sakKr 4 759,-
Pålegg om reseksjonering etter § 22 eierseksjonsloven.Per sakKr 9 756,-

§ 4.7 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag

Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslagGebyr per sak
Sak som vert avvistKr 7 614,-
Sak som blir trekt før vurderingGrunngebyr
Sak som blir trekt etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtakGrunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr
Sak som kommunen avsluttar på grunn av manglande oppfølging frå søkerGrunngebyr + gebyr for mangelbrev
Sak som kommunen avslårFullt gebyr

§ 4.8 Gebyr for anna fakturerbart arbeid 

Gebyrpliktig arbeid etter eierseksjonsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekkjer blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjerda at saka vert fakturert etter medgått tid. 

Gebyr for medgått tid etter eierseksjonsloven er kr 1 427,- per time.